JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Lone Lunemann Jørgensen er ny forbundssekretær i NTL

Tidlegare leiar av NTL Ung blir forbundssekretær.
FORBUNDSSEKRETÆR: Lone Lunemann Jørgensen er valt til forbundssekretærverv i NTL.

FORBUNDSSEKRETÆR: Lone Lunemann Jørgensen er valt til forbundssekretærverv i NTL.

Ole Palmstrøm

anders@lomedia.no

Torsdag valde NTL sitt forbundsstyre Lone Lunemann Jørgensen (32) til ny forbundssekretær.

Lunemann Jørgensen har tidlegare leia NTL Ung i to år, og gjekk av frå det vervet våren 2020. I mellomtida har ho fullført mastergrada si i retorikk.

Ho gler seg til å komme i gong:

– Å få jobbe for NTL er eit privilegium, og eg kjenner meg veldig heldig som får sjansen til å bidra inn i fellesskapet med min erfaring frå NTL Ung. Eg trur det blir utfordrande og spanande, og ikkje minst kjekt å vere tilbake på forbundskontoret, seier Lunemann Jørgensen.

Ho skal jobbe i studie- og organisasjonsavdelinga i NTL, og erstattar Finn Olav Haga som blei valt til ny sekretær i LO Stat før jul.

Dette er en sak fra

Vi skriver om de ansatte i staten og virksomheter med statlig tilknytning.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse