JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.
TETT PÅ: Barnepleiar Laila Bøthun blir godt kjend med dei små og familien deira på intensivavdelinga for nyfødde på Ullevål.

TETT PÅ: Barnepleiar Laila Bøthun blir godt kjend med dei små og familien deira på intensivavdelinga for nyfødde på Ullevål.

Erik M. Sundt

Laila er med og reddar barn som er fødde i veke 22. Ho blir skremt når nokon vil flytte abortgrensa til veke 24

Barnepleiar Laila Bøthun syns det er skummelt at fleire ungdomspolitikarar tek til orde for å utvide grensa for sjølvbestemt abort frå 12 til 18 eller 24 veker. I åra 2014–2017 overlevde 16 barn som var fødde i veke 22.
2018101010330020181010125600

karin.svendsen@fagbladet.no

Laila meiner det er hårreisande å ville flytte abortgrensa heilt til veke 24.

– Vi bergar jo barn allereie i veke 22, seier barnepleiaren.

Pappa Daljit Singh rettar på luene og småpratar med dei to småjentene. Dei er ikkje lengre enn ein vaksen underarm og veg fem kilo til saman. Dei ligg i den vesle dobbeltsenga, eit trygt lite reir for nyfødde.

Barnepleiar Laila Bøthun står ved sida og ser på. Med hendene på ryggen. Jobben hennar er mellom anna å observere, støtte og vegleie nybakte foreldre.

– Det er først og fremst pappa som skal bli kjent med barnet og trygg på si nye rolle som forelder. Mi oppgåve er å støtte og vegleie, seier Laila. Innimellom nikkar ho anerkjennande til faren og gjev råd når han lurer på noko.

Dei to jentene på stellebordet er blant dei store babyane på intensivavdelinga for nyfødde på Barnesenteret ved Ullevål sjukehus i Oslo. Dei kom til verda ved keisarsnitt etter litt over 36 veker, om lag fire veker før termin.

Klamrar seg til livet

På Barnesenteret er dei aller minste kanskje dei aller største mirakla. Laila fortel at det blir fødd fleire og fleire barn som veks opp og klarer seg fint etter 24 vekers svangerskap.

– Dei er sterke sjølv om dei er små, og vi ser at dei klamrar seg til livet, fortel ho.

Barnepleiaren syns difor det er skummelt at fleire ungdomspolitikarar no tek til orde for å utvide grensa for sjølvbestemt abort frå 12 til 18 eller 24 veker.

– Hårreisande. Vi bergar jo barn allereie i veke 22, seier ho.

Fagleg leiar i Norsk nyfødtmedisinsk nyfødtregister, Arild Rønnestad, opplyser at i åra 2014–2017 overlevde 16 barn som var fødd i veke 22. Born som er fødde mellom veke 22 og 27, blir rekna som ekstremt premature.

KUNSTEN Å HALDE SEG I RO: Barnepleiaren støtter og vegleidar medan pappa blir trygg på nye oppgåver.

KUNSTEN Å HALDE SEG I RO: Barnepleiaren støtter og vegleidar medan pappa blir trygg på nye oppgåver.

Erik M. Sundt

Ingen kvileheim

Daljit har vore på denne avdelinga saman med familien i to dagar etter det planlagde keisarsnittet for ei veke sidan. Kvar tredje time må han sjekke temperaturen, skifte bleie og leggje jentene til mors bryst eller gje mjølk frå flaske.

– Dette er ingen kvileheim, ler han.

Han syns det er godt å ha fagpersonell rundt seg heile tida, mellom anna av di det ikkje er lett å vite om barna får nok næring.

Kjærleik må til

Laila jobbar tett med familien til dei små som kjem til intensivavdelinga.

– Ei rettesnor for meg i møte med familiane er at magefølelsen til mor er riktig inntil det motsette er bevist, seier barnepleiaren.

Ho meiner at omsorga og kjærleiken til barnet kjem av seg sjølv viss foreldra kjenner seg knytt til barnet. Hud mot hudkontakt er i hennar auge det som skal til for å styrke denne kjensla hos foreldre.

– Ei av mine oppgåver å gjere foreldra trygge. Da får dei små det dei treng: kjærleik, meir kjærleik og endå meir kjærleik. Får dei det, da går det barnet vel, meiner Laila.

I så måte er det liten tvil om at jentene til Ravinder og Daljit er heldig stilte. Foreldra stråler om kapp; han ståande ved stellebordet medan han kler på storesøster; ho sit i lenestolen og ventar på å få gje barnet mat.

Treng ofte ekstra ernæring

Laila får god bruk for vidareutdanninga ho har som ammevegleiar. Ho forklarer at det er så pass komplisert å få i seg mjølk at dei minste kan gløyme korleis det skal gjerast frå gong til gong. Det er eit krevjande koordinasjonsarbeid å suge, puste og svelgje samstundes. Uansett om det skjer med pupp eller flaske.

Barnepleiarane legg ein sonde for ekstra tilførsel av mat frå nase til mage på dei aller fleste barna som er fødde for tidleg.

– Berre viss mor ikkje får opp produksjonen, får barnet flaske, fortel ho.

KLAR FOR Å JOBBE: Veslesyster er snart ferdig stelt og klar for eit måltid ved mors bryst.

KLAR FOR Å JOBBE: Veslesyster er snart ferdig stelt og klar for eit måltid ved mors bryst.

Erik M. Sundt

Lett å gløyme

Det er slett ikkje heile dagen at barnepleiarane på intensivavdelinga står roleg og vegleiar nybakte foreldre. Alarmen går rett som det er, og da kan det stå om livet til ein av dei små.

– Heldigvis er vi eit team med brei kompetanse, og vi arbeider godt i lag, syns Laila.

Ein slik situasjon kan oppstå til dømes når eit av barna sluttar å puste.

– Eit prematurt barn kan rett og slett gløyme å puste, fortel barnepleiaren.

Da fell pulsen fort, og barnet får ikkje oksygen. Pleiarane må da hjelpe barnet med å få i gang pustefunksjonen igjen.

Viktige rutinar

– Ein stor del av kvardagen vår går med til å teste barna for sjukdommar og førebyggje skadar, fortel Laila. Døme på slike oppgåver er:

* Nyfødtscreening som kan avdekke 23 alvorlege sjukdommar

* Testing for Føllings sjukdom

* Blodprøve for å avsløre gulsott, lågt blodsukker eller mangel på vitamin og mineral

Tett på barn med abstinens

Ei lita, men krevjande pasientgruppe på intensivavdelinga for nyfødde er barn til rusmisbrukarar. Barnepleiarane er den yrkesgruppa som arbeider tettast på denne pasientgruppa. Dei blir godt kjende med dei små, for dei er ofte innlagde til observasjon og behandling i fleire månader. Dersom dei har abstinens, får dei morfin i stadig mindre doser.

– Vi merker at når mor går over til LAR-behandling, får barnet hardare abstinensar enn ungane til dei som framleis bruker stoff, fortel Laila.

I tillegg til abstinensar er desse pasientane ofte plaga med pusteproblem og sprutoppkast. Pleiarane må også følgje med på avføring, motorikk og sosial utvikling.

Vil endre abortlova

Etter abortlova frå 1975 er det kvinna sjølv som avgjer om ho vil gjennomføre svangerskapet eller ikkje «såfremt inngrepet kan skje før utgangen av tolvte svangerskapsuke….».

Fleire politiske ungdomsorganisasjonar er nå på gli i abortspørsmålet. Leiar i Unge Venstre, Sondre Hansmark, har gått lengst. Han går inn for å utvide retten til sjølvbestemt abort frå 12. til 24. veke.

På den andre sida står KrFu. Dei har tidlegare støtta abortlova, men går nå imot sjølvbestemt abort.

Systematisk vegleiing

I vegleiing av nybakte foreldre nyttar pleriarane på Ullevål ein metode kalla NBO (Newborn Behavior Observation) der dei observerer spedbarnets atferd. Metoden går ut på å observere 18 trekk ved atferden, men berre nytte dei elementa som passar kvart einskild barnet. Målet er å se og undre seg over hva barnet forteller gjennom kroppsspråk og ansiktsuttrykk, styrke tilknytningen mellom barn og foreldre og bygge allianse mellom familie og hjelper.

