JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Ny lov om statens ansatte

NTL: – 160.000 statstilsette blir skadelidande av ei lov regjeringa køyrer igjennom i all hast

NTL og nestleiar Kjesti Barsok er kritisk til regjeringa sitt grep med å innføre Lov om statens ansatte raskt.
KRITISK TIL LOV: Kjersti Barsok er 1. nestleiar i Norsk Tjenestemannslag og meiner dei 160.000 som jobbar i staten kjem dårlegare ut med den nye tenestemannslova som Høgre og Frp skal innføre med støtte frå Venstre.

KRITISK TIL LOV: Kjersti Barsok er 1. nestleiar i Norsk Tjenestemannslag og meiner dei 160.000 som jobbar i staten kjem dårlegare ut med den nye tenestemannslova som Høgre og Frp skal innføre med støtte frå Venstre.

Anders Hauge-Eltvik

oystein.windstad@lomedia.no

Regjeringa skal innføre ei ny lov som skal erstatte dagens tenestemannslov. Jussprofessor Eivind Smith meiner måten regjeringa innfører lova på er uvanleg og vitnar om at dei har det travelt.

Forskrifta til Lov om statens ansatte er sendt på høyring før sjølve lova er vedteke

Kjersti Barsok, 1. nestleiar i NTL, er kritisk til regjeringa sitt grep med å innføre den nye lova raskt:

– Det er problematisk at Stortinget ikkje har fått høve å vedta lova som forskrifta skal hjemlast i. Dette er ei viktig sak og blir proposisjonen vedteke, vil 160.000 statstilsette få svekka stillingsvern. I tillegg flyttar forslaget makt frå Storting til regjering, og aukar arbeidsgjevaren sin styringsrett på bekostning av dei tilsette. Dette er ei sak Stortinget burde ta seg tid til å behandle grundig, seier Barsok.

Kritisk til framgangsmåten

Vanlegvis blir ei lov vedteke, og etter at den har gått igjennom, vedtek stortinget forskriftene til lova. I den nye Lov om statens ansatte skjer det i omvendt rekkefølge.

– Kvifor er dette problematisk?

– Høyringsinstansane skal uttale seg om ei forskrift til ei lov som ikkje er vedteke. Stortinget og komiteen har ikkje diskutert og behandla lova. Ein forskutterer at lova vil bli vedteke, slik den ligg no. Vi meiner det er eit problem, seier nestleiaren i NTL.

– Hastverk av regjeringa

Barsok fryktar den nye lova vil gå ut over kvaliteten på offentlege tenester:

– Eg meiner det er veldig spesielt at ein hastebehandler ei sak som opptek mange og har motstridande syn. Eit lovforslag som fleire er kritiske til, der burde lovproposisjonen bli kjørt først, slik at Stortinget kan behandle den før forskrifta blir sendt ut. Vi syns at det er hastverk og dårleg tid bak dette.

– Kva er konsekvensane av den planlagte lova?

– Staten skal ivareta rettstryggleik, demokrati og ytringsfridom og lova må sikre uavhengigheita til dei tilsette i statsforvaltninga, hindre korrupsjon, kompistilsettingar og vilkårlige oppsigelser. Dette er også viktig for folk sin tillit til forvaltninga. Forslaga som ligg i denne lovproposisjonen vil samla sett bety svekka stillingsvern for statstilsette, også samanlikna med andre delar av norsk arbeidsliv. Utvidinga av adgangen til oppsigelse, vil kunne svekke tenestemennene og -kvinnene sine faglege og politiske uavhengigheit. Dette vil motvirke nødvendige korrektiv og ytringar innan forvaltninga – det er ikkje Norge tent med, seier Barsok.

– Regjeringen forskyver maktforholdene i arbeidslivet og svekker ansattes rettigheter
LO mener ansattes uavhengighet rammes av ny lov for statsansatte

Regeringa ønskar lov så raskt som mogleg

Statssekretær Kristin Holm Jensen (H) i Kommunal- og moderniseringsdepartementet fortel at dei ikkje vil innføre forskrifta før lova er på plass.

Statssekretær Kristin Holm Jensen (H) i Kommunal- og moderniseringsdepartementet (arkivfoto)

Statssekretær Kristin Holm Jensen (H) i Kommunal- og moderniseringsdepartementet (arkivfoto)

Anders Hauge-Eltvik

– NTL er kritisk til at forskrifta er lagt ut på høyring, før sjølve lova er vedteke. Kva seier de til dette?

– Lovforslaget er fremja for Stortinget, og det er ønskeleg at lova trer i kraft så snart som mogleg. Forskrifta er no på høyring, men blir fastsatt først når Stortinget har fatta endeleg vedtak.

– Kva meiner de vil bli bedre med den nye lova?

– Den nye lova er forenkla, og tilpassa dagens moderne arbeidsliv. Vi lovfestar kvalifikasjonsprinsippet, og sørger for brei rekruttering til stillinger i staten gjennom offentleg kunngjering. Dette er viktig for tilliten til forvaltninga. Vi strammar også inn på adgangen til midlertidighet i staten, slik at fleire kan få fast jobb. Dei lokale partane, herunder tillitsvalgte, får meir tillit og handlingsrom, for eksempel til å fastsette personalreglement og tilsette overtallige. Lova følger opp det omforente forslaget frå lovutvalget, der også LO var representert, svarar statssekretær Holm Jensen.

Ti ting du bør vite om tjenestemannsloven

Warning
Dette er en sak fra

Vi skriver om de ansatte i staten og virksomheter med statlig tilknytning.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse