JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.
Dei gule vestane frontar mange saker. Her frå demonstrasjon mot klimaendringar, i Strasbourg 8. desember.

Dei gule vestane frontar mange saker. Her frå demonstrasjon mot klimaendringar, i Strasbourg 8. desember.

Colourbox.com

Gule vester, Frankrike:

Gule vestar foreinar høgre- og venstre: – Kan inspirere ulike folk

Dei gule vestane i Frankrike er ei stor allianse av folk på høgre- og venstresida i politikken. No må vi følge med på kva retning det tar, åtvarar internasjonalt ansvarleg i LO i Trondheim.

18.12.2018
14:58
21.08.2023 17:14

tormod@lomedia.no

Det er ikkje berre i Frankrike folk har funne fram refleksvestane. Folk over heile verda ser no mot den franske protestrørsla, og dei gule vestane har fått avleggarar utanfor landets grensar.

Den siste månaden har Frankrike stått i brann, i dei største demonstrasjonane sidan studentopprøret i 1968. Hundretusenvis av franskmenn har protestert mot dårlegare kår for franskmenn flest og president Emmanuel Macrons økonomiske reformar, blant anna med store demonstrasjonar og vegblokadar.

I utgangspunktet var det ein protest mot ein auke i drivstoffprisane, men utvikla seg til å bli ein langt breidare rørsle med støtte frå 70 prosent av befolkninga. Dei blir kalla «dei gule vestene» etter refleksvesten bilistar må ha i bilen.

Også her heime har facebookgruppa «Gule vester i Norge» fått nærmare 3.000 medlemmer. Der er det folk frå høgre- og venstresida. Facebookaktivistar av ulike slag bruker vesten som eit symbol for sine kampsaker. Til felles har dei at dei har «fått nok» av myndigheiter som ikkje lyttar og politikarar som ikkje tar befolkningas meiningar på alvor.

Fransk fagbevegelse samler seg mot Macrons økonomiske politikk

På ein farleg veg?

– Dei gule vestane kan inspirere ulike folk, sidan prosjektet ikkje seier kva som er løysinga og korleis ein skal oppnå den. Dei gule vestane kan dermed utnyttast til å styrke høgreradikale si sak, for eksempel mot innvandring, seier Karim Essahli.

Han er internasjonalt ansvarleg i LO i Trondheim. Han er også fransk statsborgar og har følgt fransk fagrørsle og franske protestrørsler i mange år.

Han viser til at mange for eksempel har tatt på seg gule vestar når dei har demonstrert mot Marrakesh-avtala (FNs migrasjonsplattform). Denne har vekka stort engasjement her heime dei siste vekene, og fleire på høgresida meiner den dikterer norsk innvandringspolitikk.

Det å ikkje ha tydelege krav og løysingar kan vere ein farleg veg å gå, sidan ein då ikkje veit kor rørsla vil ende opp, meiner Essahli.

– Vi må vere forsiktig med kva vi vil vere med å formidle og støtte her heime. Fransk fagrørsle og bønder har protestert mot denne elenda lenge, men ikkje blitt høyrd. Fagrørsla vil at ein skal betale skatt, men at dei som har mest også skal betale mest. Vi må støtte dei som har definerte krav og løysingar etter å ha ført denne kampen i mange år, seier Essahli.

I Frankrike har fagrørsla hovudsakleg vald å støtte protestane indirekte. Den tredje største hovudorganisasjonen, trotskistiske FO, har gått lengst i direkte støtte og deltaking. Dei to største, CGT og CFDT, har gitt meir indirekte støtte. Sist fredag valde CGT å arrangere sin eigen demonstrasjon for å legge ytterlegare press på Macron, dagen før dei gule vestane demonstrerte for femte veke på rad.

«De gule vestene» får gjennomslag mot Macron, men krever fortsatt presidentens avgang

Ei sosial rørsle

Kven er eigentleg desse gule vestane? Nettopp dette skaper forvirring, meiner Karim Essahli.

– I media blir det framstilt som at høgreekstreme står bak, men dei gule vestane er ein slags «arabisk vår», som ikkje er eit organ eller har ein klar agenda. Dermed oppstår det forvirring hos folk: Kven er dei og kva vil dei? Dråpa som fekk begeret til å renne over, var skattespørsmål. Men vi kjem ikkje unna å betrakte dei som ei fortsetting av sosiale rørsler som har haldt på lenge og som er ein del av misnøya mot Macrons politikk, seier han.

Den franske presidenten har innført ein nasjonal skattedugnad for å få ned klimagassutsleppa, som blant anna rammar bilistar og bønder, mange med veldig låg inntekt. Dette var utløysaren for protestane, forklarer Essahli. Men dette er ikkje alt dei kjempar for. Blant krava er tiltak mot arbeidsløyse og gjeninnføring av formue- og bustadskatt for dei rike.

Høgreradikale har, såvel som venstreradikale, uttrykt støtte til rørsla og bedd medlemmene sine delta i protestane, men Essahli meiner desse gruppene ikkje er drivkrafta.

– Vanlege franskmenn tek no på seg gule vestar, og blant vanlege folk er det sjølvsagt også både høgre- og venstreradikale, seier han.

(Saka held fram under bildet.)

Dei gule vestane frontar mange saker. Her følger politet eit demonstrasjonstog mot klimaendringar, i Strasbourg 8. desember.

Dei gule vestane frontar mange saker. Her følger politet eit demonstrasjonstog mot klimaendringar, i Strasbourg 8. desember.

Colourbox.com

Har Macron gitt etter?

Tidlegare førre veke ga presidenten etter og droppa avgiftsauken dei gule vestane kjempa mot, og varsla dessutan auke i minsteløna og andre tiltak for å betre vilkåra til franske arbeidsfolk. Fagforeiningane meiner det ikkje er nok.

– Macron set upopulære reformar på vent, men gir seg ikkje. Landet er tilbake til utgangspunktet, som er elendige forhold for franskmenn flest, seier Karim Essahli.

– Men Macron har jo erklært at minsteløna blir auka med 100 euro i månaden. Det er vel eit framsteg?

– Om du er veldig fattig, har det sjølvsagt betydning. Men det er framleis eit stort gap mellom krav og tiltak. Dei fleste i fagrørsla vil ha ei minsteløn på 1.800 euro. No er den på omtrent 1.200 euro (omtrent 11.700 norske kroner, red.mrk.). Dermed har han berre gitt hundre av seks hundre euro, og i tillegg kjem skatt. Mange i Frankrike har 200 euro igjen etter å ha betalt dei faste utgiftene sine. Då strekk ikkje auken til, svarer han.

Laurdag deltok berre halvparten så mange i protestane som veka før. Ifølge meiningsmålingar er det også færre franskmenn som vil at protestane skal fortsette. Likevel er presidenten framleis meir upopulær enn han nokon sinne har vore.

• Følg oss på Facebook

Øyvind (36) er ein av dei som krev at stemma hans blir høyrd

Her heime har altså facebookgruppa «Gule vester i Norge» fått nærmare 3.000 medlemmer på kort tid.

– Snart må vi ha to jobbar og privat helseforsikring, medan finansspekulantane kan stikke av med alle pengane. Dei rikaste har aldri tent så mykje og skillet mellom fattig og rik har auka grusamt, seier Øyvind Grønvik Schanche (36), mannen bak gruppa.

Øyvind Grønvik Schanche, aktivisten bak facebookgruppa «Gule vester i Norge».

Øyvind Grønvik Schanche, aktivisten bak facebookgruppa «Gule vester i Norge».

Privat

Han fortel at den norske gruppa er inspirert av franskmennene og famnar breidt. Til felles har dei at dei har «fått nok». Dei har fått nok av myndigheiter som ikkje lyttar og politikarar som ikkje tar befolkningas meiningar på alvor. Dei krev at stemmene deira skal bli høyrd.

