JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Bemanningsbransjen:

Arbeidarpartiet stemte ned forslag om innleige-forbod

Arbeidarpartiet er ueinig med dei andre raudgrøne partia om forbod mot bemanningsbransjen. Eit vedtak frå Fellesforbundet sitt landsmøte får skulda.
Arild Grande og Jonas Gahr Støre.

Arild Grande og Jonas Gahr Støre.

Cornelius Poppe / NTB scanpix

tormod@lomedia.no

Torsdag stemte regjeringspartia og Frp som venta ned ei rekke forslag om innstrammingar i reglane for innleige frå bemanningsbyrå. Men også på raudgrøn side var det usemje om korleis ein skal sikre heile, faste stillingar i norsk arbeidsliv.

Raudt, SV og Senterpartiet fremma nemleg eit forslag om eit landsdekkande forbod mot kommersiell utleige av arbeidskraft. Berre innleige frå andre produksjonsbedrifter bør vere lov, meiner partia.

– I årevis har fagrørsla åtvara mot at bemanningsbyråa svekker det organiserte arbeidslivet. Dei fortrenger faste tilsettingar, fortrenger fagopplæring og svekker bedriftene si vilje og evne til å satse på produktivitet og innovasjon, sa Bjørnar Moxnes.

p

Stemte mot

Raudt-leiaren viste til rapportar frå byggebransjen i Oslo og Bergen som viser massive brot på innleigereglane, og ein aukande del innleige i verftsbedriftene.

– Å berre avgrense innleige vil føre til at byråa finn nye måtar å omgå lova, sånn dei har gjort det siste året. I tillegg veit vi at verken Arbeidstilsynet eller tillitsvalde har sjans til å kontrollere at kvar enkelt arbeidstakar ikkje er leigd inn på feil vilkår, sa Moxnes.

Arbeidarpartiet stemte mot forslaget. Grunnen er eit vedtak frå Fellesforbundet sitt landsmøtet i oktober, forklarte Ap-politikar Arild Grande. Han hevda landsmøtet avviste eit forbod mot bemanningsbransjen, og la til:

– Det vil svekke fagforeiningane og dei tillitsvalde sin innverknad på arbeidslivet. Vi tar derfor omsyn til det eit samrøystes landsmøte, dei som representerer arbeidsfolka som er mest råka av innleige, har bedd oss om, sa Grande som hevda eit reint forbod ikkje ville fått fleirtal på landsmøtet.

Heilt uforståeleg

Det får fagforeiningsleiar og forbundsstyremedlem Joachim Espe i Fellesforbundet, til å reagere. Han sat i landsmøtekomiteen som laga vedtaket som forbundet til slutt samla seg om.

– Arild Grande mistolkar landsmøtevedtaket. At eit forslag om å forby bemanningsbransjen er i strid med landsmøtevedtaket vårt, er heilt uforståeleg. Tvert imot vil det oppfylle vedtaket vårt, seier Espe til Magasinet for fagorganiserte.

I vedtaket heiter det at Fellesforbundet vil «jobbe for at bemanningsbransjen i sin nåværende form avvikles, og at arbeidsformidling blir en sterkere offentlig oppgave». I tillegg ønsker dei eit forbod «i bransjer og områder der vi mener det er nødvendig».

– Eg oppfatta av debatten i salen at det var eit klart fleirtal for forbod. Så landa vi eit kompromiss i komiteen, forklarer Espe.

Han stiller seg også uforståande til at eit forbod mot bemanningsbransjen vil svekke dei tillitsvalde sin makt på arbeidsplassen.

– Faste tilsettingar gir fagforeiningane moglegheit til å bygge opp makt, mens bemanningsbransjen fjernar makt, seier han.

p

For omfattande

Nestleiar Steinar Krogstad i Fellesforbundet var også ein del av landsmøtekomiteen som laga vedtaket. Han meiner det var riktig av Arbeidarpartiet å stemme ned eit landsdekkande forbod mot bemanningsbransjen.

– For det første er forslaget for omfattande, sidan det også medfører forbod mot innleige av vikarar. For det andre står landsmøtevedtaket om å avvikle bemanningsbransjen, i samanheng med å sikre tilgang på arbeidskraft. Vi ønsker å avvikle bemanningsbransjen, men ikkje utan ei styrking av den offentlege arbeidsformidlinga, seier Krogstad til Magasinet.

Han er derimot ikkje heilt einig med Grande sitt argument om at eit forbod mot bemanningsbransjen vil svekke tillitsvalde sin makt. Dersom konsekvensen blir fleire fast tilsette, vil det styrke dei tillitsvalde.

– Men makta blir svekka dersom konsekvensen er at bedriftene i staden for innleige, bruker fiktive underentreprisar der tilsette går på minstelønn, poengterer Fellesforbundet-nestleiaren.

Ap-forslag

I dag er innleige som ikkje er til arbeid av førebels karakter eller vikariat for fast tilsette, ulovleg dersom innleigebedrifta ikkje har inngått tariffavtale med eit stort fagforbund og tillitsvalde ikkje har godkjent innleiga.

Arbeidarpartiet, saman med Senterpartiet og SV, fremma torsdag eit forslag om å forby også innleige som ikkje er til reine vikariat. I tillegg foreslo dei blant anna eit innleige-forbod i byggebransjen i Oslofjord-området.

– Då får ein testa om eit forbod bidrar til omgåing av regelverket eller vil rydde opp. I Oslo er behovet størst og vi kan hauste erfaringar, seier Krogstad.

p

Sist Stortinget stramma inn reglane for innleige, var det KrF som sikra fleirtal. No har dei gått inn i regjering, og kunne saman med Frp sikre at alle forslag om innstrammingar vart stemt ned.

Annonse
Annonse