JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Lokførerstreiken

Solvik-Olsen kan ha løysinga for togstreiken

Dei streikande lokførarane vil det. NSB vil også. Samferdselministeren kan sitte med løysinga for togstreiken.
HAR HAN NØKKELEN? Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen har starta eit arbeid som skal sjå på najonale krav til å bli lokføar. Signal om bindande krav til kompetanse kan få partane på gli, fortel NLF.

HAR HAN NØKKELEN? Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen har starta eit arbeid som skal sjå på najonale krav til å bli lokføar. Signal om bindande krav til kompetanse kan få partane på gli, fortel NLF.

stortinget.no/Ole Palmstrøm (montasje)

oystein.windstad@lomedia.no

Stridens kjerne i togstreiken er kva krav det skal vere for å bli sertifisert lokførar. Lokførarane fryktar at det skal bli ulike kompetansekrav på dei forskjellige strekningane. NSB på si side ønskar ikkje at krav til kompetanse for sertifisering skal vere ein del av tariffavtalen.

Til saman 118 lokførarar er tekne ut i streik. Tirsdag morgon var det store køer på veg inn til Oslo, fordi Østfoldbanen er stengt.

Så langt er det ikkje noko teikn til at partane nærmar seg dialog og ei mogleg løysing.

Ingen kontakt mellom lokførere og Spekter

Partane vil det same

Samtidig med at partane ikkje blir einige om krav til sertifisering skal stå i tariffavtalen, er begge partane opne for dette: At det kjem nasjonale sertifiseringskrav og standard for lokførarutdanning.

Om det kjem slike krav, vil grunnlaget for konflikten mellom lokførarane og NSB vere ordna opp i.

– Absolutt, det er ingen tvil om at NSB vil ha ein nasjonal standard. Vi har heller ikkje sagt at denne standarden skal vere mildast eller strengast mogleg. Vi er opptekne av at det skal vere ein god nasjonal standard som gjer at sikkerheita blir ivareteke og at vi har dyktige og kompetente lokførarar i framtida, seier kommunikasjonssjef for NSB persontog, Åge-Christoffer Lundeby.

Samferdselminister Ketil Solvik-Olsen og hans departement ønskar ikkje å uttale seg om denne saka og streiken. Dei viser til at det er starta eit arbeid med å lage ein nasjonal veiledar om krav til opplæring og sertifisering.

– Kompetanse er verdt å streike for

– Kan ha løysing

Rolf Ringdal er leiar av Norsk lokomotivmannsforbund, NLF. Han viser at til at arbeidet regjeringa har starta vil ta tid og at lokførarane spela inn problemstillinga for over eit år sidan.

ØNSKER SIGNAL: Rolf Ringdal er leiar av Norsk lokomotivmannsforbund. Han trur prosessen regjeringa har starta vil ta tid, men er open for at forpliktande signal frå regjeringa kan vere med å føre til ei løysing på streiken.

ØNSKER SIGNAL: Rolf Ringdal er leiar av Norsk lokomotivmannsforbund. Han trur prosessen regjeringa har starta vil ta tid, men er open for at forpliktande signal frå regjeringa kan vere med å føre til ei løysing på streiken.

Øystein Windstad

– Statsråden må sikre at det kjem forpliktande og bindande formuleringer i ei nasjonal forskrift som slår fast dei offentlege krava til sertifisering. Kjem det forpliktande kompetansekrav, kan løysinga ligge her, seier Ringdal og legg til:

– Tradisjonelt vil det ta lang tid å lage ei slik forskrift som må til. Men, om Samferdselsdepartementet kjem ut med forpliktande ting som partane kan akseptere, så kan det vere ei løysing, fortel forbundsleiaren.

Lokførarane har varsla at dei vil trappe opp streiken mot slutten av veka, om situasjonen ikkje forandrar seg.

Lokførerne vurderer opptrapping av togstreiken

Dette er en sak fra

Vi skriver om de ansatte i alle deler av jernbanen og busstransport.

Les mer fra oss

Annonse

Flere saker

Annonse