JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

NTL-tillitsvalgt Henny vil ikkje seie nei til all ny olje og gass

I NTLs landsstyre stemte ni i mot at Norge ikkje skal åpne fleire olje- og gassfelt. Henny Kristin A. Navarsete var blant dei som ikkje kunne stemme for full stopp.
KLIMADEBATT: Henny Kristin A. Navarsete er klar på at Norge må kutte utslepp, men trur ikkje ein politikk om ikkje å opne nye olje- og gassfelt er konstruktivt.

KLIMADEBATT: Henny Kristin A. Navarsete er klar på at Norge må kutte utslepp, men trur ikkje ein politikk om ikkje å opne nye olje- og gassfelt er konstruktivt.

Ole Palmstrøm

anders@lomedia.no

Eit av landsmøteforslaga NTL sitt landsstyre stemte over i juni, var om formuleringa «NTL skal jobbe for at det ikkje blir opna nye olje- og gassfelt på norsk sokkel» skal inn i prinsipp- og handlingsprogrammet eller ikkje.

Dette var samme formulering forbundet prøvde å få inn i LO sin politikk, men som enda med eit kompromiss på kongressen.

Henny Kristin Asperanden Navarsete, nestleiar i NTL Veg og forbundsstyremedlem, krevde at dette forslaget skulle stemmast over separat, sjølv om det hadde fleirtal frå forbundsstyret.

Denne avstemminga enda med at ni av landsstyremedlemmene stemte i mot, mot 22 som ville ha inn formuleringa.

Oversikt: Her er de 10 viktigste vedtakene fra LO-kongressen

Tenkjer på velferd og distrikta

Navarsete var blant dei som stemte i mot, og forklarar det slik:

– Eg opplever ikkje dette forslaget som ei utstrekt hand og ein invitasjon til konstruktiv dialog om korleis vi kan få til den heilt naudsynte omstillinga som må skje, seier ho.

Navarsete poengterer at staten ligg an til å tene 1.200 milliardar kroner frå olje og gass i år.

– Om vi likar det eller ikkje: Det er velferd i inntekter frå olje og gass. Og det ligg potensiale til utvikling og grøn omstilling i eksportinntektene, seier ho.

Navarsete meiner også at den grøne omstillinga må vekse ut i frå kompetansen som finns i olje- og gassnæringa i dag.

– Vetet er likt fordelt, og summen av det vi kan skape saman er større enn summen av det enkeltindivid eller enkeltforbund kan skape, sier ho.

Navarsete tenkjer også på distrikta i samband med dette forslaget.

– Mange av arbeidsplassane i olje- og gassnæringa er viktige distriktsarbeidsplassar både i høve til kompetanse, økonomi og servicefunksjonar. 

Ho understrekar at i distrikta er det ein kontinuerleg kamp for arbeidsplassar og å få lokalsamfunna til å overleve og utvikle seg.

– Eit så kraftfullt utsegn kan difor framstå som om at vi ikkje forstår utfordringane distrikta står ovanfor. Eg trur me lettare finn dei gode løysingane med samhandling og dialog, enn ved å vedta politikk som kan opplevast ytterleggående og trugande for folk sine arbeidsplassar, seier ho. 

Kronikk: «Historisk kursendring i LOs oljepolitikk er bare begynnelsen»

Må komme i gong med omstillinga

På same tid er Navarsete krystallklar på at det må store omveltningar til.

– Utan kutt i klimgassutslepp vil oppvarminga gje endå større konsekvensar enn dei vi allereie ser i dag. Vi er ansvarlege, og vi må ta grep, seier ho.

Navarsete har ei lang liste med tiltak ho er for: At offentleg sektor som innkjøpar og byggherre krevjer klimavennlege løysingar, at statleg eigarskap hjelper fram grøn teknologi og industri, at tillitsvalde krever gode klimaløysingar frå arbeidsgjevarane, at ein vernar om matjord, natur og biologisk mangfald, får ned utslepp og betrar kollektivtilboda.

– Men eg kan altså ikkje støtte eit forslag som vil kutte all framtidig oljeleiting, seier Navarsete.

Fra LO-kongressen: Oljevedtaket betyr ingen endring i vår politikk, sier LO-ledelsen

Står fast på oljebrems

Ein av dei som stemte for formuleringa om å ikkje åpne nye felt, var leiar Bjørn Halvorsen i NTL Sentralforvaltningen.

