JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

1. mai:

Kven talar 1. mai der du bur? Sjå oversikta her

Arbeidaranes dag blir markert over heile Norge 1. mai. Her kan du sjå oversikta over kven som talar der du bur.

Skjermdump

tormod@lomedia.no

Mange talarar og appellantar skal i ilden når dei skal formidle fagrørslas kampsaker 1. mai. FriFagbevegelse.no har samla ei oversikt over kven som talar kor på arbeidaranes internasjonale kampdag.

Er det noko som manglar i oversikta? Send oss ei melding med namn på talarar/appellantar, tid, stad og arrangør til tormod@lomedia.no.

(Artikkelen held fram under kartet.)

Gjennom LOs distriktskontor har FriFagbevegelse.no fått namn på talarar og appellantar, samt tid og stad for arrangementet, frå LOs lokalavdelingar. Nokre av distriktskontora har vist til Arbeidarpartiet. Kontakt oss gjerne om du veit om eller arrangerer ei markering 1. mai.

Dette blir kampsakene 1. mai – og her er LO-ledelsens reiseplaner for dagen

Austfold

Aremark: Cecilie Agnalt er talar. Du høyrer ho i Furulund klokka 11.00.

Askim: Jan-Egil Pedersen, forbundsleiar i Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund, er talar. Du høyrer han på Folkeparken idrettsplass klokka 15.00.

Borgen: LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen er talar. Du høyrer han i Skjeberg Rådhus klokka 15.30.

Fredrikstad: Blant talarane er LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen og Bjørnar Moxnes, leiar i Raudt.

Halden: Trude Tinnlund, LO-sekretær, er talar.

Hvaler: Stein Erik Lauvås er talar. Du høyrer han på Torvet på Skjærhalden klokka 12.30.

Marker: Andreas Lervik er talar. Du høyrer han i Folkets Hus i Ørje klokka 12.30.

Moss: Hovudtalar er Hilde Torgersen frå Fagforbundet Moss og Våler. Appellantar er Bjørnar Moxnes, leiar i Raudt; Sofie Thelin frå AUF og Leon Stellander frå Sosialistisk Ungdom.

Rakkestad: Svein Roald Hansen er talar. Du høyrer han i Idrettshallen klokka 13.00.

Rygge: Maria Imrik er talar. Du høyrer ho på Rygge museum klokka 11.00.

Rømskog i Austfold Hanne Tollerud er talar. Du høyrer ho i Kommunehuset klokka 09.30.

Råde: Sindre Martinsen-Evje er talar. Du høyrer han i Bøndenes Hus klokka 09.00.

Sarpsborg: Jan-Egil Pedersen, forbundsleiar i Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund, er talar. Freddy Øvstegård, stortingsrepresentant frå Austfold for Sosialistisk Venstreparti, er appellant.

LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen er talar på eit eige arrangement i Skjeberg, og deltek også på premieren for arbeidarteateret om Oscar Torp – frå barnearbeidar til statsminister.

Skiptvet: Jon Ivar Nygaard er talar. Du høyrer han i Herredshuset klokka 12.45.

Spydeberg: Siri Martinsen er talar. Du høyrer ho i Kommunehuset klokka 10.00.

Torsnes: Elise Bjørnebekk-Waagen er talar. Du høyrer ho i Folkets Hus klokka 11.30.

Trøgstad: Siv Henriette Jacobsen er talar. Du høyrer ho i kantina i kommunehuset klokka 10.00.

Våler: Vegard Finnes er talar. Du høyrer han på skolen.

Akershus

Asker: Appellantar på Torget er Per H. Refsdal, leiar i LO i Asker og Bærum; Halle Jørn Hansen, som held internasjonal appell for Norsk Folkehjelp; Cathrine Chaffey frå Bærum AUF og Stein Stugu frå Raudt.

Hovudtalar på KulturLåven er Nicholas Wilkinson, stortingsrepresentant for Sosialistisk Venstreparti. Appellantar er Markus Reve frå Raud Ungdom; Anders Nordmo frå Røyken Sosialistisk Venstreparti; Thilde Børsum frå Bærum Arbeidarparti og Balder Oluafsen frå Bærum Sosialistisk Venstreparti.

Lillestrøm: Appellantar på Torvet er Iren Bekkevold Berg, leiar i LO Nedre Romerike; Jørgen Vik, leiar i Lillestrøm Arbeidarparti og Knut Øygard, forbundssekretær i Fellesforbundet. Du høyrer dei frå klokka 13.00.

Hovudtalar på Rådhuset er Tonje Brenna, gruppeleiar for Akershus Arbeidarparti. Appellantar er Nicholas Wilkinson, stortingsrepresentant for Sosialistisk Venstreparti; Silje Kjosbakken, nestleiar i Raudt og Anna og Emma (10 år) frå Framfylkingen. Dei kan du høyre frå klokka 14.10.

Ski: Hovudtalar er Kari Elisabeth Kaski, stortingsrepresentant frå Oslo for Sosialistisk Venstreparti. Du høyrer ho frå klokka 12.00.

Son: Hovudtalar er også her Kari Elisabeth Kaski, stortingsrepresentant frå Oslo for Sosialistisk Venstreparti. Du høyrer ho frå klokka 13.30.

Du kan si nei til varetelling 1. mai

Oslo

Talarar er Hans-Christian Gabrielsen, LO-leiar; Raymond Johansen, byrådsleiar for Arbeidarpartiet; Linn Herning, leiar i For Velferdsstaten og Giorgos Archontopoulos, leiar i Water Workers Union, Thessaloniki i Hellas.

Du høyrer dei på Youngstorget frå klokka 11.55, før demonstrasjonstoget.

Hedmark

Eidskog: Hovudtalar er Helene Harsvik Skeibrok, regionleiar i Fagforbundet Hedmark.

Elverum: Hovudtalar er Jonas Gahr Støre, leiar i Arbeidarpartiet.

Hamar: Hovudtalar er også her Jonas Gahr Støre. Talar er Karin Andersen, stortingsrepresentant frå Hedmark for Sosialistisk Venstreparti. Du kan høyre han på Stortorget frå klokka 13.00.

Får du ikkje nok av Ap-leiaren, er han også på eit arrangement i Trysil og på Tangen denne dagen.

Kongsvinger: Hovudtalar er Anette Trettebergstuen, stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet.

Ringsaker: Hovudtalar er biskop Solveig Fiske. Du kan høyre ho i Moelv frå klokka 12.30.

Oppland

Dokka: Hovudtalar er Karin Andersen, stortingsrepresentant frå Hedmark for Sosialistisk Venstreparti. Du høyrer ho frå klokka 15.00

Dovre: Hans Oddvar Høystad frå Arbeidarpartiet er talar.

Etnedal: Espen Johnsen frå Arbeidarpartiet er talar.

Fåvang/Ringebu: Hovudtalar er Peggy Hessen Følsvik, første nestleiar i LO. Du høyrer ho frå klokka 10.30.

Gausdal: Ingunn Trosholmen frå Arbeidarpartiet er talar.

Gjøvik-Snertingdal: Tom Svellet frå Arbeidarpartiet er talar.

Gran: Else Randi Kolby frå Fagforbundet Oppland er talar.

Hundorp/Sør-Fron: Også her er Peggy Hessen Følsvik, første nestleiar i LO, talar. Du høyrer ho klokka 12.45.

Jevnaker: Hilde Holtesmoe frå Arbeidarpartiet er talar.

Lesja: Hans Odvar Høystad frå Arbeidarpartiet er talar.

Lillehammer: Peggy Hessen Følsvik, første nestleiar i LO, er talar. Du høyrer ho klokka 14.50.

Lunner: Rune Støstad frå Arbeidarpartiet er talar.

Nord Aurdal: Snorre Wikstrøm frå Arbeidarpartiet er talar.

Nord Fron: Tore Hagebakken, stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, er talar.

Nordre Land: Jan Halvor Vaag Endrerud frå Arbeidarpartiet er talar.

Sel: Iver Erling Støen, distriktssekretær i LO, er talar.

Skjåk: Trine Adde Hansebakken frå Arbeidarpartiet er talar.

Søndre Land: Svend Morten Voldsrud frå Fagforbundet Oppland er talar.

Sør-Aurdal: Anne Marte Kolbjørnshus frå Arbeidarpartiet er talar.

Vestre Slidre: Anne Thoresen frå Arbeidarpartiet er talar.

