JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Svartelista firma slått konkurs

Obraespanor AS, som leigde ut spanske arbeidarar og vart utestengt frå Statsbygg sine byggeplassar, er konkurs.
OPPUSSING: Det var NTL-medlemmer ved Universitetet i Oslo som meldte frå om forholda til dei spanske arbeidarane.

OPPUSSING: Det var NTL-medlemmer ved Universitetet i Oslo som meldte frå om forholda til dei spanske arbeidarane.

Morten Hansen

anders@lomedia.no

Østfold-firmaet Obraespanor leigde ut spanske arbeidarar til norske bedrifter. Gjennom underentreprenørar fikk dei ein jobb på oppussinga av juridisk fakultet på Universitetet i Oslo, der Statsbygg var byggherre.

NTL-medlemmer kom i kontakt med arbeidarane, og etterkvart kom det fram at dei fekk utbetalt lønna i kontantar, ikkje fekk lønnsslippar undervegs og når dei kom heim til Spania fekk dei krav om restskatt frå norske skattestyresmakter.

Statsbygg gjekk firmaet etter i saumane, og likte ikkje det dei fann. Dermed vart firmaet, som også utførte ein jobb på Stortinget, utestengt frå Statsbygg sine byggeplassar.

Eigar, styreleiar og dagleg leiar uttalte då NTL-magasinet skreiv om dette i september at han ikkje forsto kritikken frå Statsbygg, og at han var i dialog med Skatteetaten om å etterbetale skatten han allereie hadde trekt frå arbeidstakarane sine.

No er det nettopp Skatteetaten som har slått Obraespanor AS konkurs.

– Konkursåpninga var 11. desember, og bakgrunnen for det var skuldig meirverdiavgift. Skatteetaten har slått dei konkurs, og har eit krav på 124 067 kroner, fortel bustyrar Geir Engebret Johansen.

Momskravet dreier seg om moms for 2013. Førebels har det ikkje kome inn fleire krav, men Johansen seier det erfaringsmessig kjem til å komme fleire.

Bostyraren opplyser at det ikkje er mykje verdiar i selskapet:

– Det er bortimot ikkje noko av verdi i selskapet. Det er litt handverkty og tre gamle bilar, der den eine antakeleg ikkje har noko verdi for buet. På den andre sida har dei opplyst at dei har nokre uteståande fordringar, som vi kjem tilbake til, seier han.

Då konkursen vart opna var alle arbeidsforhold avslutta, og det var ikkje noko drift i verksemda, fortel advokaten.

Mannen som driv Obraespanor AS har ikkje besvart NTL-magasinet sine førespurnader.

Dette er en sak fra

Vi skriver om de ansatte i staten og virksomheter med statlig tilknytning.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse