Trappar opp togstreiken
Lokførarane varslar at dei tek ut 42 nye i streik. Det vil ramme Østfoldbanen og Bergensbanen.
TRAPPAR OPP: Utover veka blir togstreiken trappa opp. Mandag kom representantar for Fellesforbundet og Transportarbeiderforbundet til Oslo S for å vise si støtte til dei streikande lokførarane.
Ole Palmstrøm
Saken oppsummert
oystein.windstad@lomedia.no
Norsk Lokomotivmannsforbund (NFL) trappar opp streiken og laurdag vil 42 nye lokførarar legge ned arbeidet. 33 vil bli tatt ut i Moss, 3 i Oslo og 6 i Bergen. Etter denne opptrappinga vil 118 lokførarar vere i streik.
I tillegg kjem dei fem lokførarane i CargoNet som går ut i streik onsdag, noko som blei varsla før helga.
Steile frontar
Medan det onsdag vil bli mindre godstrafikk, er det passasjertrafikken til NSB som vil merke det laurdags morgon. Leiar i NLF, Rolf Ringdal, viser til at det private selskapet Flytoget har godteke krava om ein nasjonal standard for lokførar-sertifisering:
– Vi håpar at NSB vil besinne seg og ivareta både kompetanse og sikkerheit på norsk jarnbane. Eg håpar dei ikkje går med på det Spekter vil, å undergrave nasjonal kompetanse og ein nasjonal standard. Om NSB er villige til å sjå på ein nasjonal standard, i likheit med Flytoget, vil vi finne gode løysninger og kunne avslutte streiken.
– Kva vil du seie til passasjerane som blir ramma av streiken?
– Vi vil beklage til passasjerane som blir ramma av dette. Lokførarane er dei som er mest glad i jarnbane av alle. Det er ikkje enkelt for oss at passasjerane blir ramma. Samtidig opplever streikevaktene våre stor støtte for våre krav blant passasjerane, fortel Rolf Ringdal i NLF.

Dette er en sak fra
Vi skriver om de ansatte i alle deler av jernbanen og busstransport.

Nå: 0 stillingsannonser