Vestre Toten: Rune Støstad frå Arbeidarpartiet er talar.

Vågå: Even Aleksander Hagen frå Arbeidarpartiet er talar.

Østre Toten: Rigmor Aasrud, stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, er talar.

Øyer: Ingrid Tønseth Myhr frå Arbeidarpartiet er talar.

LO tar sangen tilbake: – Vi har en arv det er viktig å ta vare på

Buskerud

Drammen: Roger Heimli, andre nestleiar i LO, er talar.

Nedre Eiker: Hovudtalar er Øyvind Hvidsten frå Arbeidarpartiet. Appellantar er Elisabeth Vandis Sund frå AUF og Tobias Fausko-Johansen frå Raud Ungdom. Du høyrer dei på Mjøndalen Torg frå klokka 13.00.

Øvre Eiker: Ein av talarane er Arne Nævra, stortingsrepresentant frå Buskerud for Sosialistisk Venstreparti. Du høyrer han frå klokka 12.30.

Vestfold

Holmestrand: Mette Nord, leiar i Fagforbundet, er talar.

Horten: Ein av talarane er Arne Nævra, stortingsrepresentant frå Buskerud for Sosialistisk Venstreparti. Du høyrer han frå klokka 14.15.

Sandefjord: Også her er forbundsleiar Mette Nord talar.

Tønsberg: Maria Aasen-Svendsrud, stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, er talar. Du høyrer ho på Arbeidarpartiets frokost på Re Helsehus.

Fabian C. Wahl Sandvold er appellant på blomsternedlegging ved Nøtterøy Kirke klokka 10.00.

Rikke Grava, leiar i AUF Vestfold, er talar på kransenedlegging ved 22. juli-monumentet ved Teie Hovedgård klokka 13.30.

Christina Grefsrud-Halvorsen frå Foreldreopprøret 2018 og Monica Undseth frå Utdanningsfobundet Vestfold, er talarar på Farmandstorvet klokka 14.45.

Sissel Skoghaug, nestleiar i Fagforbundet, er talar på hovudarrangementet på Tønsberg Torv klokka 15.30. Der blir det også ungdomsappellar.

Fagforbundet-leiaren er talar også her. Du høyrer ho på Arbeidarpartiets samling på Tollboden klokka 16.00.

Maria Aasen-Svendsrud, stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, er appellant på blomsternedlegging ved Teie Torg. Ho er også talar på samling i Kirkestua på Teie Kirke.

Når fagbevegelsen tar i bruk LO-huset i Odda gjøres det plass til gamle, men også nye helter

Telemark

Bamble: Talarar er Tobias Drevland Lund, leiar i Raud Ungdom og Elisabeth Holien, fylkestingsrepresentant for Arbeidarpartiet.

Bø: Terje Aasland, stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, er talar.

Drangedal: Jone Blikra, ordførar i Kragerø for Arbeidarpartiet, er talar.

Fyresdal: Odin Adelsten Bohmann, fylkessekretær i Arbeidarpartiet, er talar.

Gjerpen: Sven Tore Løskslid, fylkesordførar for Arbeidarpartiet, er talar.

Herøya og Heistad: Robin Kåss, ordfører i Porsgrunn for Arbeidarpartiet, er talar.

Klosterskogen: Bjørg Tveito Lundefaret, ordførar i Nome for Arbeidarpartiet, er talar.

Kragerø: Mina Finstad Berg frå Sosialistisk Venstreparti, er talar.

Kviteseid: Kristoffer Stenbakk, nestleiar i AUF i Telemark, er talar.

Nissedal: Lise Wiik, vara til Stortinget for Arbeidarpartiet, er talar.

Notodden: Finn Erik Thoresen, tidlegare styreleiar i Norsk Folkehjelp, er talar.

Porsgrunn: Hovudtalar er Audun Lysbakken, leiar i Sosialistisk Venstreparti. Du høyrer han frå klokka 12.45.

Rjukan: Talarar er Trond Jore, Arbeidarpartiet og Heming Olaussen, landsstyremedlem i Sosialistisk Venstreparti.

Siljan: Tone Berge Hansen, gruppeleiar for Arbeidarpartiet i Telemark Fylkesting, er talar.

Skien: Hovudtalar er også her Audun Lysbakken, leiar i Sosialistisk Venstreparti. Du høyrer han frå klokka 17.15.

