JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Bagasjearbeidarar på Kastrup streika mot vikar som ikkje vil bli med i fagforeininga

For tredje gong la dei tilsette i SAS Ground Handling onsdag ned arbeidet på København Lufthamn.

København lufthavn

tormod@lomedia.no

SAS Ground Handling handterer halvparten av bagasjen på flyplassen. Omtrent 150 tilsette la ned arbeidet onsdag. Grunnen skal vere at ein vikar organisert i ei anna fagforening møtte på jobb.

Etter at SAS sendte vikaren heim og Arbeidsretten onsdag bestemte at streiken er i strid med overenskomsten mellom dei tilsette og arbeidsgivaren, tok dei tilsette opp arbeidet.

Bagasjearbeidarane streika også to gongar, torsdag og fredag, førre veke. Då måtte 74 flygingar kansellerast, noko som ramma over 6000 passasjerar.

p

Ville ikkje melde seg inn

Dei tilsette er organisert i det danske fagforbundet 3F. Klubben på flyplassen seier årsaka til streiken er at vikaren har filma kollegaer i skjul fleire gongar, men tar samtidig avstand frå streiken.

SAS meiner derimot årsaka er at vikaren ikkje vil melde seg inn i fagforeininga. Vikaren er medlem i ei fagforeining for ingeniørar sidan personen er utdanna som det.

Ifølge SAS, har det blitt stilt krav om at den tilsette blir fjerna. Dei viser derimot til organisasjonsfridommen, og dei vil ikkje etterkomme kravet.

– Det er ein uhaldbar situasjon. Vi kan ikkje akseptere truslar i selskapet vårt. Ein kvar SAS-medarbeidar har rett til fritt å velje fagforeining, seier kommunikasjonsdirektør Karin Nymann til Berlingske.

Hemmeleg lydopptak

Avisa omtaler onsdag eit lydopptak frå juli som vikaren har teke opp. Der seier eit 3F-medlem:

– Har du aldri høyrt om jungellova? Den lever her ute. Det vil seie at det kun er ei fagforeining som vi er medlem av. Vi er alle medlem i den same fagforeininga.

I opptaket blir vikaren trua med at kollegaene er villeg til å streike.

p

Ifølge Berlingske vart diskusjonen ei sak for SAS-leiinga der ein av 3F-medlemmene nesten fekk sparken, men til slutt fekk ei åtvaring. 3F-medlemmet måtte i tillegg gi slepp på vervet sitt som nestleiar i klubben. Personen skal vere godt likt blant kollegaene.

Både klubbleiaren og forbundsleiaren i fagforbundet kritiserer hendinga i sommar.

Annonse
Annonse