JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Etterlyser ein meir aktiv samferdselsminister

SV og Sp vil presse regjeringa til å ende togstreiken

SV planlegg eit stortingsforslag som løyser togstreiken: – Om ikkje samferdselsministeren handlar, gjer vi det, seier Kirsti Bergstø.
MED FORSLAG: SV og Kirsti Bergstø vil kome med eit eige stortingsforslag om ikkje regjeringa får fortgang i arbeidet om nasjonale krav til lokførarutdanning (arkivfoto)

MED FORSLAG: SV og Kirsti Bergstø vil kome med eit eige stortingsforslag om ikkje regjeringa får fortgang i arbeidet om nasjonale krav til lokførarutdanning (arkivfoto)

Øystein Windstad

oystein.windstad@lomedia.no

Både SV og Senterpartiet legg no press på regjeringa for at dei skal kome med eit tiltak som vil stoppe streiken.

Dei streikande lokførarane og arbeidsgjevarane i NSB er samde om at dei ønskar ein nasjonal standard for utdanning av lokførarar. Streiken og stridens kjerne er at lokførarane vil ha ein slik standard sikra i tariffavtalen. Det vil ikkje NSB.

Stortingsrepresentant Kirsti Bergstø (SV) meiner samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen kan løyse problemet:

– Samferdselsministeren har nøkkelen. Eg meiner heilt klart at det neste trekket er at ministeren kjem med ei løysing som sikrar fagleg forsvarlegheit. Solvik-Olsen bør vere tydeleg på at det skal vere forpliktande nasjonale føringar for kompetansekrav for lokførarane.

LANGE KØER: Det har vore lange køer blant anna inn mot Oslo som følge av togstreiken. Østfoldbanen er heilt stengt og tilsaman 118 lokførarar er tekne ut i streik.

LANGE KØER: Det har vore lange køer blant anna inn mot Oslo som følge av togstreiken. Østfoldbanen er heilt stengt og tilsaman 118 lokførarar er tekne ut i streik.

Ole Palmstrøm

Etterlyser ein meir aktiv minister

Bergstø seier ho gjev si fulle støtte til dei streikande lokførarane og etterlyser ein meir aktiv minister som kan få toga til å rulle igjen:

– Når toga står og streiken strekk ut i tid, bør regjeringa tenkje konstruktivt. Vi er alle tent med at faglegheita blir holdt høgt oppe og at passasjerane føler seg trygge.

– Kva vil SV gjere?

– Vi vil sjå på kva ministeren og regjeringa gjer. Om det som kjem ikkje er godt nok, vil vi fremme forslag om nasjonale krav til kompetanse. Vi vil vurdere stortingsforslag og vil sjå på dette i samarbeid med lokførarane. Det er viktig at dei forslaga som kjem frå politisk hald er forslag som treff.

– Når vil de stille forslag?

– Om det ikkje kjem noko i løpet av dagen, vil eg ta opp saka og høyre kva som er den konkrete plana til regjeringa. Streiken strekk ut i tid og det er tungt for dei som er i konflikt. Det som er mest konstruktivt er at regjeringa tek ansvar for ei løysing som partane kan leve godt med.

Sp med spørsmål til statsministeren

Under Stortingets spørretime onsdag gjekk Janne Sjelmo Nordås (Sp) på talarstolen og viste til saka på frifagbevegelse.no om at ei ny forskrift frå samferdselsministeren kan løyse streiken:

– Staten kunne ha løyst dette greit med å forskriftsfeste krava til utdanning for lokførarane. Det er grunnen til at eg spurte om statsministeren kunne ta initiativ til å få fastsatt ei slik forskrift, i stadan for å vente på eit møte som er planlagt om to veker. Det vil vere positivt for både sikkerheit og lokførarane om ein får på plass ei forskrift som sørgar for same krav til utdanning uavhengig av kva selskap ein jobbar i, seier Sjelmo Nordås.

Ho viser til at Sp er generelt kritisk til konkurranseutsettinga av jarnbanen og at dei ønskar å reversere jarnbanereforma om dei kjem i regjering.

Samferdselminister Ketil Solvik-Olsen og Samferdselsdepartementet har sagt at dei ikkje ønskar å uttale seg om streiken og konflikta.

Dei viser vidare til arbeidet om å få på plass ein nasjonal veiledar til kompetansen lokførarane skal ha, og at dette no er sendt over til Jernbanetilsynet.

Statsminister Erna Solberg gjentok bodskapet under spørretimen og la til at dei tek sikkerheit på jarnbane på alvor.

Flere saker om lokførerstreiken:

– Sjåfører skal ikke kjøre buss for tog under streiken
Lokførerne vurderer opptrapping av togstreiken
Ingen kontakt mellom lokførere og Spekter
– Kompetanse er verdt å streike for
Massiv støtte til lokførernes streik

Dette er en sak fra

Vi skriver om de ansatte i alle deler av jernbanen og busstransport.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse