Arve Varden, leiar i rådmannsgruppa i Fagforbundet og rådmann i Høyanger kommune er kritisk til at ei rekkje kommunar kan vente seg 800 og 1200 millionar kroner mindre i året grunna kutt i eigedomsskatt.
Øystein Windstad
Rådmenn langar ut mot kutt i eigedomsskatten
Kommunane taper meir enn 1,2 milliardar - industrikommunane taper mest
– Skular vil bli lagt ned og det vil bli færre eldre som får plass på sjukeheim. Det er konsekvensane av regjeringa sine planer om å kutte i kommunane sin eigedomskatt, seier leiar av rådmannsgruppa i Fagforbundet. Sjå kor mykje kommunen din taper.
oystein.windstad@fagbladet.no
Både Høgre og FrP er kritiske til eigedomskatt som dei meiner rammar næringslivet. I statsbudsjettet foreslår regjeringa at kommunane skal kreve inn 800 millionar mindre i året i eigedomskatt frå næringslivet. Leiar av Fagforeningen for rådmenn i Fagforbundet er sterkt kritisk til forslaget:
– Det seier seg sjølv at bortfall av 800 millionar kroner til norske kommunar vil få dramatiske konsekvensar. For dei kommunane dette gjeld vil det bety kutt i årsverk knytt til skular, barnehagar og eldreomsorg. Innbyggarane i fleire av desse kommunane må rekne med nedlegging av skular, barnehagar og sjukeheimsplassar, seier Arve Varden som til dagleg jobbar som rådmann i Høyanger kommune.
Her er alle kommunane som blir ramma
Vil kutte maskinskatten
Om regjeringa får fleirtal for forslaget vil eksempelvis Varden få rundt ti millionar mindre han kan bruke på velferd i Høyanger kommune.
Regjeringa ønskar å gradvis trappe opp kutta i eigedomsskatt og ha ei overgangsperiode på fem år. I dag kan kommunane kreve inn eigedomskatt på tomter, bygg og maskiner eigd av næringslivet. No vil regjeringa forandre lova slik at kommunane ikkje kan skatte utstyret, den såkalla maskinskatten:
– Eigedomskatten er den einaste skatten som er reint kommunal. Det betyr at det vert 800 millionar kroner mindre i driftsbudsjetta til norske kommunar. Kvar eigedomsskattekrone går inn i den kommunale drifta. Rådmannsforeninga meiner det er uakseptabelt at ei så stor endring skal skje utan at ein har vurdert alle konsekvensar på førehand, seier Varden.
• Følg oss på Facebook og Twitter
Vil granske konsekvensane
Spesielt industrikommunar vil få mindre å rutte med om maskinskatten blir kutta. Spørsmålet har vore ute på høring i 2015 og då uttalte blant andre Fagforbundet i smelteverkskommunen Sunndal seg kritisk fordi dei meinar konsekvensane av kuttet ikkje er utreda godt nok.
Det same skreiv også LO i sitt svar. Varden og rådmennene i Fagforbundet meiner det bør settast ned eit lovutval:
– Fordi ein då har mogelegheit til å få belyst alle konsekvensar som følgjer av framlegget. Slik det er no har regjeringa ikkje på nokon måte fortalt korleis kommunane skal dekke inn dei tapte inntektene, seier Varden.
– Provoserande av regjeringa
Regjeringa vil gje kommunane 4,6 milliardar meir neste år, og i tillegg 3,8 milliardar meir i frie inntekter. Samtidig får kommunane 1,2 milliardar mindre i eit effektiviseringskrav. Dei minste kommunane vil få 330 millionar mindre i Distrikt- og regionoverføringar. Det planlagde kuttet i eigedomsskatt kan bli på opp mot ein milliard kroner om fem år. Rådmann Varden er kritisk til det samla reknestykket:
– For mange er det provoserande at regjeringa seier at kommuneøkonomien vert styrka samstundes som dei tek 1 milliard kroner frå kommunane sin eigen skatt, utan å nemne dette med eitt ord, seier Varden som representerar rundt 80 rådmenn som er organisert i Fagforbundet. Han viser også til at for hans kommune Høyanger vil få rundt 1,4 prosent meir neste år. Samtidig er det venta at dei som jobbar i kommunen vil få ei lønsauke på mellom to og tre prosent. Det gjer at det er venta at Høyanger må kutte ti millionar kroner til neste år.
