JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Levemannen

Harald Langstad meiner ein lærer meir av å leve enn å lese. Som å få hjerneslag, sitte i fengsel eller vere tillitsvald i NTL NAV.
ENGASJERT: 40 helger i året har eit innslag av tillitsvald arbeid. Det er slik Harald Langstad meiner det skal vere.

ENGASJERT: 40 helger i året har eit innslag av tillitsvald arbeid. Det er slik Harald Langstad meiner det skal vere.

Ole Palmstrøm

anders.hauge.eltvik@lomedia.no

Som leiar av NTL NAV Akershus, er kvardagen til Harald Langstad nærmare golvet enn parketten hos direktørane. Bursdagen no nyleg vart feira med kake klokka 8, og lesing av dokument fram til halv tre på natta. Slik er tillitsvaldlivet for han, og han kjenner seg privilegert.

Til for medlemmene

Langstad har gjort mange ting i livet. Ein oppvekst i Sogndal har ført til ei tatovering til ære for fotballaget i bygda, og ein livslang identitet til bygda.

Han var også innom studentlivet. Faren var prest, så han prøvde seg på teologistudiet før han hoppa av. Så vart det litt jus-studiar, før finanskrisa på 80-talet gjorde at han heller ville jobbe. Då blei det transportbransjen, men tillitsmannsoppgåvene har følgt Harald Langstad heile vegen.

Også etter at han vart rådgjevar for inkluderande arbeidsliv (IA) i NAV.

– Eg har slutta å gå på årsmøter. For om du opnar kjeften, blir du valt, fastslår han.

Og Langstad opnar kjeften. Han er ikkje redd for å seie i frå, eller fortelje. Når han står utanfor kontorbygget til NAV Akershus i Oslo og røykjer, får dei fleste som passerer ei helsing eller melding. Alltid med eit smil på kjøpet. Men han trur ikkje det er dét som gjer at han blir valt.

– Det er mogleg eg blir valt fordi eg er oppteken av at folk skal få uttrykke det dei står for, og bli høyrt. Eg er grunnleggjande oppteken av rettferd og anstendigheit. Eg er villeg til å strekke meg langt for folk som er ærlege og reielege. Og veldig lite villig til å strekke meg for dei som ikkje er det. Eg trur desse haldningane skin igjennom, seier han.

Langstad engasjerer seg for medlemmene i Akershus. Han åtvarar mot å gløyme at det er medlemmene sine «kvardagsproblem» som er viktigast.

– I periodar er det tøffe kvardagar for kollegane mine i NAV. Det eg fryktar litt med fagrørsla i offentleg sektor, er at vi blir meir opptekne av politikk enn av medlemsvilkår. Vi har ei rekkje medlemmer som slit med sitt. Dei er meir opptekne av eigen kvardag enn av høyringar, seier Langstad.

Utanfor A4

NAV blir kritisert frå alle hald nesten heile tida. Tillitsmannen Langstad skulle ønske at leiinga i etaten var flinkare til å plassere skulda der den høyrer heime.

– Vi hadde ei sak for litt sida der NAV vart kritisert for å krevje inn eit skjema kvart anna år frå ein med amputerte bein og ein gut med Downs syndrom. Eg har enno t il gode å møte ein NAV-tilsett som gjer utrykk for at Downs er noko som «går over». Der er ikkje NAV flinke nok som organisasjon t il å plassere ansvaret der det høyrer heime. Vi gjer det politikarane og departementet har sagt vi skal gjere.

IA-rådgjevaren meiner også at NAV gjer for lite for å oppfylle IA-målet om rekruttering blant eigne rekkjer. Han er redd det blir for mykje høgskulekrav og for lite «livskompetanse».

– Eg skulle ønskje eg såg ein utlysningstekst frå NAV som sa: «NAV søkjer tørrlagt alkoholikar som rettleiar» eller «Hjelpemiddelsentralen søkjer tilsett med amputerte bein». Vi er i ferd med å miste samfunnsmangfaldet. Det er forskjell på å lese noko og leve noko, minner han om.

