JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Denne jobbannonsen fekk svenske Nav til å bannlyse Stordalens hotellkjede

Svenske Arbetsförmidlingen avpubliserte ein jobbanonse frå Nordic Choice Hotels og stoppa tilgangen til stillingsportalen deira.
Desse formuleringane i jobbannonsen til Petter Stordalen si hotellkjede, likte ikkje Arbetsförmidlingen.

Desse formuleringane i jobbannonsen til Petter Stordalen si hotellkjede, likte ikkje Arbetsförmidlingen.

Håvard Sæbø

tormod@lomedia.no

Det skriv Arbeidsmarknadsnytt, svenske NHOs nettavis.

– Vi tilset ikkje handikappa, innvandrarar, personar med rulleblad, homofile eller lesbiske, nordmenn eller fråskilte. Vi tilset individ, stod det i annonsen til Petter Stordalen si hotellkjede.

Tillitsvalgte protesterte mot ulovlig innleie på Stordalen-prosjekt

Arbetsförmidlingen hadde fått inn klagar og meinte teksten kunne oppfattast diskriminerende. Dermed vart den fjerna frå stillingsportalen.

– Har dei ikkje lese den? Dette er jo akkurat det den ikkje er. For oss er det viktig å ta stilling og vise kva vi står for, seier HR-sjef Ann Mårder.

Nordic Choice Hotels vart også utestengd frå å legge ut framtidige utlysingar i stillingsportalen.

Ifølge hotellkjeda har utlysingsteksten blitt brukt i tre år og har til omsyn å få folk til å tenke. Den skal formidle hotellkjedas ønske om at alle skal vere seg sjølv og ikkje bli definert av merkelappar.

– For oss i Choice-kjeda er mangfald og inkludering sjølve fundamentet og årsaka til at vi har lite sjukemeldingar og kanskje den beste arbeidskulturen i Norge, sa Petter Stordalen då han gjesta LOs kartellkonferanse i fjor.

p

Hotellkjeda er kjend for utradisjonell rekruttering av nye tilsette, blant anna gjennom å arrangere auditions for jobbsøkarar. I fjor deltok 900 jobbsøkarar på ei av desse massemønstringane i Oslo.

Annonse

Flere saker

Annonse