Desse ti kommunane vil tape mest
Lindås 153 548 369
Tysvær 91 732 777
Øygarden 44 646 159
Aure 35 748 378
Karmøy 34 559 000
Bamble 32 253 140
Bergen 25 019 305
Sunndal 24 850 000
Porsgrunn 24 157 007
Fræna 23 469 602
• Pilotene rømmer fra Ryanair – til faste jobber og høyere lønn i andre selskaper
• Mange arbeidsløse får kutt i dagpengene
• Les flere saker om fagbevegelsen, arbeidsliv og politikk på vår forside
Høgre: – Mindre skatt gjev vekst i næringslivet
Nicolai Astrup og Høgre meiner at mindre skatt vil føre til vekst i næringslivet, som igjen vil føre til auka skatteinntekter og meir til velferd.
oystein.windstad@fagbladet.no
Nikolai Astrup er leiar av Finanskomiteen på Stortinget og er Høgre sin finanspolitiske talsmann. Han og regjeringa forventar at skattekuttet vil føre til større investeringer frå både inn og utland, og at dette vil auka inntekter til kommunane:
– Vi ønsker å legge til rette for fleire jobbar og meir næringsverksemd i Norge, og at både norske og utanlandske bedrifter skal vurdere Norge som ein attraktivt stad å vere. Ny aktivitet og fleire arbeidsplassar vil gje større skatteinntekter til kommunen.
– Har de gjort noko estimat eller utrekningar på kor mykje høgare skatteinntekter de ventar å få som følge av lågare skatt?
– Nei, det er vanskelig å beregne, men skattetrykket har utan tvil betydning for næringsaktivitet i Norge. Vi må ha ein bukett av gode tiltak for å skape dei nye jobbane og gjere det attraktivt å satse. Difor har vi prioritert kunnskap, forsking, samferdsel og gode rammer gjennom blant anna redusert skatt. Forslaget om å fjerne maskinskatten vil gje betre forutsigbarhet for veldig mange eksisterande og framtidige bedrifter i Norge, og slik vere viktige for verdiskaping og velferda i norske kommunar, seier Astrup som har mastergrad frå anerkjente London School of Economics.
Erna Solberg innrømmer: Vet ikke om milliardkutt i formuesskatten har effekt
– Tilfeldig skatt
Astrup som også er leiar av Oslo Høgre og tidligare har jobba i WHO meiner skatten slår skeivt ut slik den er i dag:
– Skatten har slått ut veldig tilfeldig, også innan same bedrift. Vi hadde ein dom der utstyr for øl-produksjon blei skatta, medan utstyr for mineralvatn blei friteke, sjølv om det var på same anlegg. Vindusprodusenten Nordan fikk redusert skatten med 95 prosent etter dom i lagmannsretten. Den dommen blei rettskraftig i september, og vil få stor påvirkning på kommunanes praksis. Det er difor grunn til å tru at provenyberegningane kommunene opererer med er i overkant optimistiske. Uklarheitene i regelverket og ulik praksis fra kommune til kommune skaper dårleg forutsigbarhet for bedriftene og aukar risikoen ved nyetableringar, seier Astrup. Han legg til at maskinskatten ikkje blir fjerna over natta:
– Vi har lagt opp til ein lang overgangsperiode på fem år som startar i 2019, slik at kommunane får tid til å omstille seg. Samstundes er det verdt å merke seg at Nordan-domen gjer at mange kommunar uansett hadde måtta endre praksis, fortel finanspolitisk talsperson i Høgre, Nikolai Astrup.
Trur pengar går til utbytte
Rådmann Arve Varden deler ikkje oppfatninga til Astrup om at mindre skatt vil føre til større investeringar og nye arbeidsplassar. Leiaren av rådmannsgruppa brukar industrikommunen han bur og jobbar i som eksempel:
– Hydro Høyanger slepp å betale 5,5 millionar til Høyanger kommune og 23 millionar til Årdal kommune. Trur han verkeleg at det endrar investeringsviljen til Hydro i Norge? Det einaste som vil skje er at staten, som største eigar, tek ut større utbytte og flyttar pengar frå kommunane til staten, seier rådmann varden.