{"418140":{"type":"m","url":"/image-3.418140.57587.ada7fc3526","cap":"KUNSTEN Å HALDE SEG I RO: Barnepleiaren støtter og vegleidar medan pappa blir trygg på nye oppgåver.","s":"","sb":"","stype":"","sbg":"","sco":""},"418144":{"type":"m","url":"/image-3.418144.57587.71a9764bde","cap":"KLAR FOR Å JOBBE: Veslesyster er snart ferdig stelt og klar for eit måltid ved mors bryst.","s":"","sb":"","stype":"","sbg":"","sco":""},"tittel":{"color":"#000000","fontsize":"77","bgc":"#ffffff","bgo":1,"bgh":"100%","pos":"2","shadow":false},"extrafiles":{"js":"","css":""},"fb":[{"type":"f1","title":"Difor blei eg barnepleiar:","closed":true,"place":"Treng ofte ekstra ernæring"},{"type":"f1","title":"For tidleg fødde","closed":true,"place":"Kjærleik må til"},{"type":"f1","title":"Barnepleiar","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"For tidleg fødde","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""}],"si":[{"title":"«Barnet har det best når det ligg inntil mor si som ein kenguruunge»","place":"Dei to jentene på stellebordet er blant "},{"title":"","place":""},{"title":"","place":""},{"title":"","place":""},{"title":"","place":""},{"title":"","place":""},{"title":"","place":""},{"title":"","place":""},{"title":"","place":""},{"title":"","place":""}],"us":[{"type":"f2","title":"Vil endre abortlova","closed":false,"place":"Klamrar seg til livet"},{"type":"f1","title":"Systematisk vegleiing","closed":false,"place":"Lett å gløyme"},{"type":"f1","title":"Barnepleiar","closed":false,"place":"Tett på barn med abstinens"},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""},{"type":"f1","title":"","closed":false,"place":""}],"lpage":{"exist":false,"color":"#000000"},"cpage":{"iscpage":false,"mpage":""}}

Difor blei eg barnepleiar:

Barn er sårbare menneske, og dei treng ein god start for å få eit godt liv. Det er fint å få vere med i denne første, viktige tida i barnas liv.

namn: Laila Bøthun

alder: 40 år

yrke: Barsel- og barnepleiar

bor: Bærum

For tidleg fødde

* Eit svangerskap varer i cirka 40 veker. Om lag ti prosent av alle barn blir fødde for tidleg. Dei som blir fødde før veke 37 i svangerskapet eller som veg under 2,2 kilo, blir rekna som premature.

* Vanlege komplikasjonar den første tida er låg kroppstemperatur, risiko for pustestopp og fare for infeksjonar av di immunforsvaret ikkje er ferdig utvikla. Dei treng ofte oksygenbehandling og respirasjonsstøtte samt intravenøs ernæring.

* Nokre barn blir fødde spontant for tidleg. Andre blir tatt tidleg på grunn av morkakesvikt. Det hender også at det blir sett i gang ein tidleg fødsel av di mor treng kreftbehandling.

Barnepleiar

Barsel- og barnepleie er ei vidareutdanning for helsefagarbeidarar.

Barnepleiarane kan mellom anna assistere ved fødsel, vegleie barselkvinner i amming og pleie nyfødde og sjuke barn.

Fagskolen i Østfold, Fagskolen Innlandet og Folkeuniversitetet har Nokut-godkjend vidareutdanning i barsel- og barnepleie.

Dei fleste barsel- og barnepleiarar arbeider på føde- og barselavdeling, barneavdeling, intensivavdeling for nyfødde på sjukehus og på avanserte heimesjukehus.

Fagforbundet har om lag 1.100 medlemmer i denne yrkesgruppa.

Kilde: NOKUT og Fagforbundet

«Barnet har det best når det ligg inntil mor si som ein kenguruunge»

Laila Bøthun