Skotfoss: Lene Vågslid, stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, er talar.

Tokke: Hedda Foss Five, ordførar i Skien for Arbeidarpartiet, er talar.

Ulefoss og Lunde: Nikolai Sti Ravlum, leiar i AUF i Telemark, er talar.

Vemork: Alexander Lien frå LO Telemark er talar.

«Det er drømmen om framtida, om økonomisk rettferd, om sosial trygghet og brorskap mellom folkene»

Vest-Agder

Arendal: Hovudtalar er Trine Lise Sundnes, forbundsleiar i Handel og Kontor.

Farsund: Are Tomasgard, LO-sekretær, er talar.

Flekkefjord: Hovudtalar er Are Tomasgard, LO-sekretær. Appellantar er Morgan Salminen, bystyrerepresentant for Sosialistisk Venstreparti; Asria Mohamed, journalist og oppvaksen i Vest-Saharas flyktningleire i Algerie; og Gunnar Berge frå Arbeidarpartiet.

Kristiansand: Hovudtalar er Trine Lise Sundnes, forbundsleiar i Handel og Kontor. Ungdomsappellant er Nora Chayed frå AUF. Kvinnepolitisk appell ved Hanne Kro Sørborg. Du høyrer dei på Øvre Torv frå klokka 12.30.

Rogaland

Bryne: Trond Helland, leiar i Fagforbundet Rogaland, er talar.

Gjesdal: Eirin Sund, distriktssekretær i LO i Rogaland, er talar.

Haugesund/Sauda: Jan Olav Andersen, leiar i EL og IT Forbundet, er talar.

Sandnes: Kirsti Bergstø, nestleiar i Sosialistisk Venstreparti, er talar og Miriam Jordal Sorø, ungdomssekretær i LO Rogaland, appellant på frokosten. Du høyrer dei frå klokka 09.00.

Jan Regsnes, styremedlem i LO i Sandnes og Gjesdal, er talar på kransenedlegging i sjukehusparken. Du kan høyre hand frå klokka 12.30.

Stanlei Wirak, leiar i Rogaland Arbeidarparti, er talar og Tord-Viljar Husebø frå Raudt er appellant på Lanternen. Du høyrer dei frå klokka 13.45.

Sola: Marianne Chesak, fylkesvaraordførar i Rogaland for Arbeidarpartiet, er talar.

Stavanger: Hovudtalar er Kirsti Bergstø, nestleiar i Sosialistisk Venstreparti. Du høyrer ho frå klokka 14.00.

Gatas parlament – historien om 1. mai

Hordaland

Bergen: Hovudtalar er Jørn Eggum, leiar i Fellesforbundet og Henriette Westhrin, generalsekretær i Norsk Folkehjelp.

Du kan høyre dei på Torgallmenningen før toget, klokka 15.00. Det er også ei rekke appellar under bekransingane frå klokka 10.00.

Bømlo: Sara Bell frå Sosialistisk Venstreparti er talar.

Husnes/Kvinnherad: Hovudtalar er Jette F. Christensen, stortingsrepresentant og nestleiar i Hordaland Arbeidarparti.

Appellantar er Truls Hansen, rådgjevar ved samfunnsområdet i Fagforbundet; Tormod Vårdal, leiar i Kvinnherad AUF; Eirik Wichstad, nestleiar i Raud Ungdom og Ørjan Normann, leiar i Husnes Kjemiske Fagforening.

Knarvik: Appellantar er Øyvind Oddekalv, ordførar i Meland for Arbeidarpartiet; Kristine Brusdal frå Bergen Raud Ungdom og Gunnar Johnsen frå Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom. Du høyrer dei i kantina i Nordhordlandshallen frå klokka 09.30.

Litlabø: Frode Rekve er talar.

Odda: Hovudtalar er Frode Alfheim, forbundsleiar i Industri Energi. Ungdomsappellant er Rameen Sheikh, nestleiar i Raud Ungdom. Terje Kollbotn, leiar i LO i Indre Hardanger, held sjukehusappell. Det blir også internasjonal appell frå Syria. Du høyrer dei mellom klokka 12.00 og 15.00.