Opp igjennom livet har han også møtt menneske som har lært han at kjensler er til for å levast ut.

– Svogeren min frå fyrste ekteskap fekk ein skade kort etter fødselen og vart utviklingshemma. Eg hadde også ein onkel som var utanfor A4-formatet. Fellesnemnaren deira er at dei har noko ekte, uforbeholdent og ukomplisert

ved seg. Dei lever ut glede og sorg på ein heilt annan måte. Eg er bekymra over eit samfunn som har fått veldig mange psykiske diagnosar. Vi blir mindre og mindre robuste.

Dette er noko Langstad diskuterte med far sin, presten som vekte folk i bygdene med dødsbodskap om nettene.

– Folk var i større grad robuste og meir heilstøypte før. Livskrisa går på om du har ein ny eller gamal iPhone, og vi har eit kroppsideal som er feil. Då må eg seie at den impulsive og ekte gleda ein møter hos menneske som er annleis,

det genuine, er ei veldig spesiell oppleving, seier han.

Engasjementet for denne gruppa er sterkt. Så sterk at han heldt på å melde seg ut av Ap, som han meldte seg inn i ei valnatt i gledesrus:

– Eg har vurdert å melde meg ut ein gong, og det var på grunn av Jens Stoltenberg sin usedvanleg arrogante opptreden mot den jenta med Downs syndrom som møtte på Stortinget med t-skjorta «Utrydningstrua». Manglande aksept

for enkeltindividets menneskeverd er det som prøver meg veldig i forhold til min politiske ståstad.

Ikkje tungsindig

Langstad har stilt opp tidleg og seint for kollegaer og medlemmer i mange år. Den dagen dette intervjuet skjer, skal han fyrst på eit medlemsmøte i ei NAV-avdeling på ettermiddagen, før han om kvelden skal vere ordstyrar i årsmøtet i Oslo og Omegn Bussarbeiderforening, sjølv om han ikkje har jobba der på mange år.

For fire år sidan fekk han hjerneslag. Det verste med det, var å møte omgjevnadane sin reaksjon.

– Eg er genuint oppteken av ikkje å ha tungsinn. Livet består av ein del ting som ikkje er så enkelt, og det må ein ta som det kjem. Eg prøver å seie til medlemmene at alt er lærdom.

– Hjerneslaget uroar deg ikkje?

– Eg trur eg er for dum i hovudet til det. Nei, eg vart ikkje redd. Eg sa til legen at han kan gje meg det han vil, men eg skal ikkje ha rottegift og eg må ha noko eg kan drikke til. Går ikkje det, får det heller vere utan medisin. Det er noko

med det at du skal leve etterpå.

Han overlevde også eit fengselsopphald på 90-talet. Han var totalnektar til militæret, og vart den fyrste som vart dømd etter at det kom ei ny lov. Telefonen vart avlytta, og Langstad måtte til slutt sone.

– Eg brukte å løfte av røyret på telefonen på julaftan og ønskje dei som sat og lytta «God jul». I rettssaken var far min innkalla som vitne, og skulle bekrefte at eg verkeleg meinte det eg sa. Det bekrefta han, men då sorenskrivaren spurte om nokon hadde noko å legge til, rakk han opp handa og sa: «Sett han i fengsel, når han har så dumme standpunkt fortener han det», flirer Langstad.

Småbruk og traktor

Eit liv som tillitsvald krev mykje av personane og dei rundt. Langstad seier det aldri hadde gått for hans del om ikkje kona, eller «kjerringa», hadde akseptert det.

