JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Vi jobbar i ferien

7 av 10 norske arbeidstakarar er stort sett tilgjengelege for sin arbeidsgivar i ferien.

va med deg? Er jobbtelefonen alltid på i ferien?

Dette viser at grensene mellom arbeid og fritid er flytande for mange. Vi legg vekt på å vere fleksible, og ønskjer å stille opp for vår arbeidsgivar. Dette er sjølvsagt veldig bra, men det stiller samtidig krav om at arbeidsgivarar er seg sitt leiaransvar bevisst, seier Knut Aarbakke, leiar i Akademikerne, ifølge firda.no.

Tala stammar frå ei fersk undersøking som respons Analyse har gjennomført på oppdrag for Akademikerne.

Beskytte fritida

Aarbakke viser til tidlegare kjend forskning, mellom anna frå Statens Arbeidsmiljøinstitutt, som dokumenterer samanhengen mellom lange arbeidsdagar og sjukdom.

- Det er viktig å beskytte si fritid, ikkje minst av omsyn til eiga helse. Difor er det viktig at arbeidstakarar har moglegheiten til avkopling og til å hente seg inn att i feriane, seier han.

Han påpeikar at mange arbeidstakarar strekker seg langt for sin arbeidsgivar.

- Og det er flott. Men nokon strekker seg kanskje for langt, og det må leiarar vere bevisste på før dei tar ein telefon til ein tilsett som er på ferie, seier Aarbakke.

Undersøkinga viser nemleg at kvar tredje norske arbeidstakar blir kontakta minst éin gong i veka i løpet av ferien.

Annonse

Flere saker

Annonse