JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Ulf Leirstein angrip streikande lokførarar

Frp-politikar kallar streikande for «pøbelorganisasjon»

Dei streikande togførarane i NLF blir omtalt som pøbelorganisasjon av stortingsrepresentant Ulf Leirstein. – Eit småleg og stygt angrep på streikeretten, meiner SV.
FORAGA: Ulf Leirstein langar ut på Twitter mot det han meiner er bølleaktige lokførar. Leirstein på si side har fått kritikk for manglande demokratiforståelse av SV. Onsdag var det ein støttemarkering på Jernbanetorget, der fleire LO-forbund og representantar frå Akademikerne og dei tidlegare streikande legane møtte opp.

FORAGA: Ulf Leirstein langar ut på Twitter mot det han meiner er bølleaktige lokførar. Leirstein på si side har fått kritikk for manglande demokratiforståelse av SV. Onsdag var det ein støttemarkering på Jernbanetorget, der fleire LO-forbund og representantar frå Akademikerne og dei tidlegare streikande legane møtte opp.

Bjørn A. Grimstad / twitter

oystein.windstad@lomedia.no

(SE BILDESERIE ØVERST I SAKEN)

Ulf Leirstein er ikkje framand for å kome med krasse utspel på Twitter, som då han gjekk ut mot samane sin nasjonaldag. I sommar var han ute og gav sin støtte til ein annan mann som er kjent for Twitter-storm, Donald Trump.

Onsdag kommenterte Leirstein togstreiken slik:

«Lokomotivførerne får komme seg tilbake på jobb og slutte å ramme tusenvis på denne måten. Opptrer som en ren pøbelorganisasjon».

• Derfor streiker lokførerne
• Sp meiner streiken kjem av Jernbanereforma

– Småleg oppgulp og stygt angrep

Medan Leirstein brukar pøbel-begrep om lokførarane, får dei massiv støtte frå både politiske parti, fagforerninger og legar. Onsdag blei det organisert støttemarkering på Jernbanetorget. Der deltok blant andre representatar for dei tidligare streikande sjukehuslegane som uttrykte støtte. I Stortingets spørretime fekk lokførarane også støtte frå både Senterpartiet og SV.

Stortingspolitikar Kirsti Bergstø (SV) seier dette om Leirstein sin kommentar:

– At Frp kjem med angrep på streikeretten, er ikkje noko nytt. Det er eit småleg og stygt angrep på streikeretten og organiserte arbeidsfolk sitt sterkaste kampmiddel, frå Frp. Eg skulle ønske vi kunne sleppe denne type oppgulp frå Leirstein der han sparkar og angrip dei streikande som brukar eit lovleg og legitimt middel, seier Bergstø.

• Tvungen mekling i togstreiken
• Forhandlingar braut saman

– Skremmande av Frp

Rolf Ringdal er leiar av Norsk lokomotivmannsforbund (NLF) og holdt apell på Jernbanetorget onsdag. Han varslar at det kan bli langvarig streik.

Ringdal er sterkt kritisk til Leirstein og ser på utspelet som eit angrep på ein grunnleggande demokratisk rett:

– Dette er alvorleg og rett og slett skremmande. Det er skremmande når ein sentral medlem av eit regjeringsparti uttalar seg slik. Dette går ut over grunnleggande demokratiske rettar, seier forbundsleiaren.

Han seier dette om kva som skjer vidare, etter at forhandlingar ikkje førte fram natt til onsdag:

– Vegen vidare er å jobbe for å sikre kompetansen til lokførarane. Vi skal ha streikemøte på fredag for å diskutere mogleg opptrapping. Vi har ein strategi for at dette kan bli ein langvarig kamp. Vi har ein strategi for at vi framleis skal få NSB til å ta hensyn sikkerheit, kompetanse og passasjerane sine.

• Samferdselministeren kan løyse streiken

SV og Sp med press

Både SV og Senterpartiet stilte spørsmål i Stortinges spørretime om kva regjeringa og samferdselminister Ketil Solvik-Olsen vil gjere. Begge partia meiner han har nøkkelen til å løyse streiken. Det er også NSB og NLF einige om.

Bergstø i SV seier dette om Twitter-breisida frå Leirstein:

– Ulf Leirstein må heller rette skytsen mot eiga regjering, i stadan for å sparke på folk i streik. Det er hans eigen statsråd som sit med nøkkelen, som me veit at begge partar kan leve med. Ei forpliktande forskrift som kan sikre at framtidige lokførarutdanninger ikkje blir dårlegare.

Dette er en sak fra

Vi skriver om de ansatte i alle deler av jernbanen og busstransport.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse