JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

NJF med støtte til demokratibygging og fredsarbeid

Norske fagforeningskroner rydder miner i Colombia

Dei to colombianske fredsforkjemparane får ekstra drahjelp frå LO-forbund når miner skal fjernast og fred skal sikrast med demokrati.
VARIG FRED: Leiar av urfolkorganisasjonen ONIC, Luis Fernando Arias og leiar av bondeorganisasjonen MCC, Marylen Serna var i Oslo under fredsprisutdelinga. Begge skal no jobbe for varig fred, med støtte frå Norsk Jernbaneforbund. I tillegg til pengestøtte skal NJF jobbe for politisk påvirkning og engasjement rundt Colombia i Norge.

Øystein Windstad

oystein.windstad@lomedia.no

Nyleg var Colombias president Juan Manuell Santos i Oslo og tok imot Nobels Fredspris. Freden er skjør og det er framleis mykje som ikkje er avklart. To som verkeleg håpar freden blir varig er demokratiforkjemparane Luis Fernando Arias og Marylen Serna. Begge to leier organisasjonar som har jobba iherdig med å få på plass ein avtale.

• Følg oss på Facebook

Jernbaneforbundet med pengedrys

I haust vedtok Norsk Jernbaneforbund å gje ei landsmøtegåve på 250.000 kroner til Norsk Folkehjelp. Dei meiner støtta frå norsk fagbevegelse og samarbeidet med Norsk Folkehjelp betyr mykje for Colombia:

– Vi er takksame for bidraget og støtta til Colombia og det internasjonale solidaritetsarbeidet som LO gjer. Vi trur på å styrke relasjonen mellom folk, i vårt tilfelle urfolk i Colombia og det norske samfunnet og norske organisasjoner som fagbevegelsen og Norsk Folkehjelp. Vi oppfordrar om å fortsette å støtte opp om oss og arbeidet for ei varig fred, fortel dei to.

– Freden i Colombia må bygges med sosial rettferdighet

NJF har vedteke at dei skal gje 100.000 kroner i året til fjerning av miner og demokratibygging i Colombia. Forbundet vil i 2017 inngå ein fireårig samarbeidsavtale med Norsk Folkehjelp med ei samla støtte på 650 000 kroner til Colombia.

FRÅ KRIG TIL FOTBALL: Bildet er frå Norsk Folkehjelp sitt pilotprosjekt for minerydding i Colombia. Mannen til venstre er ein tidligare FARC-soldat og mannen til venstre representerer myndigheitene i landet. Då norsk folkehjelp satte saman team til minerydding, blei det plassert folk frå begge sider på same lag.

Norsk Folkehjelp

Rydder miner

Marylen Serna er leiar for bonderøyrsla MCC og Luis Fernando Arias for den nasjonale urforlksorganisasjonen ONIC. Midt oppe i konflikta har Norsk Folkehjelp starta å rydde miner. I pilotprosjektet sat dei saman mineryddingsteam med folk frå begge sider i konflikta på eit og same lag:

– Norsk Folkehjelp nyt stor anerkjenning internasjonalt for humanitær nedrusting og minerydding. Våre territorium er i stor grad minelagt. Vi har alltid vore motstandar av at det er dei militære som skal kome inn å rydde miner. Vi er opptekne av at det skal vere ein sivil organisasjon som skal kome inn, seier Arias og legg til:

– Det faktum at det føregår ei mobilisering og at det er interesse frå arbeidarbevegelsen i Norge, kanalisert via Norsk Folkehjelp, er av stor betydning. I ei verd som er globalisert politisk og økonomisk, er det viktig at vi globaliserer dei alliansene som bygger opp rundt solidaritet og forbrødring, fortel urfolksleiaren.

I dag ligg det landminer i 40 prosent av Colombia. Dei siste 25 åra har over 11 000 mennesker mista livet eller blitt alvorleg skadde etter å ha tråkka på miner. Folkehjelpa er no i gang med å utdanne og trene opp team som blant anna brukar hundar for å finne og øydelegge miner. Frå før har Norsk Folkehjelp rydda miner verda over, tilsvarande ein motorveg som går to gonger rundt jorda.

LO-seier for Colombia

Drep fagforeningsleiarar

Det er framleis ein lang veg å gå for det hardt prøva landet om det skal bli ei varig fred. Farene er på langt nær over. Spesielt om du er fagforeiningsleiar eller organiserer bønder eller urfolk. Berre så langt i år har 70 politisk aktive blitt skotne og drepne. Flesteparten av dei myrda er leiarar av fagforeiningar eller bonde- og urfolksorganisasjonar som dei Luis Fernando Arias og Marylen Serna er med i. Og som regel er det dei høgreorienterte paramilitære som står bak.