Han viser til at Norge har forplikta seg til FN sine bærekraftsmål, og at dette er ambisiøse men oppnåelege mål.

– Klima- og miljø påverkar alt liv på kloda, og det kan ikkje bare overlatast til petroleumsforbunda å bestemme korleis vår politikk skal vere på dette området, seier han.

Han meiner NTL sitt primærstandpunkt om å ikkje åpne nye felt var viktig for å få på plass eit bra kompromiss på LO-kongressen.

– Hadde vi kome med eit litt bleikt forslag ville vi nok ikkje fått gjennomslag for at det skal takast klimamessige hensyn og at nokon av ressursane må bli liggande, seier han.

KLART NEI: Leiar Bjørn Halvorsen i NTL Sentralforvaltningen meiner NTL må vere pådrivar for klimakutt i Norge.

KLART NEI: Leiar Bjørn Halvorsen i NTL Sentralforvaltningen meiner NTL må vere pådrivar for klimakutt i Norge.

Ole Palmstrøm

Halvorsen poengterer også at mange av dei unge medlemmene oppgir at det er nettopp klima- og miljøpolitikken som gjorde at dei valde NTL.

For at Norge skal nå måla våre, meiner Halvorsen det trengs eit godt samarbeid mellom partane i arbeidslivet, men óg mellom organisasjonar og dei forskjellige styresmaktene.

Det inneber at Norge må kutte utslepp på minst 55 prosent fram til 2030.

– Norge må òg støtte EUs arbeid med å kutte klimagassutslepp og bli uavhengig av import av russisk olje og gass. NTL Sentralforvaltningen vil jobbe for at det ikkje blir opna for nye olje- og gassfelt på norsk sokkel, fastslår Halvorsen.

Mye delt: Ingri (22) leder grønn gigantsatsing: – Utdanninga får komme senere

– Viktig med brei debatt

Forbundsleiar Kjersti Barsok i NTL seier det er viktig for organisasjonen å ha gode, breie debattar om politikken til forbundet, både i forslagsprosessen og på landsmøtet.

– Det er slik vi driv organisasjonen vidare, seier ho.

Barsok har FNs sine klimarapportar og uttalene frå det internasjonale energibyrået IEA i bakhovudet.

– I lys av dette, opplever eg ikkje forslaget om ikkje å opne nye oljefelt på norsk sokkel så kontroversielt. Men også i vår organisasjon, og som i samfunnet elles, er det ulike syn på kor raskt og korleis det grøne skiftet må skje, seier ho.

Barsok seier NTL ønskjer ein politikk som er enda tydelegare på grøn og rettferdig omstilling, og at det er fellesskapet som skal bære kostnadane – og ikkje enkeltpersonar eller landsdelar.

DEBATT: Forbundsleiar Kjersti Barsok i NTL er glad for ein grundig debatt, men opplever oppslutninga om klimapolitikken i NTL som god.

DEBATT: Forbundsleiar Kjersti Barsok i NTL er glad for ein grundig debatt, men opplever oppslutninga om klimapolitikken i NTL som god.

Ole Palmstrøm

– Eg meiner landsstyret sine innstillingar til landsmøtet tydelig peikar på behovet for at staten går foran og legg til rette for industriutvikling og grøn og rettferdig omstilling over heile landet, og særlig i distrikta, sier Barsok.

Barosk understrekar at om ein skal få til dette, treng ein fleire av Fellesforbundet sine «klimaløysarar» og politisk vilje og ressursar til å prioritere innovasjon, forsking og grøn næringsutvikling.

– Vår kamp for grøn og rettferdig omstilling er ein kamp for norsk industri og norske industriarbeidsplassar, med staten i førarsetet og skaping av arbeidsplassar med skikkelige vilkår, seier Barsok.

Barsok understrekar at NTL driv alliansebygging som er solid forankra i organisasjonen.

– Det er noko eg håpar å halde fram med, og ser fram til å høyre debattane i på landsmøtet om desse spørsmåla og andre viktig saker. Eg opplever at oppslutninga om klimapolitikken i NTL har god og stabil oppslutning, seier forbundsleiaren.

Dette er en sak fra

Vi skriver om de ansatte i staten og virksomheter med statlig tilknytning.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse