Ole Palmstrøm
NTL fryktar oljeboring 15 km frå verdas beste fiskefelt
Oljenæringa ønskar å utvinne olje i gyteområda til verdas største torskebestand. Det foreslåtte kompromisset opnar for utredning av oljeboring 15 km frå Røst, som i år var verdas beste fiskeplass for torsk.
oystein.windstad@lomedia.no
Medan torsken er utrydda utanfor Canada og kraftig redusert andre stadar i Europa, deler Norge og Russland det som er verdas største torskebestand. Det er denne skreien som kvart år kjem inn for å gyte i områda rundt Lofoten, Vesterålen og Senja. Det tradisjonsrike Lofotfiske er no verdas beste torskefiske.
LO er delt i spørsmålet om konsekvensutredning:
– Vi meiner leiteverksemd utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja skal avvisast på grunn av fiskeressursane og at dette er eit veldig sårbart område. Det er også vårt forslag til LO-kongressen og det står vi for, fortel Kjersti Barsok, 1. nestleiar i Norsk Tjenestemannslag, som har rundt 50.000 medlemmer.
• Industri Energi: – Ny olje og gass sikrar velferdsstaten
• Her er alle våre saker fra LO-kongressen
I år var fisket rundt øya Røst det aller beste. Komprissforslaget åpnar for å blant anna utrede eit oljefelt som ligg 15 km frå Røst. Verdas største kaldtvannskorallrev ligg også utanfor Røst.
AVVISER LEITEVERKSEMD: Kjersti Barsok (NTL)
Tri Nguyen Dinh
Vil ha ansvarleg grøn overgang
Handel og Kontor, som er det tredje største forbundet i LO, har også krevd varig vern av Lofoten, Vesterålen og Senja.
– Forbundet Industri Energi blant andre meiner det er mulig å utvinne olje og gass i området utan at det går ut over fisken. Kva seier du til det?
– Der er det ulike syn. Oljenæringa seier det, medan veldig mange andre seier noko anna. Slik vi ser det er det miljøvernargument for å la desse områda ligge. Vi meiner utvinningstempo må reduserast og då er det naturleg å starte med dei sårbare områda, noko vi meiner Lofoten, Vesterålen og Senja er, seier Barsok og legg til:
– Vi er opptekne av det store bilde og at LO-kongressen skal vere opptekne av ei grøn omstilling. At den skal vere rettferdig og at ein ikkje skal svekke sikkerheitsnettet for dei som er mest berørt: dette handlar om både næringspolitikk og arbeidslivspolitikk. Det er eit viktig perspektiv, at debatten handlar om dette også. Vi er opptekne av ei grøn omstilling og ein ansvarleg overgang.
• Arbeiderpartiet vedtok oljekompromisset
• Oljearbeidere: – Sørg for oljearbeidsplasser, så skal vi sørge for klingende mynt
Olje blir ei av dei tunge sakene
LO har tilsaman rundt 910.000 medlemmar. I tillegg til Handel og Kontor og NTL, vil også Fagforbundet og El og IT ha varig vern. Desse fire forbunda har delegatar nok til å få igjennom det dei ønskjer, om vi føreset at dei aller fleste av delegatane som er valt inn frå fylka frå desse forbunda stemmer i tråd med forbunda sitt syn.
Barsok i NTL er av dei som meiner at skal ein ha sjans å nå klimaavtalane Norge har forplikta seg til for å unngå auka menneskeskapt global oppvarming, må nye oljeområder bli liggande.
– Kva oppfordring har du til LO-kongressen?
– Ein må både lytte til dei lokale i Lofoten, Vesterålen og Senja, der mange har vore tydeleg ute at dei ikkje ønskar opning. Ein må også lytte til dei som har miljøargumenta rundt dette. Ein må også tenke langsiktig og sjå det heilskaplege bildet. Korleis skal norske samfunnet sjå ut framover, seier Barsok i NTL.
• LO-lederen trygg på kompromisser under kongressen
• LO taper terreng i arbeidslivet
• NTL Ung og Industri Energi i duell: Kvessa argumenta før oljeslaget på LO-kongressen
• Dette er debatten som kan splitte LO
Lekkasjer vil truleg treffe fiskeområder
Meterologisk institutt har på oppdrag frå Bellona gjort analyser av korleis olja vil drive, om det blir lekkasjer i områda rundt Lofoten.
