JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Negotia sin nestleiar er ny nestleiar i YS Privat

Eirik Bornø er ny nestleiar i YS Privat

Bornø er første nestleiar i Negotia, som er det nest største YS-forbundet i privat sektor.
Eirik Bornø, ny leiar for YS Privat og første nestleiar i Negotia.

Eirik Bornø, ny leiar for YS Privat og første nestleiar i Negotia.

Terje Bergersen / Negotia

frifagbevegelse@lomedia.no

Han tek over som nestleiar etter forbundsleiar Monica A. Paulsen, som i slutten av oktober vart valt som ny nestleiar i YS.

Parat-leiar Vegard Einan blei gjenvald som leiar i YS Privat.

YS Privat er ei forhandlingssamanslutning i YS. Styret består av representantar frå forbunda med medlemmer i privat sektor: Negotia, Parat, Yrkestrafikkforbundet, Safe, Finansforbundet og Delta.

Bornø meiner den nye posisjonen hans er viktig.

– Det er YS Privat som utarbeidar krav og gjennomfører forhandlingane innanfor dei tariffområda der sektoren sit med partsforholdet til avtalene. Sektorstyret er øvste myndigheit og leiar arbeidet i henhald til vedtekter og avgjerder, seier Bornø til Negotias nettsider.

Nyleg valde også sektorstyret i YS Kommune ny leiing for dei neste to åra. Der vart Lizzie Ruud Thorkildsen (Delta) ny leiar, Trond Ellefsen (Delta) første nestleiar og Stig Johannesen (Skolelederforbundet) andre nestleiar.

Det er heller ikkje lenge sidan YS valde ny leiing. Eirik Kollerud vart ny leiar og gjekk dermed av som leiar for Delta. Dermed rykka nemnde Lizzie Ruud Thorkildsen opp til leiarvervet og Trond Ellefsen vart første nestleiar.

Hans-Erik Skjæggerud vart samtidig valt som første nestleiar i YS og gjekk dermed av som Parat-leiar. Under landsmøtet i november valde forbundet tidlegare nestleiar Vegard Einan som ny leiar og Unn Kristin Olsen som ny nestleiar.

Annonse
Annonse