JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Ap går i mot regjeringa si nye lov for tilsette i staten

Arbeidarpartiet stemmer mot regjeringa sitt forslag om ny tjenestemannslov, varslar Eirin Sund (Ap).
STEMMER I MOT: Arbeidarpartiet kjem til å stemme i mot regjeringa sitt forslag til ny lov for dei statstilsette når den skal avgjerast 12. juni.

STEMMER I MOT: Arbeidarpartiet kjem til å stemme i mot regjeringa sitt forslag til ny lov for dei statstilsette når den skal avgjerast 12. juni.

Bjørn A. Grimstad

oystein.windstad@lomedia.no

Konsekvensane for dei 160.000 som jobbar i staten er at det blir færre faste tilsette og lettare å sparke varslarar og kristiske stemmer, meiner Ap-representant Eirin Sund.

– Regjeringa sitt arbeid med denne lova er under ein kvar kritikk, seier Sund, som sit i Kommunal- og forvaltningskomiteen.

Regjeringa sitt forslag til ny lov blei handsama av komiteen tysdag, der Ap i tydelege ordelag gjer det klart at det er uaktuelt å støtte lova:

– Eit lovarbeid må stå seg over tid og det gjer ikkje dette lovforslaget. Vi går i mot lova i sin heilskap. Det har vore tre månader med høyring. Forslaget avviker på fleire punkt frå tilrådningane som blei gjeve frå Tjenestemannslovutvalet, seier Sund.

Ein jussprofessor gjekk ut å kalla regjeringa sitt arbeid med den nye lova for uvanleg.

Les også: Dette er snittløna i over 300 yrker

– Vanskelgare med fast jobb i staten

Ap meiner at konsekvensane av den nye lova blir at det blir fleire vikarar i staten:

– Vi i Arbeidarpartiet er spesielt kritiske til at lovforslaget fremjar regjeringa sin politikk på å svekke arbeidstakarrettane. Regjeringa reduserer stillingsvernet, dei kjem ikkje med tiltak for å redusere midlertidigheit, noko som var i deira mandat, seier Sund.

Ho legg til at dei som vil varsle om eksempelvis korrupsjon eller maktmisbruk vil ligge tynnare an enn i dag:

– Situasjonen vil bli verre for varslarar og kritiske stemmer. Det blir lettare å kvitte seg med varslarar. Makt blir flytta frå Stortinget og til regjeringa, seier den tidligare statssekretæren i Samferdselsdepartementet.

Les også: Desse 27 yrka gjekk ned i løn i fjor

Oppsagte står svakare

NTL har vore kritiske til lova blant anna fordi den forandrar reglane rundt oppsigelse. Med den nye lova vil ikkje folk som blir oppsagt kunne bruke heile grunnlaget for oppsigelsen i ei eventuell arbeidsrettsak.

LO Stat har bedt regjeringa om stoppe lova, fordi dei meiner dei som jobbar i staten vil få dårlegare rettssikkerheit og at heile lova er hastverksarbeid.

Les også: Her er den nye tjenestemannslova

Les også: – 160.000 statstilsette ramma av hastverkslov

Les også: Sender lovforskrift ut på høring, før lova er vedteke

Dette er en sak fra

Vi skriver om de ansatte i staten og virksomheter med statlig tilknytning.

Les mer fra oss

Annonse

Flere saker

Annonse