JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Éin av tre vil bytte ut EØS-avtala med ei ny handelsavtale

Delen som svarer at dei vil halde på EØS-avtalen i staden for ei ny handelsavtale er berre fire prosentpoeng større.

Ole Palmstrøm

tormod@lomedia.no

Det viser ei meiningsmåling frå Sentio på oppdrag frå Nei til EU. 1000 personar er spurt, og målinga er gjennomført i månadsskiftet mai-juni.

Spørsmålet er «stør du ei handelsavtale med EU i staden for EØS-avtala?» 33 prosent svarer ja, 37 prosent svarer nei og 31 prosent veit ikkje.

p

Høgre og Arbeidarpartiets veljarar stør i størst grad EØS-avtala (48 og 47 prosent) framfor ei anna handelsavtale, medan flest Senterpartiet- og Raudt-veljarar stør ei anna handelsavtale (49 og 40 prosent) framfor EØS-avtala.

– Svara slår sprekkar i mantraet om at vi må ha EØS for å handle med EU. Når folk får alternativ ønsker like mange ei likeverdig handelsavtale som EØS-avtala, seier Kathrine Kleveland, leiar i Nei til EU, i ei pressemelding.

På spørsmålet om kva ein ville stemt dersom det var folkeavstemming om EØS-avtalen i morgon, er svaret nemleg annleis, ifølge Klassekampen og Nationen si Sentio-måling for juni.

Der svarer 61 prosent at dei ville stemt ja, 25 prosent ville stemt nei og 11 prosent veit ikkje. Det er rekordstor støtte til EØS-avtala på dette spørsmålet.

Eit klart fleirtal meiner også EU har for mykje makt i Norge, ifølge Nei til EUs måling. 52 prosent er einige, 36 prosent er ueinige og 12 prosent veit ikkje.

Annonse
Annonse