Stord/Fitjar: Hovudtalar er Sara Bell frå Sosialistisk Venstreparti. Appellantar er Gaute Espeland frå Arbeidarpartiet; Einar Steinkoph frå Rødt og ungdomsappellant er Ulvar Akselsen frå AUF.

Ålvik: Karl Ruben Gaasø, leiar i Industri Energi Ung, er talar. Du kan høyre han klokka 16.00.

Sogn og Fjordane

Aurland: Siri Sandvik frå Arbeidarpartiet er talar/appellant. Du høyrer ho på Fretheim hotell frå klokka 09.00.

Bremanger: Talarar/appellantar er Hilmar Høl frå Arbeidarpartiet; Anne Kristin Førde frå Fagforbundet; Julie R. Hagen; og Anne Lise Gilleshammer. Du høyrer dei i Svelgen Samfunnshus frå klokka 15.30.

Eid: Talarar/appellantar er Ingrid Heggø, stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, og Magnar Aase frå Arbeidarpartiet. Du høyrer dei på Scandic Nordfjordeid hotell frå klokka 09.00.

Fjaler: Torbjørn Vereide frå Arbeidarpartiet er talar/appellant. Du høyrer han på Jakob Sande Tunet frå klokka 10.00.

Florø: Talarar/appellantar er Ingrid Heggø, stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, og Kari Klock. Du høyrer dei på Havglytt frå klokka 13.15.

Førde: Talarar/appellantar er Torbjørn Vereide frå Arbeidarpartiet; Fritjof Urdal; Rune Hegrenes frå Senterpartiet; Turid Vallestad frå Sosialistisk Venstreparti; Jogeir Slettevold og Liv Tørres, direktør ved Nobels Fredssenter. Du høyrer dei på Rådhusplassen/Førdehuset frå klokka 13.00.

Gloppen: Talarar/appellantar er Sindre Hornnes frå AUF og Bjørn Korneseth frå Fellesforbundet. Du høyrer dei på Fjæra Mat frå klokka 10.00.

Gulen: Arild Horsevik frå fagforeininga Energiforening Sogn og Fjordane er talar/appellant. Du høyrer han på Dalsøra skule frå klokka 13.00.

Høyanger: Talarar/appellantar er Johnny Håvik frå Industri Energi og Hege Terese Olsen frå Fagforbundet. Du høyrer dei på kaia / i Samfunnshuset frå klokka 15.00.

Leikanger: Nils P. Støyva frå Arbeidarpartiet er talar/appellant. Du høyrer han på Leikanger alders- og sjukeheim frå klokka 15.00.

Luster: Talarar/appellantar er Anne Gine Hestetun og Monica Oppedal, begge frå Arbeidarpartiet. Du høyrer dei på Pyramiden Gaupne frå klokka 13.00.

Lærdal: Siri Sandvik frå Arbeidarpartiet er talar/appellant. Du høyrer ho i Hauge kyrkje / storstova på skulen frå klokka 13.00.

Sogndal: Talarar/appellantar er Oddbjørn Bukve og Henny Kristin A. Navarsete frå Arbeidarpartiet. Du høyrer dei på Trudvang/kommuneplassen frå klokka 12.00.

Stryn: Karianne Torvanger frå Arbeidarpartiet er talar/appellant. Du høyrer ho i Stryn kulturhus frå klokka 18.00.

Vik: Nils P. Støyva frå Arbeidarpartiet er talar/appellant også her. Du høyrer han på Vik senter frå klokka 13.00.

Årdal: Talarar/appellantar er Anniken Huitfeldt, stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, og Sara Vie. Du høyrer dei på Årdalstangen frå klokka 15.00.

1. mai er symbolet på arbeidersolidaritet

Møre og Romsdal

Averøy: Fredric Holen Bjørdal, stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, er talar.

Hustadvika: Kristine Nordenson Kallset frå Arbeidarpartiet er talar.

Molde: Kristine Nordenson Kallset, assisterande partisekretær i Arbeidarpartiet, er talar.

Rauma: Jakob Vorren frå AUF er talar.

Smøla: Roger Osen, ordførar for Arbeidarpartiet, er talar.

Stranda: Jon Aasen, fylkesordførar for Arbeidarpartiet, er talar.

Surnadal: Astrid Eide Hoem, sentralstyremedlem i AUF, er talar.