– Eg kan ikkje alltid sette min dagsorden sjølv. Dette kunne eg ikkje har drive med utan aksept heimanfrå. Eg har høyrt mykje klaging opp igjennom åra om at ein har for lite frikjøp. Eg jobbar nok med tillitsvaldarbeid 40 helger i

året, alt frå eit par timar til 12 timar. Om folk ikkje vil ta på seg meirarbeidet som tillitsvald, må dei takke nei, seier han, og legg til at han syns dei t illitsvalde i landsforeininga hadde gjort lurt i å halde på ein prosentdel «vanleg

jobb» lik han sjølv.

No er Harleyen bytta ut med traktor og småbruk utafor Gjøvik. Harald Langstad trivast med det han gjer, og takkar medlemmene for oppgåvene han får inntil dei kastar han «på huet og ræva ut».

Og så gjer han seg nokre tankar om livet til no.

– Fordelen med å byrje å bli gamal, skrukkete, halvfeit og nedsigen er at verdivurderinga blir litt annleis. Du ser kven du har eit naturlig forhold til etter ikkje å ha snakka med dei på tre år. Du har ein omgangskrets som ikkje er definert

som medgangssupporterar. Det er dei du har ein relasjon til og som er sparringpartnarar på haldningar, løysingar og verdiar gjennom eit heilt liv.

Harald Langstad (51):

HVEM: Leiar og fylkestillitsvald i NTL NAV Akershus, 80 prosent frikjøpt frå jobben som IA-rådgjevar.

HVORFOR: Tillitsvalde har ein spesiell kvardag.

CV:

Harald Langstad, (f. 26. mars 1963)

Gift med Linda, ei stedotter

Oppvaksen i Oslo, Sogndal og Østre Toten

Bur på Gjøvik

Utdanning

Har tatt delar av teologiog jusstudia.

Yrkeserfaring / verv

Jobba 25 år i transportbransjen, med lager, transport, buss og drosje.

Har vore tillitsvald i Transportarbeiderforbundet, og leiar i bussbedrift.

Var sosialtillitsvald, konserntillitsvald og styrerepresentant i Hakon-gruppa.

Dreiv hotellet han overtok etter foreldra på Sjursjøen eit år.

Har også drive butikk på Gjøvik og vore ekstrabetjent i fengsel.

Starta i Arbeidslivssenteret i NAV Akershus som IA-rådgjevar i 2008.

Vart fyrst vara fylkestillitsvald og seinare leiar i NTL NAV Akershus.

Har vore «listefyll» for Arbeidarpartiet.

Eg skulle ønskje eg såg ein utlysningstekst frå NAV som sa: «NAV søkjer tørrlagt alkoholikar som rettleiar» eller «Hjelpemiddelsentralen søkjer tilsett med amputerte bein».

Harald Langstad

Annonse
Annonse

Harald Langstad (51):

HVEM: Leiar og fylkestillitsvald i NTL NAV Akershus, 80 prosent frikjøpt frå jobben som IA-rådgjevar.

HVORFOR: Tillitsvalde har ein spesiell kvardag.

CV:

Harald Langstad, (f. 26. mars 1963)

Gift med Linda, ei stedotter

Oppvaksen i Oslo, Sogndal og Østre Toten

Bur på Gjøvik

Utdanning

Har tatt delar av teologiog jusstudia.

Yrkeserfaring / verv

Jobba 25 år i transportbransjen, med lager, transport, buss og drosje.

Har vore tillitsvald i Transportarbeiderforbundet, og leiar i bussbedrift.

Var sosialtillitsvald, konserntillitsvald og styrerepresentant i Hakon-gruppa.

Dreiv hotellet han overtok etter foreldra på Sjursjøen eit år.

Har også drive butikk på Gjøvik og vore ekstrabetjent i fengsel.

Starta i Arbeidslivssenteret i NAV Akershus som IA-rådgjevar i 2008.

Vart fyrst vara fylkestillitsvald og seinare leiar i NTL NAV Akershus.

Har vore «listefyll» for Arbeidarpartiet.