JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Streik i NSB:

Lokførarane har Noregs sterkaste streikevåpen

Om ikkje leiinga i NSB går med på krava til lokomotivførarane har dei eit våpen som ingen andre i Norge har.

Øystein Windstad

Torsdag blei 71 lokførarar tekne ut i streik etter at det blei brot i forhandlingane mellom LO Stat og Spekter. Det førte til at 170 tog blei innstilde torsdag. Det springande punktet er lokførarane sitt krav om nasjonal standard for å kunne kjøre tog og bli lokførar. Etter over 17 timars forhandlingar blei det brot i forhandlingane:

– Vi har ikkje eit ønske om å streike. Vi har heller ikkje noko ønske om å hale ut denne streiken. Det vi vil er å få arbeidsgjevaren tilbake til forhandlingsbordet, slik at vi kan bli einige om ei fornuftig ordning som ivaretek kompetanse og sikkerheit på norsk jarnbane, sa Rolf Ringdal, leiar i Norsk Lokomotivmannsforbundet (NLF) på pressekonferansa hos LO Stat torsdag morgon.

Han viser til at i eksempelvis Sverige har ein ein nasjonal standard for kva som skal til av kunnskap for å bli lokførar.

Lokførere: – Kompetanse er verdt å streike for

Fryktar for sikkerheita

I 2017 skal fleire linjer i Norge leggast ut på anbod. NSB kjem til å konkurrere på linje med andre om å kunne drive jarnbanestrekka. Lokomitførarane er redd for at det kan bli lagt press på krava om sertifisering:

– Det har kome fram under forhandlingane frå konsernsjefen i NSB at dei ønskar å kunne diffrensiere kompetansa til lokførarar, etter kva bane dei skal kjøre og kanskje lage ei forenkla utdanning. Det betyr at ein splittar opp eit system med tanke på sikkerheit og kompetanse. Det vil kunne svekke sikkerheita i verste fall. Vi er forbanna over at NSB tenkjer i dei baner, seier Ringdal til LO Media.

Her er landene som lykkes med jernbanen

Norges sterkaste streikevåpen

Om konflikta tilspissar seg og varer har Ringdal og lokførarane eit unikt verktøy og våpen. Han er leiaren av den yrkesgruppa i Norge der flest er organisert og medlemmer av ei fagforening. Det er rundt 1400 aktive lokførar i dag. Av dei er over 99 prosent fagorganiserte. Det vil sei at om ikkje Spekter og leiinga i NSB går med på krava til LO Stat og NLF, kan lokførarane sette hardt mot hardt og i teorien ta ut alle i streik. At så mange er fagorganisert er unikt, sjølv i norsk samaheng. Det gjev Ringdal og lokførarane eit veldig sterkt sterkt forhandlingskort på handa.

• Følg oss på Facebook

Beklagar streiken

Arbeidsgjevarforeninga Spekter sendte ut ei pressemelding natt til torsdag der dei beklagar brotet i forhandlingane:

– Vi beklagar sterkt at Norsk Lokomitivmannsforbund vel å gå ut i ein streik som rammar NSB og CaroNet sine kundar og passasjerar kraftig, seier Gunnar Larsen, direktør for kommunikasjon og samfunnspolitikk i Spekter. Spekter fortel at arbeidsgjevarane ikkje vil godta tariffesting av kompetansekrav:

– Spekter og NSB/CargoNet meiner dette ikkje høyrer heime i ein tariffavtale, men må regulerast av myndigheitskrav. Dette er ein prosess

Samferdselsdepartementet allereie har sett i verk, men det valde NLF å ignorere, seier Larsen og legg til at dei tek sikkerheit alvorleg:

– Ingen skal vere i tvil om at NSB og CargoNet tek ansvar for at lokomotivførarane i selskapa har god og nødvendig kunnskap og kompetanse.

Over 100 millioner til konsulenter når jernbanen blir privatisert

Her er Frp-statsrådens nye tog-selskaper

Dette er en sak fra

Vi skriver om de ansatte i alle deler av jernbanen og busstransport.

Les mer fra oss

Annonse

Flere saker

Annonse