– Eg kan ikkje bestemme kva folk skal gjere, folk må definere si eiga framtid og sine eigne krav. Men berre det at ein tek på seg refleksvesten er eit framsteg, seier Schanche.

Også i Øyvind Schanche si facebookgruppe er mange veldig opptatt av migrasjonsplattformen. I gruppa er det folk med tilhøyre både på høgre- og venstresida, med sine ulike kampsaker, forklarer han. Han kastar ikkje folk ut.

– Folk må skjøne at det er meir verdt at vi står saman enn at vi står aleine og kvar for oss. Vi er ferdig med splitt og hersk. Eg kjenner meg lurt, dei kjenner seg lurt. Ein kan ta handa til nokon som står på den andre sida, fordi vi er einige om noko, forklarer han og trekk fram kampen mot EØS som eit eksempel på ei sak som foreinar på tvers av partilinjer.

• Meld deg på nyhetsbrevet vårt

18.12.2018
14:58
21.08.2023 17:14

Mest lest

TRENGER FOLK: På den spanske ambassaden på Frogner i Oslo er det tre ledige stillinger, med en årslønn på rundt 250.000 kroner.

TRENGER FOLK: På den spanske ambassaden på Frogner i Oslo er det tre ledige stillinger, med en årslønn på rundt 250.000 kroner.

Kai Hovden

Reagerer på ambassadelønn: – Sjokkerende lavt

Brian Cliff Olguin

Butikkansatte får ny lønn

BITTERT: Per Olav Truberg har jobba mange år i matindustrien. Takken var oppsigelse da han havna i operasjonskø med et trøble kne.

BITTERT: Per Olav Truberg har jobba mange år i matindustrien. Takken var oppsigelse da han havna i operasjonskø med et trøble kne.

Erlend Angelo

Per Olav mistet jobben i operasjonskø: – Det er veldig sårt

BELASTENDE YRKE: Frisør og tillitsvalgt Kaja Aga Gaarder tar smertestillende for å klare arbeidsdagen. Etter en bilulykke har hun daglige smerter. Men hun tok smertestillende på jobb også før ulykken. Her fikser hun håret til Victoria Gjone.

Jan-Erik Østlie

Bruken av smertestillende øker: Kaja starter alltid arbeidsdagen med en Paracet

Unni tar gjerne på seg ekstra vakter. Hun elsker å gjøre en forskjell.

Unni tar gjerne på seg ekstra vakter. Hun elsker å gjøre en forskjell.

Eirik Dahl Viggen

Unni (65) var lei av livet som pensjonist. Da gjorde hun et uvanlig valg

Roy Ervin Solstad

Han er blant dem som har kommet med fete lønnskrav

OPPGJØR: Årets lønnsoppgjør står for døren og elektrikerne starter sine forhandlinger 22. april. Her er en Bravida-montør i sving med akkordarbeid på Drammen sykehus tidligere i år.

OPPGJØR: Årets lønnsoppgjør står for døren og elektrikerne starter sine forhandlinger 22. april. Her er en Bravida-montør i sving med akkordarbeid på Drammen sykehus tidligere i år.

Leif Martin Kirknes

Når får du ny lønn? Disse datoene må du merke deg

Håndverkere oppgir en høyere bruk av narkotika enn gjennomsnittet. Elektrobransjen frykter det kan føre til flere farlige situasjoner og ulykker på arbeidsplassene.

Håndverkere oppgir en høyere bruk av narkotika enn gjennomsnittet. Elektrobransjen frykter det kan føre til flere farlige situasjoner og ulykker på arbeidsplassene.

Leif Martin Kirknes

Økt kokainbruk blant unge elektrikere

Martine Lie satser på at et par måneder med permittering går greit.

Martine Lie satser på at et par måneder med permittering går greit.

Erlend Angelo

Potetmangel gir permitteringer i Bama

FLEST KVINNER: I rapporten kommer det fram at det ofte er unge kvinnelige ansatte, både med norsk og utenlandsk opprinnelse, som er skadelidende.

