JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Fellesforbundet-medlemmer vil ha tariffavtale:

Dominos Pizza-arbeidarar krev tariffavtale: – Vi er klare til å streike

Dei er lei av uordna arbeidsforhold og uføreseieleg arbeidstid. No vil Fellesforbundet-ungdommane ved Dominos Pizza i Trondheim ha ei tariffavtale som slår fast kva spelereglane er.
Bakarst frå venstre: Mathias Førrisdahl, Tom Erik Øyen, Kristoffer Vamråk Røed, Benjamin Lien, Mathias Rustad Faanes, Petter Dragland og Knut-Egil Opseth. Framfor frå venstre: Inga Renate Wirkola, Therese Gulliksen, Oda Nikoline Vågnes Halsa og Leonora Arnesen.

Tormod Ytrehus

tormod@lomedia.no

TRONDHEIM: 18 tilsette ved franchisebedrifta til den internasjonale pizzarestaurant-giganten Dominos Pizza sine avdelingar på Lerkendal og Moholt, har meldt seg inn i Fellesforbundet og krev tariffavtale.

p

Det kravet har ikkje arbeidsgivaren imøtekomme, opplyser Fellesforbundet sitt distriktskontor. Dersom forbundet og franchisetakar Rype AS ikkje blir einige, må dei møtast hos Riksmeklaren 13. februar. Dersom meklinga heller ikkje fører fram, legg dei tilsette ned arbeidet.

– Vi er klare til å streike, seier tillitsvalde Therese Gulliksen (29) og Inga Renate Wirkola (27) når Magasinet for fagorganiserte møter 12 av medlemmene etter eit klubbmøte på Folkets hus i Trondheim.

Saka held fram under bildet.

STREIKEVILJE: Alle medlemmene i Fellesforbundet-klubben hos Dominos Pizza i Trondheim, er klare til å streike for ordna arbeidsforhold. Det fortel tillitsvalde Therese Gulliksen og Inga Renate Wirkola.

Heile 15 av medlemmene i klubben er studentar, og alle er mellom 18 og 30 år gamle. Sjølv om studentane etter kvart er på veg inn i andre yrke, er alle klare for å gå ut i streik for tariffkravet.

Studentar krev tariff

For pedagogstudent Oda Nikoline Vågnes Halsa (21) er manglande føreseielegheit grunnen til at ho melde seg inn i klubben. Ho fortel om vaktlister som har komme dagen før ho er sette opp på jobb.

– For oss studentar skal jobben vere noko ved sidan av studia. Ein skal ikkje planlegge studia etter når ein skal jobbe, men omvendt, seier ho.

I løpet av det siste halvåret, har medlemstalet i klubben gått frå éin person til 18. Men det har ikkje berre vore enkelt å organisere seg.

Dei tilsette fortel om det dei opplever som truslar frå eigarar og sjefar i Rype AS, etter at leiinga vart kjend med at tilsette fagorganiserte seg og ønska tariffavtale. Konsekvensen av å inngå tariffavtale er permitteringar og konkurs, skal dei ha blitt fortalde.

Trua med sparken

Tillitsvald Therese Gulliksen fortel at leiinga på eit møte i midten av januar hevda dei hadde grunnar til å gi ho sparken. På møtet skal leiinga ha sagt at Gulliksen pressa tilsette til å melde seg inn i Fellesforbundet og at ho fleire gongar hadde logga seg inn på jobb nokre minutt for tidleg.

– Det var ubehageleg. Det stemmer ikkje at eg har pressa nokon til å melde seg inn, og alle loggar seg inn tidleg for å unngå å vere for seine på jobb, seier Gulliksen som viser fram ei sms-utveksling med sjefen i etterkant av møtet.

Nokre dagar seinare skal ein representant frå Fellesforbundet-avdelinga, ifølge Gulliksen og avdelinga, ha blitt forsøkt kasta ut frå bedrifta og trua med politiet, då ho forsøkte å delta på eit møte som tillitsvald for Gulliksen.

Magasinet har vore i kontakt med styremedlem og representant for eigar, Ole Christian Rygg. Han seier bedrifta ikkje vil kommentere saka eller påstandane frå klubben og avdelinga i Fellesforbundet.

p

Full støtte frå fagrørsla

Fellesforbundet-medlemmer har to gongar tidlegare kravd tariffavtale hos Rype AS som då var franchisetakar for Dolly Dimples, utan at det førte fram. Men denne gongen er medlemmene villig til å streike heilt til dei får gjennomslag.

– Arbeidsgivaren er fullstendig useriøs og treng ei tariffavtale som seier kva dei skal ta omsyn til, seier Børge Ånesen, leiar i Fellesforbundet avdeling 250 i Trøndelag.

Han peikar på at dei to andre pizzarestaurant-kjedene i Trondheim, Peppes Pizza og Pizzabakeren, begge har tariffavtale og går så det susar.

– Skriv dei ikkje under på tariffavtala, blir det streik fram til dei gjer det, slår Ånesen fast, og lovar full støtte frå forbund og fagrørsle.

Kjenner seg ikkje igjen

Etter at saka vart publisert tysdag, har Magasinet blitt kontakta av styreleiar Anders Aasen i Rype AS, som seier bedrifta likevel vil kommentere saka. Han kjenner seg ikkje i påstanden om at selskapet ikkje ønsker å inngå tariffavtale med dei tilsette.

– Vi nektar sjølvsagt ingen tilsette ei tariffavtale dersom dei ønsker det. Vi er avhengig av å ha flinke folk hos oss og behandle dei på ein ordentleg måte, seier han.

Aasen seier bedrifta har vore i dialog med Fellesforbundet og hevdar dei aldri har uttrykt motvilje til tariffkravet. Han seier vidare at saka går til mekling fordi bedrifta ikkje har klart å finne eit tidspunkt for forhandlingar med forbundet.

– Vi er positive til at det blir ei mekling der vi kan forhandle og avtale ei tariffavtale innanfor ordna rammer, seier styreleiaren.

p

Om påstandane om truslar om oppseiing og at ein representant for Fellesforbundet skal ha blitt forsøkt kasta ut frå bedrifta, svarer han at dei involverte i leiinga ikkje kjenner seg igjen.

– Du kan vere heilt trygg på at vi skal finne ut kva som er rett og gale her, for sånn vil vi ikkje ha det uansett.

Kva er ei tariffavtale?

Ei tariffavtale er ei kollektiv avtale om lønns- og arbeidsvilkår, mellom ei fagforeining og ein arbeidsgivar. Avtala har reglar for mykje meir enn lønn, som for eksempel arbeidstid eller medbestemming på arbeidsplassen.

Innhaldet varierer mellom dei ulike tariffavtalene, men den første delen er ofte lik på tvers av bransjar. Dette er den såkalla hovudavtala som slår fast spelereglane i samarbeidet mellom arbeidsgivarane og fagforeiningane.

Den andre delen er overeinskomsten, som blant anna inneheld reglane for lønna og er tilpassa den aktuelle bransjen. For Fellesforbundet-medlemmer i restaurantbransjen, er det Riksavtala som gjeld.

Dei første tariffavtalene i Norge vart inngått i 1870-åra og er ein grunnleggande del i organiseringa av det norske arbeidslivet.

Kjelde: FriFagbevegelse sitt tariffleksikon

Annonse