JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

LO-leiaren åtvarar mot å miste kontakt med arbeidsfolk

– Trump som president er eit varsku til venstresida

Donald Trump blei valt til president i ei tid der arbeidarane i USA si største bedrift er avhengige av matkupongar: – Eit varsku om kva som skjer om ikkje venstresida ivaretek vanlege arbeidsfolk, seier LO-leiar Gerd Kristiansen.
ÅTVARAR: LO-leiar Gerd Kristiansen kjem med ei klar åtvaring til norsk og europeisk venstreside: - Mistar venstresida tilliten hos vanlege arbeidsfolk, då blir resultatet som i USA, seier ho og viser til ein president som truleg ikkje vil gjere kåra til arbeidarane bedre.

ÅTVARAR: LO-leiar Gerd Kristiansen kjem med ei klar åtvaring til norsk og europeisk venstreside: - Mistar venstresida tilliten hos vanlege arbeidsfolk, då blir resultatet som i USA, seier ho og viser til ein president som truleg ikkje vil gjere kåra til arbeidarane bedre.

oystein.windstad@lomeida.no

Då Bill Clinton blei valt til president i 1993 var 22 prosent fagorganiserte i USA. I dag under Barack Obama har talet sunke til 12 prosent. Til samanlikning er rundt halvparten i Norge fagorganiserte. Gerd Kristiansen er uroa over valet i USA og kjem med ein advarsel:

– Det er eit varsku om korleis det går om partia på venstresida mistar truverde i å ta vare på vanlege arbeidsfolk. I USA seier dei at "dei forlot vår koalisjon for tiår sidan. Arbeidsfolk var avskrevne i valet. No sit USA med Donald Trump som president. Til trass for alle diskvalifiserande utspel så vann han fram, seier Kristiansen.

Trump vant valget - vi burde jo juble

Dei rike stikk ifrå

Billigkjeda Walmart er den største arbeidsgjevaren i USA. Der har løna vore så låg at arbeidarane har vore avhengige av sosialhjelp i form av matkupongar. I tillegg har det hengt plakatar i butikkane som oppfordrar kundane til å donere mat til arbeidarane. LO-sjefen peikar på dei økonomiske forskjellane som har utvikla seg dei siste åra i USA:

– Økonomisk omfordeling har i ei årrekke ikkje vore eit prioritert område for politikarne. Dermed har dei rikaste stukke av med ein stadig større del av kaka. Eit mer splitta USA og ikkje minst eit splitta republikansk parti har bana vegen for Trump som president, seier fagforeningssjefen.

OPPRØR MOT ELITEN: Donald Trump har vunne fram med å hamre laus mot den politiske og økonomiske eliten i USA. Han har aldri vore ein del av den politiske eliten. Dog kjem han får ein svært rik familien. I eit intervju der han fortalte om korleis han skapte seg sjølv sa han: "Alt eg hadde då eg starta var eit lite lån frå far min på ti millionar dollar".

OPPRØR MOT ELITEN: Donald Trump har vunne fram med å hamre laus mot den politiske og økonomiske eliten i USA. Han har aldri vore ein del av den politiske eliten. Dog kjem han får ein svært rik familien. I eit intervju der han fortalte om korleis han skapte seg sjølv sa han: "Alt eg hadde då eg starta var eit lite lån frå far min på ti millionar dollar".

Wikimedia Commons

• Arbeidarane tener mindre enn på 1970-talet

Fagforeningane beskrive som ryggrad

Den prisvinnande økonomen og Harvard-professoren Robert Reich var arbeidsminister under Bill Clinton. Reich som sjølv er demokrat går no ut etter valet og seier at det demokratiske partiet ikkje lenger representerar arbeidarklassen. Han viser til at både Bill Clinton og Barack Obama stod å såg på medan store konsern knuste fagforeningar. Fagforeningane beskriv han som ryggraden til den kvite arbeidarklassen. I likheit med LO-leiar Kristiansen peikar Reich på at den siste tidas økonmiske vekst i USA, har gått til den rikaste 1-prosenten. Ein vanleg amerikansk familie tener mindre i dag enn for 16 år sidan.

• Forskar: Trump-utspel med høgreekstreme trekk

– Dette skjer når arbeidsgjevarar bestemmer lønsutvikling

I Norge og Skandinavia har fagforeningane stått tradisjonelt sterkt og har saman med arbeidsgjevarane styrt lønsutviklinga med hjelp av avtalar og kompromiss. Kristiansen meiner at fagforeningane har blitt små, har spela ei vesentleg rolle for dei enorme forskjellane i USA:

– Det har klart hatt stor betydning. Få medlemmar og liten avtaledekning har overlatt mesteparten av lønsdanninga til politikarane og arbeidsgjevarar, som ikkje har stått i kø for å dele ut høgare løn. Med det har lønsauka dei siste åra kome av kampanjer, og ikkje forhandlingar, frå fagbevegelsen retta mot enkelte arbeidsplassar og arbeidsgjevarar. Dette er ikkje spesielt effektivt om målet er ein meir rettferdig fordeling av den økonomiske veksten. Resultatet ser vi jo også. Den amerikanske middelklassen har ikkje hatt lønsvekst på fleire tiår, seier Kristiansen.

Ei rekke studier viser direkte samanheng mellom inntektene blant dei 10 prosent rikaste i USA og nedgangen i fagorganiserte.

• Sanninga om Trump

– Trump sin protest mot frihandel vann fram

Både demokratane og republikanarane har ført ein politikk som har lagt til rettte for frihandel. Ein ser at i takt med global økonomisk integrering, har ein del blitt svært rike, men svært mange har også stått på stedet hvil eller fått det dårlegare:

– Dette sammenfaller godt med kva Trump har sagt: Vi må ta kontrollen tilbake, vi vil ta tilbake jobbane som har blitt vekke. Han har fokusert nettopp på konsekvensane av frihandel og aukande økonomiske forskjellar. Sjølv om analysene ikkje har vore gode og retorikken har grensa til hatefull er det tydeleg at bodskapen har truffet i store grupper som har tapt økonomisk til trass for den betydelige økonomiske veksten.

• Det amerikanske demokratiet på ville vegar

Trump er dårleg nytt for fagbevegelsen

Donald Trump har ei liste over kva han vil gjennomføre dei første hundre dagane som president. Minsteløna i USA er i dag på 60 kroner timen. Trump har ingen planer om å heve den, eller gjere andre tiltak som går i retning av styrke arbeidarane sine rettar. Sosialdemokrat og tidligare presidentkandidat Bernie Sanders har kjempa i mange år for at minsteløna skal bli heva til 15 dollar, eller rundt 135 kroner. Sanders var meir populær blant velgarane enn Hillary Clinton i fleire meiningsmålinger. Sanders tapte nominasjonskampen i det demokratiske partiet, men fekk igjennom at partiet og Clinton skulle innføre 15 dollar som nasjonal minsteløn.

Mange skuffa arbeidarar har stemt fram Trump. Gerd Kristiansen i LO seier dette om ho trur han vil gjere livet til arbeidarane bedre:

– Amerikansk fagbevegelse har gjennom heile valgkampen vore kritiske motstandarar av Trump. Kombinert med historiene om korleis han driv sitt eige selskap, er det ingen grunn til å tru at han vil vere til stor hjelp for fagbevegelsen. Mykje av det han har føreslått vil mest truleg ikkje kunne gjennomførast, men politikk som vidare kan svekke fagbevegelsen er nok dessverre lettare å innføre. Det kan bety endå tøffare tider for amerikansk fagbevegelse i åra framover, åtvarar LO-leiaren.

I USA tapte demokratane både presidenten og kampen om fleirtalet i senatet og representantenes hus. I Europa får parti med autoritære trekk og framandfiendtlege slagord vind i segla. Kristiansen håpar arbeidarbevegelsen no kan samle seg for å ta roret og plotte ein ny kurs.

«Jeg er med i LO i all hemmelighet. Om jeg avslører det, er jeg redd jeg mister jobben»

Dette er de virkelige gullpensjonene

Michel ble overvåket i sykmeldingsperioden

Annonse
Annonse