FLEST KVINNER: I rapporten kommer det fram at det ofte er unge kvinnelige ansatte, både med norsk og utenlandsk opprinnelse, som er skadelidende.

Colourbox.com

Renholdere trues med at de mister jobben om de er syke

Mats Ruland har allerede fire oppgjør på sitt bord, og skal i gang med mekling uka etter påske.

Mats Ruland har allerede fire oppgjør på sitt bord, og skal i gang med mekling uka etter påske.

Leif Martin Kirknes

Lønnsoppgjøret: Brudd i tre nye oppgjør

Renovatørene Markus Michalsen Helmundsen (t.v.) og Svein Øyvind Syse Johansen er godt kledd i gule refleksjakker, arbeidsbukser og vernesko. De får dekket alt arbeidstøy av jobben. Det får ikke barnehageansatt Alexander Filiberto (i midten).

Alle tre jobber i kommunen, men bare to får dekket alt arbeidstøy

HENTER I BARNEHAGEN: Fengselsbetjent Jørgen Myrvold samler overtid for å ha et hjem til barna. Han er helt avhengig av et godt lønnsoppgjør for å fortsette i fengsel.

HENTER I BARNEHAGEN: Fengselsbetjent Jørgen Myrvold samler overtid for å ha et hjem til barna. Han er helt avhengig av et godt lønnsoppgjør for å fortsette i fengsel.

Eirik Dahl Viggen

Jørgen (29) overlever på overtidstimer

Heiko Junge / NTB

Vær obs på dette hvis du må jobbe i påska

NÆRMERE INDUSTRIEN: Arbeidsgivere og arbeidstakere har signert på at bussbransjen må nærme seg gjennomsnittlig industriarbeiderlønn, men NHO Transport vil likevel holde seg innenfor rammene til den konkurranseutsatte industriens lønnsoppgjør.

Rodrigo Freitas / NTB

Uansett hva industriarbeiderne får i lønnstillegg, krever bussjåførene mer

Høyres Henrik Asheim er glad for å ha fått pensjonsforliket gjennom - og håper endringen er på plass allerede neste år.

Høyres Henrik Asheim er glad for å ha fått pensjonsforliket gjennom - og håper endringen er på plass allerede neste år.

Jonas Fagereng Jacobsen

Høyre vil ha superrask behandling av nye pensjonsregler

MÅLRETTA: Butikkansatt Ali Rahimi forteller arbeidsminister Tonje Brenna hvor hardt han har jobba for å lære seg norsk og få et normalt liv etter flukten fra Afghanistan.

MÅLRETTA: Butikkansatt Ali Rahimi forteller arbeidsminister Tonje Brenna hvor hardt han har jobba for å lære seg norsk og få et normalt liv etter flukten fra Afghanistan.

Brian Cliff Olguin

Ali kom fra Afghanistan som 17-åring. Han lærte seg norsk gjennom butikkjobben

BLITT BEDRE: Etter at de fikk tariffavtale, syns tillitsvalgt Benjamin Jacobsen at samarbeidet med ledelsen har blitt bedre.

BLITT BEDRE: Etter at de fikk tariffavtale, syns tillitsvalgt Benjamin Jacobsen at samarbeidet med ledelsen har blitt bedre.

Herman Bjørnson Hagen

Sjefen mente de ansatte sluntra unna. Da begynte ballen å rulle

Debatt

Felles for mange som deltar i debatten, er at de ikke er unge lenger. De fikk barn i en litt annen verden, skriver Helle Cecilie Palmer.

Felles for mange som deltar i debatten, er at de ikke er unge lenger. De fikk barn i en litt annen verden, skriver Helle Cecilie Palmer.

Agenda Magasin

Ikke mas om at jeg skal føde flere barn for å sikre din alderdom

Knut Viggen

Tidligere LO-leder blir korrupsjonsjeger

Flere saker