JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Bekymra for privatiseringa i Forsvaret

Forsvarsministeren signaliserer meir privatisering i Forsvaret. NTL Forsvaret ser det som eit angrep på sine medlemmer.
BEKYMRA: Leiar Tom-Rune Klemetsen i NTL Forsvaret likar ikkje forsvarsministerens signal om å bruke meir private i Forsvaret.

BEKYMRA: Leiar Tom-Rune Klemetsen i NTL Forsvaret likar ikkje forsvarsministerens signal om å bruke meir private i Forsvaret.

Anders Hauge-Eltvik

anders@lomedia.no

I ein tale i januar, uttala forsvarsminister Ine Eriksen Søreide (H) at Forsvaret leverer av «meget høy kvalitet».

Litt seinare sa ho at ho trudde det var effektiviseringsvinstar å hente, og at regjeringa vil sjå på meir offentleg-privat samarbeid og bortsetting av tenester i Forsvaret.

Det får leiar Tom-Rune Klemetsen i NTL Forsvaret til å reagere.

– Urovekkande

– Forsvarsministeren er veldig tydeleg på kva ho vil. Det er urovekkande at ho fyrst seier kompetansen og personellet i Forsvaret er så bra, men likevel seier at offentleg-privat samarbeid og bortsetting av tenester skal brukast, seier Klemetsen.

Han lurer på kva slags områder dagens forsvarstilsette leverer dårlegare på enn det private tilbydarar kan.

– Eg lurer på kor forbedringspotensialet er, når ho meiner Forsvaret leverer så bra. Er det slik at det heile tida er det billigaste som er det beste, spør Klemetsen.

Klemetsen opplever planen om meir privat innslag i Forsvaret som ein trugsel mot eigne medlemmer.

– Det er NTL sine medlemmer som trugast her, meiner eg. Skal vi bli gode i den spisse enden av Forsvaret, er vi avhengige av gode og lojale folk i støttefunksjonane. Og det er ein samanheng mellom trygge, faste tilsette og gode leveransar, fastslår Klemetsen.

Ikkje betre

Klemtseen trur ikkje noko på at private skal levere betre tenester til lavare pris enn det Forsvaret for med eigne tilsette.

– Korleis heng det i hop når det allereie blir levert «meget høy kvalitet» i dag? Det vert sikra best med det vi har i dag: eigne medarbeidarar med god kompetanse, seier han.

Klemetsen er ikkje overraska over signala frå statsråden. Tidspunktet var meir uventa.

– Vi var budde på dette. Men at ho allereie ønskjer godt nyttår med desse signala, og seier a vi skal vurdere å sette vekk jobbane til dei tilsette til aktørar som er betre, er overraskande, seier han.

Klemetsen kan ikkje forstå at støttefunksjonane er dei som dreg opp lønnsnivået i Forsvaret. Dermed trur han ikkje på at det er så mykje å spare på å bruke private selskap i staden for eigne tilsette.

– Om det er kompetansen på dei tilsette ho er misnøgd med, er det vel arbeidsgjevar sitt ansvar dersom dei ikkje har sørgja for at dei som jobbar der i dag har den nødvendige kompetansen, seier Klemetsen.

Vurderer

NTL-magasinet ba om kommentar frå forsvarsministeren, på følgjande spørsmål:

• Kor er det effektiviseringsgevinstar å hente?

• Er det delar av Forsvaret som ikkje leverer «meget høy kvalitet»?

• Når forsvaret leverer «meget høy kvalitet», kva er det då private kan gjere betre og billegare?

Svaret frå Eriksen Søreide er:

«Som kjent har denne regjeringen et annet utgangspunkt for offentlig-privat samarbeid enn forrige regjering. Dette gjelder også for Forsvaret og vi ser på mulighetene for å konkretisere dette.»

Dette sa forsvarsministeren i talen til Oslo Militære Samfund:

– Vi har et forsvar med moderne plattformer. Vi har en svært kompetent organisasjon med dyktige ansatte. Forsvaret leverer meget høy kvalitet. Det ser vi i daglige operasjoner her hjemme, på land, i lufta og i norske farvann.

– Jeg tror det er effektiviseringsgevinster å hente innenfor flere områder. Utvidet bruk av offentlig-privat samarbeid er en vei vi ønsker å se nøye på. En annen er å vurdere bortsetting av tjenester og funksjoner der leverandører i samfunnet gjør dette bedre og billigere. Vi må samtidig sørge for at Forsvarets særegne behov sikres.

Annonse

Flere saker