JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Kritiserer Oslosenteret for uløna praktikantstilling

- Om verksemda ikkje har råd til å gjere ein jobb, får dei ta konsekvensane av det og ikkje tilsette nokon, seier NTL-nestleiaren.
Fredrik Thorleif Oftebro, 2. nestleiar i Norsk Tenestemannslag.

Fredrik Thorleif Oftebro, 2. nestleiar i Norsk Tenestemannslag.

Ole Palmstrøm

tormod.ytrehus@lomedia.no

Oslosenteret lyser no ut ei praktikantstilling. I ulysinga, som først blei publisert 19. desember, heiter det:

«Oslosenteret ser etter en praktikant som kan bistå i vårt kommunikasjonsarbeid og med ulike administrative oppgaver. Vi ser etter deg som er masterstudent eller nyutdannet, og som ønsker arbeidserfaring.»

Men stillinga er ikkje heilt som andre stillingar – den er utan løn. Praktikanten får riktig nok dekka direkte utgiftar i samband med arbeidet, men kan elles vente seg arbeidserfaring som «betaling».

Dette må du huske om du blir syk i ferien

Viser til menneskerettserklæringa

Då Oslosenteret publiserte stillingsannonsen på Facebook kom det kritikk, og dei valte å slette innlegget og publisere eit nytt innlegg med redigert tekst.

Stipendiat Sofie A. E. Høgestøl ved Norsk senter for menneskerettar var ein av dei som reagerte på utlysinga og kritiserer praksisen i eit lesarinnlegg i Aftenposten 31. desember.

Ho peikar på at organisasjonen jobbar for fred, demokrati og menneskerettar og viser til artikkel 23(3) i FNs verdserklæring om menneskerettar frå 1948: «Enhver som arbeider har rett til en rettferdig og god betaling som sikrer hans familie og ham selv en menneskeverdig tilværelse […]»

Pilotene rømmer fra Ryanair – til faste jobber og høyere lønn i andre selskaper

– Undergrev grunnleggande reglar i arbeidslivet

– Dette verkar heilt unødvendig og undergrev grunnleggande reglar i arbeidslivet. Med mindre praksisen inngår i ei formell opplæring, er vi kritisk til sånne ordningar. Om verksemda ikkje har råd til å gjere ein jobb, får dei ta konsekvensane av det og ikkje tilsette nokon, seier Fredrik Thorleif Oftebro, 2. nestleiar i Norsk Tenestemannslag.

Oftebro seier han er klar over at mange ønsker seg praksis innanfor organisasjonar og humanitært arbeid.

– Men det betyr ikkje at ein skal opne for at folk skal gjere ordinært arbeid utan løn. Om det gjeld administrativt arbeid, er det openbert at arbeidet skulle vore utført av ein vanleg tilsett.

Hans taper 8000 kroner i måneden på kjærligheten

Endrar utlysinga

Direktør for Oslosenteret, Einar Steensnæs, avkreftar at dette handlar om å erstatte ei ordinær stilling med gratis arbeidskraft. Likevel endrar stiftinga no stillingsannonsen, kor dei blant anna fjernar «nyutdanna» frå teksten.

– Vi kjem til å endre utlysinga for å unngå misforståingar. Vi skriv no at vi ønsker ein praktikant skråstrek student.

Steensnæs viser til at det er ei veletablert ordning, med gode tilbakemeldingar. Stiftinga har hatt tredve-førti praktikantar over ei periode på omtrent tolv år, i ei stilling som utgjer omtrent 20 prosent eller to dagar i veka. Han meiner kritikken er bygd på ei misforståing.

– Det er rett og slett for å gi unge menneske, for det meste studentar, arbeidserfaring og kontakt med internasjonale spørsmål. Vi rekrutterer ikkje fullt kvalifiserte medarbeidarar gjennom denne ordninga, seier Steensnæs.

Han fortel at stiftinga har eit formalisert samarbeid med Universitetet i Oslo, kor masterstudentar får praktisk erfaring innanfor området dei studerer. Studentane får enkle oppgåver – som å skrive korte rapportar, referat og bistå i administrative oppgåver.

– Vi vurderer dei på ingen måte som potensielle tilsette i staben vår. Men vi kan i ettertid sjå at dei har kvalifikasjonar som gjer at dei blir tilsette som prosjektarbeidarar, seier direktøren.

Navs beskjed til torturoffer: Du finnes ikke i systemet

– Skal vere ein spesiell grunn for ordinært arbeid utan løn

NTL-nestleiaren meiner at avtala med universitetet ikkje er ei god nok ordning.

– Dei aller fleste studentar har ein løna jobb ved sidan av studia. Det skal vere ein spesiell grunn om ein skal utføre ordinært arbeid utan løn. Då må det inngå som ein del av sjølve utdanningsløpet. Men også innanfor dei fleste studium med praksis, er det ein form for betaling, seier Oftebro og legg til:

– Det held ikkje med lovnadar om at ein kan få arbeid seinare.

Forbundet er skeptisk til auken i bruk av uløna praktikantar i arbeidslivet.

– Tendensen er at det sklir ut. Det er verken verksemdene eller arbeidstakarane tent med.

• Følg oss på Facebook

Få nyhetsbrevet vårt

Les flere saker om fagbevegelsen, arbeidsliv og politikk på vår forside

Dette er Oslosenteret

Oslosenteret blei etablert av tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik og Einar Steensnæs i 2006, som er høvesvis leiar og direktør i stiftinga. I styret sit blant anna Raymond Johansen, byrådsleiar i Oslo for Arbeidarpartiet.

Eit koppel av tidlegare og noverande politikarar, organisasjonsfolk og akademikarar fyller både styret og representantskapet til stiftinga.

I representantskapet finn ein blant anna tidlegare LO-leiar Gerd Liv Valla og Agenda-leiar Marte Gerdhardsen.

Senteret jobbar med menneskerettar, demokratiutvikling og dialog.

Dette er en sak fra

Vi skriver om de ansatte i staten og virksomheter med statlig tilknytning.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse

Dette er Oslosenteret

Oslosenteret blei etablert av tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik og Einar Steensnæs i 2006, som er høvesvis leiar og direktør i stiftinga. I styret sit blant anna Raymond Johansen, byrådsleiar i Oslo for Arbeidarpartiet.

Eit koppel av tidlegare og noverande politikarar, organisasjonsfolk og akademikarar fyller både styret og representantskapet til stiftinga.

I representantskapet finn ein blant anna tidlegare LO-leiar Gerd Liv Valla og Agenda-leiar Marte Gerdhardsen.

Senteret jobbar med menneskerettar, demokratiutvikling og dialog.