JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Fleire i full jobb får sosialhjelp: – Det er uverdig at folk må stå med lua i handa

1 av 20 mottakarar av sosialhjelp i fjor hadde heiltidsjobb.

tormod@lomedia.no

Det viser Statistisk sentralbyrå sine nye sosialhjelpstal for 2017.

Det er 6.420 personar som hadde heiltidsjobb og samtidig fekk sosialhjelp. Det utgjer 4,8 prosent av alle mottakarane og er ein auke på nesten 6 prosent frå året før.

SV meiner dette viser at delen arbeidande fattige i Norge er stor.

LO bekymra for aukande forskjellar: – Vi risikerer ei kraftig svekking av den norske modellen

SV: – Uverdig

– Dette viser jo at veldig mange slit kraftig med å få økonomien til å gå rundt sjølv om dei er i fullt arbeid – dette er arbeidande fattige i Norge. Det er uverdig at folk skal måtte stå med lua i handa, seier SVs arbeids- og sosialpolitisk talsperson, Solfrid Lerbrekk, i ein e-post til FriFagbevegelse.no.

– Norge skal ikkje vere eit land der du er fattig når du er i full jobb. At så mange må ha hjelp frå Nav når dei samtidig jobbar kvar einaste dag, er eit teikn på eit samfunn vi ikkje ønsker, åtvarar stortingsrepresentanten.

SV peikar på at løningane i lågtlønsdelen av privat sektor samtidig har stått nesten heilt stille i mange år . Partiet meiner arbeidsinnvandring gjennom EØS har ført til sosial dumping og må ta sin del av skulda for dette.

– Med meir sosial dumping og tøffare forhold i arbeidslivet, risikerer vi at dette kjem til å bli verre. Når vi har fri flyt med arbeidsinnvandring frå EØS og ei regjering som ikkje er tøff nok mot sosial dumping, kan vi få fleire som står i arbeid, men likevel ikkje klarer å forsørge seg sjølv og familien, seier Lerbrekk.

Også for alle sektorar har det vore lågare lønsvekst for dei lågtløna. Frå 2006 til 2016 hadde dei ti prosentane med lågast løn ein reallønsvekst på berre 3 prosent , samtidig som dei ti prosentane med høgast løn hadde åtte gongar så stor lønsvekst i same periode. Forskjellane i fordelinga av løna auka med 13 prosent i denne perioden.

Lågtløna har berre hatt 3 prosent reallønsauke dei siste ti åra

Nedgang siste ti år

Statssekretær Christl Kvam (H) i arbeids- og sosialdepartementet avviser at regjeringa tek lett på sosial dumping og meiner dei har lagt inn ein massiv innsats mot arbeidslivskriminalitet, blant anna ved å etablere sju senter mot a-krim.

– Ja, vi meiner EØS-avtalen er bra for norsk næringsliv, og heller enn å stenge grensene, vil vi jobbe knallhardt for at folk som jobbar her og driv forretning her følger norske lover og reglar. Vi må ha tøffe sanksjonar mot dei som bryt reglane, og vi vil heile tida vudere om etatane har dei reidskapane som trengst, seier Kvam i ein e-post til FriFagbevegelse.no.

Kvam vil heller ikkje trekke slutninga at låge løningar er grunnen til at personar i full jobb mottar sosialhjelp.

– Det viktigaste verkemiddelet for å motverke fattigdom, er å sørge for at flest mogleg er i arbeid. Økonomisk stønad er samfunnets sikkerheitsnett for dei som ikkje kan sørge for eiget livsopphald gjennom arbeid eller på annan måte. Det gjeld også personar som er i arbeid som får eit midlertidig stønadsbehov på grunn av uventa utgifter eller andre forhold, seier statssekretæren.

Kvam peikar dessutan på det har blitt færre som har full jobb og mottar sosialhjelp dei siste ti åra og at talet var høgare då SV sat med regjeringsmakt.

Les flere saker om fagbevegelsen, arbeidsliv og politikk på vår forside

Fakta om mottakarar av sosialhjelp som er i jobb

4,8 prosent, av mottakarane av sosialhjelp i fjor hadde heiltidsjobb. Det utgjer ein auke på nesten 6 prosent frå året før.

Spesielt einslege menn, og særleg dei som er mellom 25 og 44 år gammal, er det mange av i denne gruppa. Det same er det av dei som har barn under 18 år.

Tar ein med delen deltid er talet 1 av 10, eller meir nøyaktig 12,5 prosent, av mottakarane av sosialhjelp som var i jobb i fjor.

10.161 hadde deltidsjobb og fekk sosialhjelp i fjor, som utgjer ein auke på over 3 prosent frå året før.

Blant dei som har deltidsjobb er det mange einslege menn mellom 25 og 44 år og mange einslege kvinner.

Kjelde: SSB

Annonse
Annonse

Fakta om mottakarar av sosialhjelp som er i jobb

4,8 prosent, av mottakarane av sosialhjelp i fjor hadde heiltidsjobb. Det utgjer ein auke på nesten 6 prosent frå året før.

Spesielt einslege menn, og særleg dei som er mellom 25 og 44 år gammal, er det mange av i denne gruppa. Det same er det av dei som har barn under 18 år.

Tar ein med delen deltid er talet 1 av 10, eller meir nøyaktig 12,5 prosent, av mottakarane av sosialhjelp som var i jobb i fjor.

10.161 hadde deltidsjobb og fekk sosialhjelp i fjor, som utgjer ein auke på over 3 prosent frå året før.

Blant dei som har deltidsjobb er det mange einslege menn mellom 25 og 44 år og mange einslege kvinner.

Kjelde: SSB