Studiene viser at på grunn av vindretning og havstraumar, vil olja havne både i gyteområde, fiskefelt og i fjøresteinane.
Det har aldri skjedd eit større oljeutslepp på norsk sokkel til no og leiar i Natur og Ungdom, Ingrid Skjoldvær seier at sjansen for eit slik utslepp er små. Men om det skulle skje, vil det få katastrofale følger:
– Modellane viser at eit oljeustlepp utanfor Røst vil kunne marinere heile kysten frå Lofotodden til Finnmark. Sidan oljeverksemda vil føregå så nærme land vil utsleppa truleg nå land. Ein slik lekkasje på feil tidspunkt vil i tillegg til å vere ei katastrofe for kysten og sjøfugl også svekke heile årsklassar av gytande fisk. Særleg hyseegg som har bitt utsatt for oljeforurensning har fått store misdanningar. Det er galskap å skulle sette kortsiktig profitt føre evigvarande ressursar, reint hav og fornybare arbeidsplassar, seier Skjoldvær.
Forskarar seier nei
Både Havforskningsinstituttet og Miljødirektoratet er blant dei som meiner områda i Lofoten, Vesterålen og Senja ikkje bør opnast for olje og gass.
Det meiner også ein samla norsk miljøbevegelse.
Truls Gullowsen er leiar av Greenpeace og deltok i ei markering på Youngstorget der fagforbund som Fellesforbundet og Industri Energi hadde ei markering for oljeverksemd i nord.
Gullowsen var den einaste på heile Youngstorget med ein grøn plakat der det stor «Grøne jobbar no».
– Oljenæringa vil skaffe milliardar i statskassa og nye arbeidsplassar. Kva seier du til at her kan det raskt skapast både inntekt og arbeidsplassar?
– For det først er eg ikkje einig i at oljenæringa vil skape store verdiar med å gå inn i nye områder. Ein ser at i Barentshavet er lønsomheita mykje svakare enn på resten av sokkelen. Å forsette å drive eksisterande felt er greit, men å gå inn å bruke store summar der staten tek mesteparten av den økonomiske risikoen i Lofoten og Barentshavet eksempelvis, det er usikkert regnestykke. Det er ikkje sikkert at nokon av desse prosjektene vil gje inntekter til staten. Goliat vil aldri gå i pluss som enkeltprosjekt for den norske stat, seier Gullowsen.
Ønskar rørledning frå Lofoten til Barentshavet
Olje og gassførekomstane i områda rundt Lofoten er ikkje så store, samanlikna med det som ein trur ligg lenger nord i Barentshavet. Det er sju gongar større olje og gassfunn i Barentshavet enn utanfor Lofoten.
Ein av grunnane til at oljenæringa er interessert Lofoten, Vesterålen og Senja er at om ein startar med olje og gass der, vil ein kunne gradvis bygge ut ei rørledning som kan frakte gass frå dei større felta i Barentshavet.
Rapporten "Nordover - Norsk sokkel i endring" er laga av interesseorganisasjonar innan olje og gass. Der er ei rørledning frå Lofoten til Barentshavet eit av fire alternativ som blir lagt fram.
Fakta om fisk rundt Lofoten:
• Torsken i Barentshavet og Nord-Norge er verdas største torskebestand
• Mesteparten av denne torsken kjem til områda rundt lofoten for å gyte
• Oljeindustrien ønskar å utvinne olje og gass i eller nære gyteområde for torsk, sei, hyse og sild i Lofoten, Vesterålen og Senja
• 70 prosent av all fisk som blir fanga i Norge er innom Lofoten og områda rundt
• Lofotfiske er verdas beste torskefiske
• Ap sitt kompromissforslag opner for å konsekvensutrede eit oljefelt som ligg 15 km unna Røst
• Røst er eit av dei beste og viktigaste fiskefelta
• Undersøkingar gjort av Meterologisk institutt viser at eventuelle oljelekkasjar vil drive inn i dei beste gyte og fiskeområda
• Norge eksporterte torsk for 13 milliardar kroner i 2015
• Det finst rundt 3,5 millionar tonn torsk i Barentshavet
• Den norske årlege torskekvota er på 400.000 tonn
• Den totale verdien av norsk sjømat var på 91 milliardar kroner i 2016
Mest lest
BITTERT: Per Olav Truberg har jobba mange år i matindustrien. Takken var oppsigelse da han havna i operasjonskø med et trøble kne.
Erlend Angelo
Per Olav mistet jobben i operasjonskø: – Det er veldig sårt
BELASTENDE YRKE: Frisør og tillitsvalgt Kaja Aga Gaarder tar smertestillende for å klare arbeidsdagen. Etter en bilulykke har hun daglige smerter. Men hun tok smertestillende på jobb også før ulykken. Her fikser hun håret til Victoria Gjone.
Jan-Erik Østlie
Bruken av smertestillende øker: Kaja starter alltid arbeidsdagen med en Paracet
Unni tar gjerne på seg ekstra vakter. Hun elsker å gjøre en forskjell.
Eirik Dahl Viggen
Unni (65) var lei av livet som pensjonist. Da gjorde hun et uvanlig valg
Roy Ervin Solstad
Han er blant dem som har kommet med fete lønnskrav
OPPGJØR: Årets lønnsoppgjør står for døren og elektrikerne starter sine forhandlinger 22. april. Her er en Bravida-montør i sving med akkordarbeid på Drammen sykehus tidligere i år.
Leif Martin Kirknes
Når får du ny lønn? Disse datoene må du merke deg
Håndverkere oppgir en høyere bruk av narkotika enn gjennomsnittet. Elektrobransjen frykter det kan føre til flere farlige situasjoner og ulykker på arbeidsplassene.
Leif Martin Kirknes
Økt kokainbruk blant unge elektrikere
Martine Lie satser på at et par måneder med permittering går greit.
Erlend Angelo
Potetmangel gir permitteringer i Bama
FLEST KVINNER: I rapporten kommer det fram at det ofte er unge kvinnelige ansatte, både med norsk og utenlandsk opprinnelse, som er skadelidende.
Colourbox.com
Renholdere trues med at de mister jobben om de er syke
HENTER I BARNEHAGEN: Fengselsbetjent Jørgen Myrvold samler overtid for å ha et hjem til barna. Han er helt avhengig av et godt lønnsoppgjør for å fortsette i fengsel.
Eirik Dahl Viggen
Jørgen (29) overlever på overtidstimer
Høyres Henrik Asheim er glad for å ha fått pensjonsforliket gjennom - og håper endringen er på plass allerede neste år.
Jonas Fagereng Jacobsen
Høyre vil ha superrask behandling av nye pensjonsregler
BLITT BEDRE: Etter at de fikk tariffavtale, syns tillitsvalgt Benjamin Jacobsen at samarbeidet med ledelsen har blitt bedre.
Herman Bjørnson Hagen
Sjefen mente de ansatte sluntra unna. Da begynte ballen å rulle
MÅLRETTA: Butikkansatt Ali Rahimi forteller arbeidsminister Tonje Brenna hvor hardt han har jobba for å lære seg norsk og få et normalt liv etter flukten fra Afghanistan.
Brian Cliff Olguin
Ali kom fra Afghanistan som 17-åring. Han lærte seg norsk gjennom butikkjobben
Knut Viggen
Tidligere LO-leder blir korrupsjonsjeger
Etter en tøff runde med sensorer som skjelte henne ut under fagprøven, har Anny-Elise både skaffet seg fagbrev og fast jobb i forpleininga på sokkelen. Her fra hennes nyligste tur ut på Heidrun-plattformen.
Privat
Anny-Elise ble skjelt ut av sensor. Nå har hun fått drømmejobben
Brian Cliff Olguin
Et orakel og en slags urmoder. Slik beskrives Berit (67) av kollegene
Håvard Sæbø
Høyesteretts ankeutvalg: Sak om innleie må behandles på nytt
LANGE STREKK: Etter to års dragkamp, er Bergen fengsel omsider i mål med en avtale om 12-timersvakter i helgene.
Eirik Dahl Viggen
Ansatte i Bergen fengsel får 12-timersvakter i helgene
Per Backer
Fikk stoppet søndagsåpen butikk i Vinje
Næringsminister Jan Christian Vestre er svært fornøyd med den nye handelsavtalen som EFTA-landene har forhandlet fram med India.
Erlend Angelo
Nå skal norsk laks erobre India: – En «game changer»
Kathrine Geard