Mest lest
BITTERT: Per Olav Truberg har jobba mange år i matindustrien. Takken var oppsigelse da han havna i operasjonskø med et trøble kne.
Erlend Angelo
Per Olav mistet jobben i operasjonskø: – Det er veldig sårt
BELASTENDE YRKE: Frisør og tillitsvalgt Kaja Aga Gaarder tar smertestillende for å klare arbeidsdagen. Etter en bilulykke har hun daglige smerter. Men hun tok smertestillende på jobb også før ulykken. Her fikser hun håret til Victoria Gjone.
Jan-Erik Østlie
Bruken av smertestillende øker: Kaja starter alltid arbeidsdagen med en Paracet
Unni tar gjerne på seg ekstra vakter. Hun elsker å gjøre en forskjell.
Eirik Dahl Viggen
Unni (65) var lei av livet som pensjonist. Da gjorde hun et uvanlig valg
Roy Ervin Solstad
Han er blant dem som har kommet med fete lønnskrav
OPPGJØR: Årets lønnsoppgjør står for døren og elektrikerne starter sine forhandlinger 22. april. Her er en Bravida-montør i sving med akkordarbeid på Drammen sykehus tidligere i år.
Leif Martin Kirknes
Når får du ny lønn? Disse datoene må du merke deg
Håndverkere oppgir en høyere bruk av narkotika enn gjennomsnittet. Elektrobransjen frykter det kan føre til flere farlige situasjoner og ulykker på arbeidsplassene.
Leif Martin Kirknes
Økt kokainbruk blant unge elektrikere
Martine Lie satser på at et par måneder med permittering går greit.
Erlend Angelo
Potetmangel gir permitteringer i Bama
FLEST KVINNER: I rapporten kommer det fram at det ofte er unge kvinnelige ansatte, både med norsk og utenlandsk opprinnelse, som er skadelidende.
Colourbox.com
Renholdere trues med at de mister jobben om de er syke
HENTER I BARNEHAGEN: Fengselsbetjent Jørgen Myrvold samler overtid for å ha et hjem til barna. Han er helt avhengig av et godt lønnsoppgjør for å fortsette i fengsel.
Eirik Dahl Viggen
Jørgen (29) overlever på overtidstimer
Høyres Henrik Asheim er glad for å ha fått pensjonsforliket gjennom - og håper endringen er på plass allerede neste år.
Jonas Fagereng Jacobsen
Høyre vil ha superrask behandling av nye pensjonsregler
BLITT BEDRE: Etter at de fikk tariffavtale, syns tillitsvalgt Benjamin Jacobsen at samarbeidet med ledelsen har blitt bedre.
Herman Bjørnson Hagen
Sjefen mente de ansatte sluntra unna. Da begynte ballen å rulle
MÅLRETTA: Butikkansatt Ali Rahimi forteller arbeidsminister Tonje Brenna hvor hardt han har jobba for å lære seg norsk og få et normalt liv etter flukten fra Afghanistan.
Brian Cliff Olguin
Ali kom fra Afghanistan som 17-åring. Han lærte seg norsk gjennom butikkjobben
Knut Viggen
Tidligere LO-leder blir korrupsjonsjeger
KAMPKLARE: Pål Fredriksen og Lars Johansen går til sak mot arbeidsgiver.
Eirik Dahl Viggen
Sparetiltak i fengselet gjør at Pål og Lars taper 60.000 kroner i året
Etter en tøff runde med sensorer som skjelte henne ut under fagprøven, har Anny-Elise både skaffet seg fagbrev og fast jobb i forpleininga på sokkelen. Her fra hennes nyligste tur ut på Heidrun-plattformen.
Privat
Anny-Elise ble skjelt ut av sensor. Nå har hun fått drømmejobben
Brian Cliff Olguin
Et orakel og en slags urmoder. Slik beskrives Berit (67) av kollegene
LANGE STREKK: Etter to års dragkamp, er Bergen fengsel omsider i mål med en avtale om 12-timersvakter i helgene.
Eirik Dahl Viggen
Ansatte i Bergen fengsel får 12-timersvakter i helgene
Håvard Sæbø
Høyesteretts ankeutvalg: Sak om innleie må behandles på nytt
Per Backer
Fikk stoppet søndagsåpen butikk i Vinje
Kathrine Geard