JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Forskjells-Norge:

Dei rikaste nordmennene lever opptil 14 år lenger enn dei fattigaste, viser studie

Ei studie frå Folkehelseinstituttet viser at rike i snitt lever mykje lenger enn fattige.

Martin Guttormsen Slørdal

tormod@lomedia.no

Dei éin prosent rikaste lever 14 år lenger enn dei éin prosent fattigaste, når ein ser på gjennomsnittleg forventa levealder for 40 år gamle norske menn. Medan dei rikaste lever til dei er 84 år, vil forventa levealder blant dei fattigaste vere 70 år.

Blant kvinnene, vil dei rikaste leve over 8 år lenger enn dei fattigaste. Medan dei ein prosent rikaste kvinnelege 40-åringane lever til dei er 86 år, er forventa levealder blant dei fattigaste 78 år.

Desse forskjellane er like store som i USA. Blant andre inntektsgrupper har derimot nordmenn høgare levealder enn amerikanarane.

p

Folkehelseinstituttet har undersøkt forskjellar i forventa levealder og dødsårsaker etter personane si inntekt frå 2005 til 2015.

‒ Den store og raskt aukande forskjellen i levealder mellom dei rikaste og fattigaste vekkjer oppsikt i fleire fagmiljø, spesielt med tanke på at inntektsforskjellane i Norge er relativt små, seier seniorforskar og førsteforfattar på studien, Jonas Minet Kinge, på Folehelseinstituttets nettsider.

Blant dei 25 prosentane med høgast og lågast inntekt, er forskjellane i forventa levealder 8 år for menn og 6 år for kvinner.

Forskarane trekker fram hjarte- og karsjukdommar, lungesjukdom og kreftsjukdommar som årsaker til tidlegare død for dei med låg inntekt. Her heng ikkje dei fattigaste på utviklinga i resten av befolkninga. Fleire døyr i tillegg av rus og sjølvmord blant dei med låg inntekt under 60 år.

Studien viser at gapet i levealder har auka i tiårsperioden. Dei med lågast inntekt har fått lågare forventa levealder, men det er høgare levealder for dei rikaste som slår sterkast ut. Dei 25 prosent rikaste fekk tre år høgare forventa levealder i løpet av perioden.

Studien har teke for seg over tre millionar personar over 40 år og nærmare 450.000 dødsfall i Norge mellom 2005 og 2015. Formue er ikkje teke med i berekninga.

Annonse
Annonse