LOs finanskonferanse
Siv Jensen: – Finansskatten er komen for å bli
Finansminister Siv Jensen signaliserer at Frp og regjeringa truleg ikkje vil røre finansskatten. LO Finans fryktar skatten kan føre til utflagging.
Finansminister Siv Jensen (Frp) på vei inntil LOs finanskonferanse
Bjørn A. Grimstad
oystein.windstad@lomedia.no
Alle partia på Stortinget, unntatt SV stilte seg bak forliket for norsk skattepolitikk i haust.
På Finanskonferanse 2017 blei finansminister Siv Jensen utfordra på om regjeringa og Frp kan vere interessert i å forandre finansskatten.
• Innfører finansskatt på lønn og overskudd
Kritisk til den nye skatten
Christian Engheim jobbar i DNB og er med i LO Postkom Finans. Han fortalte om uro rundt konsekvensane av finansskatten:
– I DNB har vi allereie mista ein god del arbeidsplassar til Riga. I dag er det slik at det er 5 prosent skatt på tilsette si løn og ein prosent skatt på overskot. Vi i LO Finans lurar på om du kan vurdere å fjerne dei fem prosentane på løn og heller auke skatten på overskot?
– Det er eit bredt fleirtall på Stortinget som står bak vedtaket om finansskatt. Vi har sett til andre land som også har ein slik skatt. Dette er ikkje ein særnorsk skatt. Den er under diskusjon i mange land. Dette er ein skatt eg trur har kome for å bli og den ser heller ikkje ut til å ha den konkurransevridande effekten.
Vil vente å sjå på effektene
Finansminister Jensen er open for å ta opp spørsmålet med partigruppa si i Frp, og meiner ein må sjå på effektene av skatten og korleis den slår ut, før ein skal vurdere den:
– Samtidig høyrer vi og følger med på kva som skjer. Eg tenkjer at det er greit at vi implementert finansskatten og sankar erfaringar med korleis den vil virke. Vi er også opne for å tilpasse oss dette på ein dynamisk måte.
Les også:
Finansskatten
• Regjeringen har gjennom skatteforliket innført en finansskatt på 5 prosent på lønn og overskudd.
• Hensikten er å korrigere for manglende merverdiavgift på finansielle tjenester.
Flere saker
Finansskatten
• Regjeringen har gjennom skatteforliket innført en finansskatt på 5 prosent på lønn og overskudd.
• Hensikten er å korrigere for manglende merverdiavgift på finansielle tjenester.