JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Korona-krisa:

Puma gir permitterte tilsette full lønn, mens toppsjefane får lønnskutt

– Nokre set tilsette rett på gata. Vi prøver å gå fram på ein måte som gir folk håp, seier Puma-sjef Bjørn Gulden.
RETTFERDIG: Bedrifter bør vere mest mogleg rettferdig i krise-tider, meiner Bjørn Gulden. Han har sitte i sjefsstolen i Puma dei siste sju åra, og tatt Adidas- og Nike-konkurrenten til rekord-omsetnad.

Puma

tormod@lomedia.no

Den tyske sportsklede-produsenten Puma, ein av verdas største, har blitt hardt ramma av korona-krisa. I ei rekke land er butikkane deira stengde som følge av myndigheitene sine smittevern-tiltak.

Puma sette førre veke ned arbeidstida til alle 1.400 tilsette i Tyskland, fram til 13. april. Butikk-tilsette er ikkje på jobb i det heile, mens tilsette på hovudkontoret går 50 prosent ned i arbeidstid.

Alle får likevel full lønn.

p

Samtidig seier dei tre øvste sjefane i selskapet frå seg lønna for april. Resten av toppleiinga tar eit lønnskutt på 25 prosent.

– Det å kutte i si eiga lønn er veldig enkelt. Det kan eg bestemme på to sekund. Vi må kutte kostnader. Då må ein begynne med seg sjølv, seier Bjørn Gulden, administrerande direktør i Puma, til FriFagbevegelse.

Full lønn for tilsette

I motsetnad til leiinga, får tilsette på golvet full lønn. Grunnen er delvis den tyske lønnsrefusjons-ordninga. Den gir støtte til bedrifter med økonomiske utfordringar, som set ned arbeidstida i staden for å seie opp tilsette.

Staten dekker 60 prosent av lønnskostnadene for tida tilsette ikkje jobbar. For tilsette med minst eitt barn, dekker staten 67 prosent. (Sjå faktaboks nedst i saka.)

Bedriftene kan sjølv velje å betale mellomlegget. Det har Puma gjort.

– Så lenge vi har moglegheit, gjer vi det sånn, seier Gulden.

– Den største utfordringa vår er varekostnadene, ikkje lønnskostnadene, poengterer den tidlegare fotballspelaren frå Hallingdal.

p

Lågare omsetnad

Puma omset vanlegvis varar for 500 millionar euro i månaden. No er omsetnaden nede i 100 millionar, men kostnadene dei same som før.

Gulden seier dei likevel forsøker å gi alle 14.000 tilsette i 130 land, full lønn dei neste fire vekene.

– Nokre set tilsette rett på gata. Vi prøver å gå fram på ein måte som gir folk håp.

Det finst lyspunkt i krisa, understrekar han: Den kinesiske marknaden er på veg tilbake. Onsdag opna Puma butikken sin i Wuhan der dei første utbrota av koronaviruset vart oppdaga.

– Alle tilsette er friske og tilbake på jobb. Vi kan ikkje berre vere negative. Dette kjem til å gå over, seier Gulden.

Rettferdig

Puma har 2.500 butikkar i Kina, gjennom partnarar. Dermed fekk selskapet ein forsmak på korona-krisa, som dei klarte å komme seg gjennom.

– Har du eit råd til andre toppsjefar i same situasjon?

– Du må handtere krisa på kort sikt for å overleve, og samtidig sikte lenger. Du har eit ansvar for eigne tilsette, leverandørar og partnarar. Dei som er kyniske og prøver å dra fordelar av krisa, trur eg vil komme dårleg ut av det.

p

– Kommuniser godt og ver open med alle partar om kva som skjer. Prøv å vere så rettferdig som du kan, oppfordrar toppsjefen.

Kurzarbeit

er når bedrifter gir tilsette kortare arbeidstid for å unngå oppseiingar, i bytte mot lønnsrefusjon frå staten. Ordninga blir skildra som ein av grunnane til at Tyskland kom godt ut av finanskrisa frå 2008.

Nærmare ein halv million bedrifter har søkt om støtte, sa den tyske regjeringa tysdag. Dei forventar at to millionar arbeidstakarar vil ha nytte av ordninga.

Krava er at bedrifta har gitt minst 10 prosent av dei tilsette kortare arbeidstid, og at reduksjonen i arbeidstid er på minst 10 prosent.

Staten dekker 60 prosent av lønna for tida tilsette ikkje jobbar, og 67 prosent for tilsette med minst eitt barn. Arbeidsgivaravgifta blir også refundert.

Bedriftene kan motta støtta i 12 månader.

Annonse

Flere saker