JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Eigedomsskatt:

Desse kommunane må kutte millionar om regjeringa senkar taket på eigedomsskatten

SV meiner kutta går ut over tenestene til innbyggarane. Siv Jensen peikar på at effektivisering kan spare kommunane for store summar.
KUTT: Trondheim kommune må finne fram budsjettsaksa, om Siv Jensen får viljen sin. Illustrasjonsfoto.

KUTT: Trondheim kommune må finne fram budsjettsaksa, om Siv Jensen får viljen sin. Illustrasjonsfoto.

Ole Palmstrøm

tormod@lomedia.no

Trondheim kommune kjem dårlegast ut med regjeringas forslag til ny maksimal sats på eigedomsskatt. Om taket blir sette ned frå 7 til 5 promille, må kommunen kutte 77 millionar kroner.

Sørlandskommunane Kristiansand og Arendal må kutte nærmare 30 millionar kroner, medan Porsgrunn kutte godt over 20 millionar.

Også ei lang rekke småkommunar må gjere kutt som innbyggarane vil merke. I alt 67 kommunar må finne fram budsjettsaksa.

Sjå heile lista lengre ned i saka.

Det kjem fram i eit skriftleg svar frå finansminister Siv Jensen (Frp) til stortingsrepresentant Kari Elisabeth Kaski (SV).

Regjeringen vil senke taket på eiendomsskatt. Nå må det kuttes i kommunene, sier KS

Jensen: Effektivisering er løysinga

«Dette er en inngripen i den lokale handlefriheten til kommunene, og vil gå ut over velferdstjenestene i de berørte kommunene», meiner SVs Kaski.

Finansministeren viser på si side til at norske kommunar har fått større inntekter og har hatt gode resultat dei siste åra. Ho viser dessutan til ein rapport som slår fast at kommunane kan spare inn 1,2 milliardar på effektivisering neste år.

«De bør derfor ha et godt økonomisk fundament til både å styrke viktige velferdstjenester og til å redusere eiendomsskatten», meiner finansministeren.

Rådmann-forening: – Det kommer til å bli vanskeligere å styre økonomien

Senkinga av taket trår i kraft i 2020, om regjeringa får vilja si, og gjeld for bustad- og fritidseigedom.

Regjeringa foreslår også at grunnlaget for eigedomsskatten ikkje skal vere større enn 70 prosent av marknadsverdien på eigedommen. Dessutan meiner dei alle kommunar må bruke Statistisk sentralbyrå (SSB) sine bustadverdiar når dei skal berekne grunnlaget.

Utgifter og prisstigning spiser opp økte overføringer til kommunene: – Vil merke strammere tider

Dei 67 kommunane under hadde eigedomsskatt over 5 promille i 2018. Så mange millionar må dei kutte på grunn av senka tak på eigedomsskatten:

• Trondheim: 77 millionar kroner

• Kristiansand: 27 millionar kroner

• Arendal: 27 millionar kroner

• Porsgrunn: 23 millionar kroner

• Kragerø: 10 millionar kroner

• Vefsn: 10 millionar kroner

• Notodden: 9 millionar kroner

• Hadsel: 8 millionar kroner

• Halden: 8 millionar kroner

• Brønnøy: 8 millionar kroner

• Trysil: 7 millionar kroner

• Averøy: 6 millionar kroner

• Sortland – Suortá: 6 millionar kroner

• Risør: 6 millionar kroner

• Sør-Odal: 5 millionar kroner

• Meråker: 5 millionar kroner

• Balsfjord: 5 millionar kroner

• Vestvågøy: 5 millionar kroner

• Hamar: 4 millionar kroner

• Nome: 4 millionar kroner

• Årdal: 4 millionar kroner

• Grue: 4 millionar kroner

• Nordreisa: 4 millionar kroner

• Andøy: 4 millionar kroner

• Rauma: 3 millionar kroner

• Nord-Odal: 3 millionar kroner

• Sauherad: 3 millionar kroner

• Gjerstad: 3 millionar kroner

• Sør-Fron: 2 millionar kroner

• Gausdal: 2 millionar kroner

• Vik: 2 millionar kroner

• Tynset: 2 millionar kroner

• Røros: 2 millionar kroner

• Skjervøy: 2 millionar kroner

• Roan: 2 millionar kroner

• Høyanger: 2 millionar kroner

• Surnadal: 2 millionar kroner

• Karlsøy: 2 millionar kroner

• Drangedal: 2 millionar kroner

• Steigen: 2 millionar kroner

• Alvdal: 2 millionar kroner

• Verran: 1 millionar kroner

• Bjerkreim: 1 millionar kroner

• Flakstad: 1 millionar kroner

• Divtasvuodna - Tysfjord: 1 millionar kroner

• Moskenes: 1 millionar kroner

• Herøy: 1 millionar kroner

• Hyllestad: 1 millionar kroner

• Dønna: 1 millionar kroner

• Salangen: 1 millionar kroner

• Vaksdal: 1 millionar kroner

• Namdalseid: 1 millionar kroner

• Grong: 1 millionar kroner

• Tolga: 1 millionar kroner

• Fosnes: 1 millionar kroner

• Hattfjelldal: 1 millionar kroner

• Snåase – Snåsa: 1 millionar kroner

• Berg: 0,4 millionar kroner

• Lierne: 0,4 millionar kroner

• Gjemnes: 0,4 millionar kroner

Åmot: 0,4 millionar kroner

• Vardø: 0,3 millionar kroner

• Folldal: 0,3 millionar kroner

• Sømna: 0,2 millionar kroner

• Lebesby: 0,2 millionar kroner

• Gamvik: 0,2 millionar kroner

• Torsken: 0,2 millionar kroner

Kjelde: Finansdepartementet/SSB

Fagforbundet-sjefen: – Regjeringens forslag gir økte forskjeller og mindre velferd

Annonse
Annonse