JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Den tyske AUF-leiaren vil legge BMW under kollektivt eigarskap

Reaksjonane er sterke etter at dei tyske sosialdemokratane sin ungdomsleiar tok til orde for å kolektivisere bilprodusenten BMW.
Jusos-leiar Kevin Kühnert vil kaste kapitalistane ut av tysk industri og la fellesskapet ta over eigarskapet.

Jusos-leiar Kevin Kühnert vil kaste kapitalistane ut av tysk industri og la fellesskapet ta over eigarskapet.

Marius Becker / DPA / NTB Scanpix

tormod@lomedia.no

– Spørsmålet er kvifor BMW skal eigast av eit fåtal personar som har einerett til profitten, seier Kevin Kühnert i eit intervju om sosialisme med den tyske avisa Die Zeit 1. mai, berre veker før EU-valet.

– Distribusjonen av profitt må vere demokratisk kontrollert. Det ekskluderer kapitalistar som eigarar. Det er utenkeleg å overkome kapitalismen utan kollektivisering, seier han og legg til at det er mindre viktig om bedriften er statleg eller kooperativt eigd.

Kühnert er leiar for dei tyske ungsosialistane (Jusos), søsterorganisasjonen til norske AUF og ungdomspartiet til Tysklands sosialdemokratiske parti (SPD), søsterpartiet til norske Arbeidarpartiet. Han leiar 70.000 medlemmer og blir i tillegg sett på som ein leiar på sosialdemokratanes venstrefløy.

p

Kritikken haglar

Kravet om å overføre eigarskapet til industribedrifter og andre store arbeidsplassar til fellesskapet, på lenger eller kortare sikt, er ikkje nytt. Her heime hadde Arbeidarpartiet kravet nedfelt i prinsipprogramma sine til og med prinsipprogrammet frå 1921.

– Dei aller fleste menneska i vår verd arbeidar ikkje for å tilfredsstille eigne behov, men andre sitt behov for profitt. Målet er meir demokratisk kontroll over korleis vi jobbar og kva vi produserer, forklarer den 30 år gamle tyskaren.

I nyare tid har dei europeiske sosialdemokratiske partia forlate dette målet til fordel for ønsket om mest mogleg privat eigarskap i dei marknadsretta delane av arbeidslivet. Forslaget fra Kühnert fell heller ikkje i god jord blant dei tilsette hos dei store bilprodusentane.

– For arbeidarar i tyske selskap, er ikkje SPD lenger valbar, seier leiaren for BMW sitt tilsettevalde bedriftsråd til WirtschaftsWoche.

Han meiner lønns- og arbeidsvilkåra i selskapet er blant dei beste i Tyskland og at eigaren set langsiktig stabilitet framfor kortsiktig profitt. Han har lite tru på at kollektivisering vil gjere forholda betre for dei tilsette.

Fagforbund er positive

Fleire partifellar tek offentleg avstand frå Kühnert sitt utspel, som nokre meiner minnar om den feilslådde politikken i Austtyskland før gjenforeininga.

Kühnert sjølv meiner reaksjonane viser kor lite rommet for det tenkelege har blitt etter fleire tiår med nyliberal politikk.

Andre tar ungdomspartileiaren i forsvar. Hos IG Metall fell utspelet for eksempel i smak, der overføring av nøkkelindustri og marknadsretta bedrifter til felles eigarskap er eit vedtektsfesta mål.

– At Juso-leiaren peikar på aukande forskjeller og sosial ubalanse i kapitalismen er ein del av jobben hans, seier IG Metall sin distriktsleiar i bilindustri-distriktet Baden-Württemberg til Handelsblatt.

Fagforbundet er Tysklands største og organiserer over 2,2 millionar industriarbeidarar.

Sosialistiske reformar

I intervjuet med avisa Die Zeit forklarer Kühnert at han er sosialist fordi han er mot det økonomiske systemet i samfunnet og vil ha ei verd der kollektive behov blir sette framfor profitt.

– Dessverre diskuterer vi ikkje lenger systemet i samfunnet vårt. Spørsmålet om kapitalismen er menneskevennleg blir ikkje diskutert, men korleis vi skal få endane til å møtest. Tidsånda er ikkje nestekjærleg, seier han.

Kühnert foreslår fleire reformar på kortare og lengre sikt. Blant dei er å få slutt på privat utleige. Han meiner det «ikkje er ein legitim forretningsmodell å leve av andre sitt behov for bustad». I staden bør folk eige bustaden sin sjølv, anten individuelt eller gjennom kooporativ, meiner han.

p

Halvert oppslutning

Dei tyske sosialdemokratane har halvert oppslutninga si dei siste tjue åra, frå eit resultat på 40 prosent av stemmane på slutten av 90-talet til 20 prosent ved førre val. Enkelte meiner ei venstredreiing i partiet kan vere løysinga på å nå gamle høgdar.

Både i 2005 og 2009 valde sosialdemokratane å danne koallisjonsregjering med høgrepartia CDU/CSU, søsterpartia til Høgre og KrF, sjølv om partiet kunne danna regjering med Dei grøne, søsterpartiet til MDG, og Venstrepartiet. Venstrepartiet kan samanliknast med SV og Raudt her heime.

Etter langvarige forhandlingar valde sosialdemokratane samarbeid med Angela Merkel også etter 2017-valet, til sterke protestar frå ungdomspartiet.

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse