JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Italias statsbudsjett, pensjonsalder:

EU nektar Italia å senke pensjonsalderen – godtar ikkje landets statsbudsjett

Italia vil blant anna senke pensjonsalderen til 62 år og sikre innbyggarane ei minsteinntekt. For dyrt, meiner EU.
EUs finanskommissær Pierre Moscovici.

EUs finanskommissær Pierre Moscovici.

Parti socialiste

tormod@lomedia.no

Tidlegare denne veka gjekk den italienske regjering med på å legge fram eit nytt forslag til statsbudsjett, etter krass kritikk frå EU.

Ifølge italienarane vil det nye budsjettet redusere underskotet frå 2,4 prosent av bruttonasjonalprodukt (BNP) til 2,04 prosent.

– Det er eit skritt i riktig retning, men vi er framleis ikkje der, sa EUs finanskommissær Pierre Moscovici torsdag.

Dermed må partane diskutere vidare. EU-kommisjonen fekk nemleg i 2013 utvida fullmakter og kan dermed avvise statsbudsjettet, sjølv om dette til no aldri har skjedd. I verktøykassa har dei bøter og andre straffereaksjonar.

• Følg oss på Facebook

Senka pensjonsalder

Likevel har den italienske regjeringa til no nekta å la seg presse av EU-kommisjonen og meiner budsjettet er nødvendig for å få fart på økonomien.

Blant reformane er også viktige valløfte. Budsjettet innheld blant anna finansieringa av ein reform som vil senke pensjonsalderen, for enkelte grupper med heile seks år frå 68 til 62. Dette er om dei har betalt inn til pensjonskassa dei siste 38 åra. Reformen vil koste nærmare 1.000 milliardar norske kroner, der 68 milliardar er sette av på neste års budsjett.

Bak endringa står dei to regjeringspartia Ligaen og Femstjernersrørsla, som saman har fleirtal i nasjonalforsamlinga. Dei meiner 400.000 italienarar kan pensjonere seg tidlegare enn forventa med senka pensjonsalder. Dette vil også frigjere arbeidsplassar til arbeidslaus ungdom, meiner regjeringa.

• Meld deg på nyhetsbrevet vårt

Nest mest gjeld i EU

Italia-ekspert og professor Steinar Stjernø ved Oslo Met forklarer at EU har gitt landet to løysingar. Den eine er å droppe senkinga av pensjonsalderen. Den andre er at regjeringa utset det dei kallar garantert minsteinntekt.

Medan Femstjernersrørsla vann dei unge veljarane i sør, vann regjeringspartnaren Lega dei eldre veljarane i nord, forklarer Stjernø. Regjeringa sine reformer skal tilfredsstille regjeringspartia sine respektive veljargrupper. Dermed kan det bli vanskeleg å gi slepp på reformane, slik EU-kommisjonen har foreslått.

– Begge desse reformane kostar mykje pengar, og effekten kjem til å bli budsjettunderskot og auka statsgjeld som, ifølge EU-kommisjonen, på lengre sikt kan forverre Italias økonomi, seier professoren til FriFagbevegelse.

Italias statsgjeld, på over 130 prosent av BNP, er allereie det dobbelte av EUs maksnivå. Berre Hellas har større gjeld i eurosonen. EU-kommisjonen har derfor bedd den italienske regjeringa, i landet med eurosonens tredje største økonomi, halde seg under 2 prosent i underskot, i frykt for eksploderande rentenivå og nye bankkriser.

(Saka held fram under bildet.)

Professor og Italia-ekspert Steinar Stjernø ved Oslo Met.

Professor og Italia-ekspert Steinar Stjernø ved Oslo Met.

Nei til EU

Millionar av fattige, arbeidslause og midlertidige tilsette

Såkalla garantert minsteinntekt er ei slags sosialhjelp, forklarer Stjernø. Den er behovsprøvd noko etter inntekt og formue, og det er i tillegg knytt ei arbeidsplikt til den.

– Det er mange dette ikkje vil hjelpe. Motstandarane i Italia meiner pengane heller bør brukast på produktive investeringer i infrastruktur som skaper fleire arbeidsplassar, medan regjeringa meiner at reformane deira vil setje pengar i sirkulasjon og på det viset skape ein del arbeidsplassar, seier han.

Italia har ei arbeidsløyse på omtrent 11 prosent, og blant ungdom på over 30 prosent. Fem millionar lever i absolutt fattigdom og mange unge har kortvarige og midlertidige stillingar med låg løn: Dei siste tala viser at over tre millionar italienarar no er midlertidig tilsett. Dermed er minsteinntekt ikkje overraskande eit populært forslag.

– Veljarane til Femstjernersrørsla er unge og jobbar i midlertidige stillingar i Sør-Italia, der det ikkje finst mange arbeidsplassar. Partiet prøver verkeleg intenst å gjere noko for gruppa som har ført dei inn i regjeringsposisjon, seier professoren.

Annonse
Annonse