Sykkylven: Per Vidar Kjølmoen, leiar i Møre og Romsdal Arbeidarparti, er talar.

Tingvoll: Arne Grødahl, nestleiar i Kristiansund Arbeidarparti, er talar.

Ulsteinvik: Hovudtalar er Petter Eide, stortingsrepresentant frå Oslo for Sosialistisk Venstreparti. Også blant talarane er Else-May Botten, stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet.

Volda: Hovudtalar er Petter Eide, stortingsrepresentant frå Oslo for Sosialistisk Venstreparti. Blant talarane er også Else-May Botten, stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet.

Ørsta: Ingvild Kjerkol, stortingsrepresentant frå Arbeidarpartiet, er talar.

Ålesund: Hovudtalar er Stein Kristiansen frå Raudt i Kristiansund. Petter Eide, stortingsrepresentant frå Oslo for Sosialistisk Venstreparti, er talar. Du høyrer dei frå klokka 11.30.

Trøndelag

Hommelvik: Hovudtalar er Audun Herning, partisekretær i Sosialistisk Venstreparti. Du høyrer han frå klokka 14.30.

Levanger: Lars Haltbrekken, stortingsrepresentant frå Trøndelag for Sosialistisk Venstreparti, er appellant. Du høyrer han frå klokka 12.00.

Mosvik: Også her er Lars Haltbrekken, stortingsrepresentant for SV, appellant. Du høyrer han frå klokka 10.30.

Trondheim: Hovudtalar er Jane B. Sæthre, forbundsleiar i Norsk Jernbaneforbund. Appellantar er Marit Heldal, høgskolelektor ved Dronning Mauds Minne og Maika Øien Dalen, Trondheim Framlag. Du høyrer dei frå klokka 14.00, etter toget.

Steinkjer: Hovudtalar er Kristian Tangen frå LO i Trøndelag. Appellantar er Håvard Krogstad-Wiborg frå Fagforbundet; Mari Groneng Barntes frå Sosialistisk Venstreparti; Håvard Loeng frå Raudt; Endre Lie frå Fellesforbundet og Vebjørn Gorseth frå AUF. Du høyrer dei frå klokka 13.30. Det blir også appellar på bekransingar klokka 10.30 og 12.15, og i gudsteneste klokka 11.00.

Stjørdal: Hovudtalar er Audun Herning, partisekretær i Sosialistisk Venstreparti. Du høyrer han frå klokka 13.30.

Verdal: Hovudtalar er Trond Giske, stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet. Lars Haltbrekken, stortingsrepresentant frå Trøndelag frå Sosialistisk Venstreparti, er appellant.

Støre til Odvar Nordlis hjemsted 1. mai

Nordland

Andøy: Talarar er Bjørnar Skjæran, leiar i Nordland Arbeidarparti; Oddmund Enoksen, kommunepolitikar på Sortland for Sosialistisk Venstreparti; og Stein Håkon Eilertsen, leiar i Norges offisersforbund avdeling Andenes. Appellantar er Viktoria Linea Høybakk, styremedlem i Nordland AUF; Hilde Flobergseter, leiar i Aksjon Bevar Andøya flystasjon; og John Helmersen, leiar i LO i Vesterålen. Du høyrer dei på Folkets Hus i Andenes frå klokka 17.00.

Bodø: Hovudtalar er Rita Lekang, distriktssekretær for LO i Nordland. Appellantar er Ida Pinnerød, ordførar i Bodø for Arbeidarpartiet; Synne Høyforslett Bjørbæk, varaordførar i Bodø for Raudt; Øystein Grønning, nestleiar i Palestinakomiteen og Kirsten Springer Hasvoll frå Norsk Folkehjelp. Du høyrer dei på Folkets hus frå klokka 13.00.

Hadsel: Talarar er Bjørnar Skjæran, leiar i Nordland Arbeidarparti, og Stein Gulbrandsen frå Fagforbundet. Viktoria Linea Høybakk frå Nordland AUF er appellant. Du høyrer dei i Hurtigrutens Hus, Stokmarknes, frå klokka 14.00.

Hemnes: Hovudtalar er Martin Kolberg, stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet. Appellantar er Hilde Rønningsen frå Sosialistisk Venstreparti og Thor Aksel Ulriksen frå Raudt. Du høyrer dei på Hemnesberget frå klokka 09.45.

