JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Thomas Seltzer: Den amerikanske draumen står sterkare i Norge enn i USA

Planen var alltid å flytte til USA, men no er Thomas Seltzer glad dottera kan vekse opp i Norge.
Thomas Seltzer

Thomas Seltzer

Jørn Norstrøm / NRK

tormod@lomedia.no

– Det er lettare å lukkast i Norge enn i USA. Den norske modellen har meir av den amerikanske draumen i seg, seier han.

Sånn har det ikkje alltid vore. I 1950 såg framtida lys ut for middelklassen i USA som berre vart rikare og rikare, mens den nærmast har forsvunne 70 år seinare. Kva har skjedd?

I NRK-serien UXA har Thomas Seltzer sett på utviklinga. Han trekker fram nedgangen i talet fagorganiserte som ein viktig grunn til at den amerikanske draumen kunne døy.

Han peikar i dette intervjuet på fagforeiningsknusing, lobbyisme og finanskrisa som noko av det som førte USA ut i kaoset som skape Trump.

3. november vel USA ny president.

Denne skaper debatt: Eva (60) mister jobben hun fikk som 18-åring. Nå flyttes suksessfabrikken ut av Norge

USA går til helvete

Den amerikanske draumen kan sjåast som ein kontrakt, forklarer Seltzer: ein kontrakt som seier at i Amerika skal du få eit betre liv dersom du jobbar hardt, og barna dine skal få eit enda betre liv enn deg.

– Men det har snudd, seier han.

Blant amerikanarane fødd i 1940 fekk nesten alle høgare inntekt enn foreldra sine. Hoppar vi fram til dei fødd i 1984, gjeld dette berre halvparten.

– Kontrakten er broten, seier Seltzer.

– USA går til helvete, men USA går også så det susar. Sjå på børsen! USA er framleis verdas største pengemaskin. Enorm velstand blir skapt i USA.

På slutten av 70-talet begynte forskjellane i fordelinga av inntekt å auke. I same periode har talet fagorganiserte blitt halvert, til skarve ein av ti amerikanarar.

– Er det tilfeldig eller ein samanheng? Eg tenker det er ein samanheng, seier Seltzer.

Altså: Utan sterke fagforeiningar blir verdiane skeivt fordelt, og den amerikanske draumen forsvinn i horisonten.

AAP-forlengelse løper ut: – Mange vil havne på sosialhjelp eller ingenting, sier Nav-forsker

Knuste fagrørsla

Kvifor er færre medlem i ei fagforeining? Seltzer peikar på ein streik i 1981, då president Ronald Reagan beordra føderalt tilsette flygeleiarar tilbake på jobb.

Då dei nekta, gav han 11.000 tilsette sparken og sette eit eksempel som også mange private arbeidsgivarar også har latt seg inspirere av.

– Dermed øydela han streikevåpenet. Det er stadig streikar i USA, men det heng heile tida over deg at du kan miste jobben, seier Seltzer.

Han trekker også fram dei statlege «Right to work»-lovane. Dette er reglar som hindrar «Union shops» der alle må betale kontingent til fagforeininga som forhandlar lønna.

– Det er ein jævla effektiv måte å knuse fagrørsla på, seier han.

Mye lest: Nav anklager lege for å legge til rette for trygdemisbruk

Fellesskap

Fagrørsla ligg i blodet. Seltzer har ein far som er tidlegare tillitsvald i Teamsters, transportarbeidarforbundet i USA.

Når norsk venstreside kritiserer amerikansk kulturimperialisme, er svaret frå faren:

– Då får dei slutte å gå i 1. mai-tog, for det var det vi som fann opp. Då får dei slutte å vere medlem i LO, for det var det vi som fann opp, imiterer Seltzer.

Han viser til at Martin Tranmæl lærte seg organisasjonsarbeid, strategi og ideologi som ung målarsvein i USA på starten av 1900-talet. Lærdommen tok Tranmæl med seg heim for å bygge arbeidarrørsla i Norge.

– Den norske modellen er eigentleg eit resultat av den amerikanske draumen, meiner Seltzer.

Han er ikkje einig i fortellinga om at fattige amerikanarar er egoistar som går rundt og ventar på å bli rike. Folk flest vil for eksempel at regjeringa skal sørge for helsetenester til alle uavhengig av inntekt, ifølge meiningsmålingar.

– Amerikanarar er fans av fellesskapsløysingar, men USA er også eit oligarki der pengane styrer politikken.

Regjeringen strammer inn: – Ikke gi oss dagpengekutt i julegave, sier permitterte Magne

Spikar i kista

Han trekker fram to spikrar i kista på den amerikanske draumen. Den eine var Citizens United-dommen frå amerikansk høgsterett i 2010, som opnar fullstendig opp for pengar i politikken. Og så var det finanskrisa.

Då han var i USA for seks år sidan, merka han at fleire vennar hadde fått dårleg ande. Kompisen hans forklarte at han ikkje hadde vore hos tannlegen sidan finanskrisa i 2008.

– Når tennene til middelklassen begynner å rotne, då er det eit økonomisk system som har svikta, seier Seltzer.

Bankane tok bustadane til lånetakarar som ikkje kunne betale avdrag. Seinare fekk dei redningspakker frå staten i trillionar dollar-klassen. Først tok bankane heimane til folk, så tok dei skattepengane:

– Det er den største overføringa av velstand frå vanlege folk til ein økonomisk elite i verdshistoria, seier Seltzer.

– Det sviket er eit demokratisk problem og gjer at folk ikkje stoler på systemet lenger, seier han.

Finanskrisa kunne skje fordi Bill Clinton i 1999 fjerna Glass-Steagall-lovene som regulerte bankverksemda, meiner Seltzer.

Fått med deg dette? 350.000 dagpengemottakere kan gå glipp av feriepenger neste år

Trump har svikta

Clinton-familien må også ta mykje av skulda for at Donald Trump vart president i 2016, meiner Seltzer, etter at tidlegare industristatar vippa valet i favør Trump.

– Drar du til mange av dei gamle industristadane, stålbyane i USA, så er Bernie Sanders meir populær enn Trump. Men dei stemte på Trump, for det var om å gjere å ikkje stemme på Hillary, seier Seltzer.

Hillary Clinton har ei fortid som styremedlem i Walmart som er kjent for låge lønningar, eigd av den søkkrike Walton-familien med tette band til Clinton-paret.

Ektemann Bill Clinton er heller ikkje populær blant tidlegare industriarbeidarar. Som president innførte han frihandelsavtala Nafta i 1994 og slepte Kina inn i WTO i 2001.

Seinare har hundretusenar jobbar forsvunne til Mexico og millionar til Kina.

Trump har kritisert frihandelsavtalene og omtalt opioidkrisa som har ramma dei avindustrialiserte områda i USA.

– Bortsett frå det har han svikta, meiner Seltzer og viser til Trump sine dereguleringar og skattekutt som kjem dei rikaste til gode.

Slik gikk det da private overtok barnehagene: Det ble dyrere og de ansatte fikk lavere lønn

Bernie bro

Han trur motkandidaten Joe Biden kjem til å vinne presidentvalet, sjølv om Seltzer ikkje har store forventingar. Biden er tidlegare senator frå skatteparadiset Delaware, og har gjennom karrieren hatt store kredittkortselskap i ryggen.

– Det er pengane som rår, seier Seltzer.

Sjølv er han amerikansk statsborgar og har stemt i vippestaten Wisconsin. Han vil ikkje seie på kven, men avslører:

– Eg stemte Bernie i primærvalet, begge gongane. Eg er ein «Bernie bro», det er det ingen tvil om.

Bernie Sanders er kjend for å vise til skandinaviske land som Norge når han snakkar om velferdsordningar som gratis helsetenester og utdanning.

Då Thomas Seltzer og familien flytta Norge på 70-talet, synest han det var eit kjedeleg, grått land og ville tilbake til USA.

– Det var som å komme til eit bygdesamfunn i Sovjetunionen, fortel han.

– Men den norske modellen har vore bra for livet mitt. Eg tenker det er bra at dottera mi Ellinor kan vakse opp i Norge.

Annonse

Flere saker

Annonse