– Noko som uroar oss veldig er forfølginga av sosiale leiarar og menneskrettsforkjemparar. Dei blir forfulgt og drepne målretta og selektivt. Dette er ein situasjon vi har hatt lenge og som held fram no.

Fredsprosessen skal innebære at dei som avvæpnar seg skal få moglegheit til å delta politisik. I ein situasjon der det er drap på sosiale leiarar må ein få garantiar for at dei som avvæpnar seg får delta politisk med eit minimum av tryggheit, fortel dei to fredsforkjemparane.

Dei hardast ramma vil ha fred

Der krigen har herja som hardast, er også støtten for fredsavtalen sterkast. Folk som bur i byane har blitt ramma vesentleg mindre av borgarkrigen. Men, både Marylen og Fernando har sjølv fått sjå og føle kva borgarkrig betyr. Han såg som ung mann då dei paramilitære tok seg inn i landsbyen og drap hans bestefar og onkel. Ho har sjølv blitt fengsla og blei dreven på flukt. Begge er heilt klare på at militæret og staten må slutte å støtte opp om og legge til rette for dei paramilitære som framleis bortfører og drep sivile.

Må minske dei enorme forskjellane

Undertrykking og dei enorme forskjellane pmellom fattige og rike har vore kjernen i konflikten i Colombia. I dag eig 0,4 prosent av befolkninga over 60 prosent av jordbruksområda i Colombia.

Fredsavtalen omfattar i liten grad jordreformer. Dei to meiner at den produktive matjorda må kome fleire til gode:

– Det komande tiåret vil bli heilt avgjerande for å få til sosial, politiske og økonomiske endringer som vil redusere forskjellane og kløfta mellom ulike befolkningsgrupper. Fred er ikkje berre avvæpning av opprørsgrupper. Ein må angripe årsakene til konflikta.

– Kor viktig er jordreform for å få varig fred?

– Det er eit heilt sentralt tema som har med sosial rettferd å gjere. Dette handler rett og slett om muligheiten til eit anstendig liv på landsbygda. Vi foreslår ei reorganisering av jorda i Colombia. Dei paramilitære har spela ei sentral rolle i kven som eig jorda. Dei har jaga folk vekk frå jordområda sine og forsterka den skeive jordfordelinga gjennom trusslar, vold og forfølging, fortel dei to leiarane.

KREV REFORMER: Den fruktbare jorda i Colombia og kven som skal eige den er kjernen i den over 50 år lange borgarkrigen. I dag er det slik at under ein prosent av befolkninga eig over 60 prosent av landet. Mykje av den jorda som er kjøpt opp av rike landeigarar ligg brakk og blir ikkje dyrka. Jorda blir kjøpt opp av strategiske årsakar. På den andre sida har ein mange fattige gardbrukarar utan land som treng land å dyrke og livnære seg av. Både Marylen Serna og Luis Fernando Aries meiner at det må omfattande jordreformer til skal det bli ei varig fred i Colombia.

Demokratisk utdanning

Norsk Folkehjelp samarbeider og støttar organisasjonane Marylen og Luis Fernando leier. I tillegg til minerydding, driv også Norsk Folkehjelp med å bygge det colombianske demokratiet nedanfrå saman med organisasjonane ONIC og PC (Peoples Congress). Organisasjonane kursar medlemmar i demokrati og har eigne skular for leiarar.

Formålet er at dei ska bli mest mogleg aktive og synlege i val og demokratiske prosessar. Både Marylen og Luis Fernando har kjempa for fred i årtier. Dei er glade for at fagforbund i Norge har sett dei:

– Våre bodskap er anerkjenning og takksemd for den støtta og bidraga de har gjeve til Colombia og internajsonalt solidaritetsarbeid. Fortsett å støtte opp om oss og vår prosess for ei varig fred. Regn med oss i freden, men aldri i krigen, seier Marylen Serna og Luis Fernando Arias som nyleg var i Oslo.

Nå øker skatten på kjøring med egen bil i jobben

Kronikere får skatteøkning fra 1. januar

Fakta om fredsprosessen i Colombia

• Norsk Jernbaneforbund gjev 650.000 kr til minerydding og demokratibygging i Colombia

• Mineryddinga og organisasjonsbygginga skjer i regi av Norsk Folkehjelp

• 40 prosent av landområda i Colombia er minelagt

• Folkehjelpa har vore aktive i Colombia dei siste ti åra

• Dei samarbeider med blant andre urfolk- og bondeorganisasjonar

• Det er inngått fredsavtale med den største opprørsgruppa, FARC

• Det er ingen avtale med den nest største gruppa, ELN, som blei starta av katolske prestar

Warning
Dette er en sak fra

Vi skriver om de ansatte i alle deler av jernbanen og busstransport.

Les mer fra oss

Annonse