Lødingen: Ein av talarene er Hadia Tajik, nestleiar i Arbeidarpartiet.

Mo i Rana: Hovudtalarar er Martin Kolberg, stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet og Andrea Sjøvold, leiar i Sosialistisk Ungdom (SU). Det blir også ungdomsappellar frå AUF, SU og Raud Ungdom. Du høyrer dei i samfunnshuset frå klokka 13.00.

Mosjøen: Hovudtalar er Martin Kolberg frå Arbeidarpartiet. Appellantar er Eystein Garberg frå Elektroarbeidernes Fagforening Trøndelag og Anniken Gurijordet frå Sosialistisk Venstreparti. Ungdomsappellant er Isak Kvandal frå Vefsn ungdomsråd. Du høyrer dei på Torget frå klokka 15.00.

Narvik: Hovudtalar er Snorre Valen, nestleiar i Sosialistisk Venstreparti. Du høyrer han frå klokka 12.30.

Sandnessjøen: Hovudtalar er Christian Torset, lediar i Nordland Sosialistisk Venstreparti. Bård Anders Langø, ordførar for Arbeidarpartiet, er appellant. Ungdomsappellant er Qais Bahramkhel frå Raudt.

Sortland: Talarar er Laura Olsen, fylkestingsrepresentant for Raudt i Troms; Aase Refsnes, fylkesråd for Sosialistisk Venstreparti; og Bjørnar Skjæran, leiar i Nordland Arbeidarparti. Appellantar er Viktoria Linea Høybakk, AUF, og John Helmersen, LO i Vesterålen. Du høyrer dei i Samfunnssalen frå klokka 12.30.

Sulitjelma: Jan Davisen, leiar i Pensjonistforbundet og tidlegare Fagforbundet-leiar, er talar.

Terråk: Grete Bang frå Nordland Arbeidarparti er talar. Linda Nygård frå Fagforbundet Bindal er appellant. Du høyrer dei frå klokka 14.00.

Vestvågøy: Mona Fagerås, stortingsrepresentant frå Nordland for Sosialistisk Venstreparti, er appellant. Du høyrer ho frå klokka 13.00.

Vågan: Også her er Mona Fagerås, stortingsrepresentant frå Nordland for Sosialistisk Venstreparti, appellant. Du høyrer ho frå klokka 10.00.

Troms

Finnsnes/Lenvik: Hovudtalar er Terje Olsson, LO-sekretær. Appellantar er Willy Ørnebakk, fylkesrådsleiar i Troms for Arbeidarpartiet; Torgeir Knag Fylkesnes, stortingsrepresentant for Sosialistisk Venstreparti og Oscar Nergård frå Midt-Troms Sosialistisk Ungdom. Du høyrer dei i Lenvik Rådhus etter toget, frå klokka 12.55.

Harstad: Hovudtalar er Hadia Tajik, nestleiar i Arbeidarpartiet og Andreas Ytterstad. Appellantar er Merethe Sætran frå Norsk Folkehjelp Harstad; Aurora Bårdsen Nielsen frå Harstad Miljøpartiet dei Grøne og Dan Terje Nytrem frå Harstad Sosialistisk Venstreparti.

Den internasjonale appellen blir halden av Amir Hazrati. Ungdomsappellant er Louise M. Gustafsson frå Harstad AUF. Du kan høyre dei i Grandsalen frå klokka 12.00.

Kvæfjord: Også her er Ap-nestleiar Tajik ein av talarane.

Tromsø: Hovudtalar er Boye Ullmann, organisasjonsarbeidar i Fellesforbundet, og Åsne Skjelbred Refsdal, nestleiar i NTL Sentralforvaltningen. Det blir også appellantar frå Kvinnefronten og Solidaritet med Kurdistan.

Svalbard: Christopher Beckham, andre nestleiar i Handel og Kontor, tar turen til Svalbard.

Finnmark

Hammerfest: Kjersti Stenseng, partisekretær i Arbeidarpartiet, er talar.

Porsanger: Også her er Ap-partisekretæren ein av talarane.

Les flere saker om fagbevegelsen, arbeidsliv og politikk på vår forside

Dette er en sak fra

Vi skriver om og for arbeidsfolk i blant annet anlegg, vakt, renhold, asfalt og bergverk.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse