JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Innleigde vart underbetalt: Dansk fagforbund krev 64 millionar frå vikargiganten Adecco

1.350 Adecco-vikarar kan få til saman 64 millionar kroner i erstatning, dersom det danske fagforbundet 3F får gjennomslag.

Thomas Lekfeldt / Ritzau Scanpix / NTB Scanpix

tormod@lomedia.no

Det er ein kjennelse i den danske voldsgiftretten som banar veg for kravet, skriv Fagbladet3F . Der vart tre underbetalte polske vikarar tilkjent omtrent 555.000 norske kroner i erstatning frå bemanningsbyrået Adecco.

p

Systematiske brot

Fagforbundet 3F skulda Adecco for systematiske brot på reglane for arbeids- og kviletid samt overtidsbetaling.

Ein av vikarane jobba 34 dagar i strekk og jobba arbeidsveker på 91 timer tre veker på rad, viste timelister. Ein annan vart så utkøyrd at han mista eit stort betongelement frå krana si.

Vikarane jobba i perioden 2013 til 2016 på den gigantiske metroutbygginga i København, der det har vore ei rekke erstatningssaker mellom utanlandske underleverandørar og underbetalte tilsette dei siste åra.

– Eg er nøgd med at det har falt ein klar kjennelse på at det er dyrt å misbruke tariffavtala, seier fagleg sekretær Silas Grage i 3Fs lokalavdeling til Fagbladet3F.

Millionkrav

3Fs lokalavdeling i København varslar no eit erstatningskrav på heile 64 millionar norske kroner. Dette er på vegner av alle 1.350 Adecco-vikarar som har arbeidd på byggeprosjektet i same periode som dei tre polske kranførarane.

3F opplyser at kravet kan bli enda større dersom dei klarer å bevise fleire brot på tariffavtala. Dette kan dermed bli Danmarks største rettssak om underbetaling. Saka skal behandlast i retten i november og desember.

– Kjennelsen omfattar tre kranførarar med eit arbeidsmønster som på ingen måte er representativt for dei øvrige vikarane frå Adecco som har jobba på metroutbygginga, uttaler Mickey Maymann, direktør i Adecco Danmark, som også påpeikar at det opprinnelege kravet var nærmare 1,7 millionar kroner.

Ikkje overraska

Personar som har jobba mykje med problematikken rundt innleige av bygningsarbeidarar i Norge, er ikkje overraska over det som kjem fram i København. Metroutbygginga er kjend over landegrensene for å ha låge lønningar, lange arbeidsdagar, mange arbeidsulukkar og nesten berre utanlandske arbeidstakarar.

– Vi er rimeleg trygge på at liknande ting skjer også i Norge, men vi veit ikkje kor stort omfanget er. Vi går ut frå at den største delen skjer i den uorganiserte delen av arbeidslivet. Inntrykket vårt er at dei store og organiserte bedriftene har ting mest på stell, men vi har registrert ulike kreative ordningar for å unngå likebehandling, seier Steinar Krogstad, nestleiar i Fellesforbundet, til FriFagbevegelse.

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse