Statlege arbeidsplassar til Førde og Bodø
– Å flytte statlege arbeidsplassar ut av Oslo, handlar om politikk i eit valgår
Bjørn Halvorsen (NTL) håper på politisk press og at regjeringa og Venstre sine planar om å flytte ut fleire statlege arbeidsplassar blir stoppa.
VIL STOPPE: Bjørn Halvorsen er leiar av NTL Sentralforvaltningen. Han håper på politisk press og at regjeringa og Venstre sine planar om å flytte ut fleire statlege arbeidsplassar blir stoppa. Han og NTL er opne for at nye statlege arbeidsplassar blir oppretta utanfor hovudstaden.
Øystein Windstad
oystein.windstad@lomedia.no
Venstre har fått med seg regjeringa på å flytte statlege arbeidsplassar ut av Oslo. I dag vart det kjent at regjeringa vil flytte 10 arbeidsplassar i Kulturrådet frå Oslo til Bodø.
Heile planen blir kjent fredag kl 1330, når statsråd Jan Tore Sanner holder pressekonferanse i Tromsø.
Tirsdag skreiv NRK at Fredskorpset med 45 arbeidsplassar skal flyttast til Førde. I tillegg skal stillingar i NVE flyttast vestover.
NTL er kritisk til utflytting av eksisterandre arbeidsplassar, men meiner ein gjerne kan opprette nye utanfor Oslo.
Leiar av NTL Sentralforvaltningen, Bjørn Halvorsen, meiner utflyttinga ikkje er basert på fornuftige argument og at det er andre hensyn som ligg bak:
– Dette handlar ikkje om verken god samfunnsøkonomi eller faglege argument. Dette har preg av at stortingspolitikarane rundt om kring ønskar å helse heim i eit valår, med å få flytta arbeidsplassar ut av Oslo, seier Halvorsen, og legg til:
– Vi veit at stortingspolitikarane er valgt frå sine regionar og vil gjere det dei kan for å få arbeidsplassar til heimdistrikta, utan å tenkje på dei økonomiske og menneskelege konsekvensane det vil få for dei som blir berørt av dette.
Dramatisk for dei det gjeld
Til Aftenposten seier NTL-leiar John Leirvaag følgjande:
– Ei utgreiing peikar på fleire negative konsekvensar. Det er kostbart, og det rykkjer opp fagmiljø. Kvar gong det står ein Venstre-politikar i Førde og smiler, sit det ein person i Oslo med familie, kor han eller ho sit utan arbeid. Dette syns vi er problematisk.
Leiar Egil André Aas i LO Stat er kritisk til prosessen regjeringa legg opp til.
– At dei det gjeld må lese om planane i aviser og pressemeldingar, er uakseptabelt, seier Aas.
Han vil vente med å kommentere heilskapen til heile planen er lagt fram.
– Alt dette skjer utan at vi som hovudsamanslutning er informert. Det er uhøyrt. For dei det gjeld, er dette svært dramatisk, seier Aas.
Flytting kosta meir enn venta
Ei evaluering gjort av Difi av utflytting av sju statlege tilsyn frå 2003 og utover viser at det kosta ein million kroner å flytte ein tilsett.
– Kva er erfaringar har ein med dei menneskelege konsekvensane?
– Vi har Difi-rapporten frå forrige flytting som viser at det blei splitta familiar. 70-90 prosent blei ikkje med over. Det er ikkje så lett for partner til den som flyttar å finne seg jobb. Det er familiar med ungar som må skifte skule og barnehage. Kanskje til og med familiar går i oppløysing av dette, eg håpar ikkje KrF blir med.
Trur vil ramme fagmiljø
– Nokon vil sjå på dette som ei slags fordeling, der distrika og regionar skal nyte godt av statlege arbeidsplassar?
– Vår linje er at nye arbeidsplassar gjerne må opprettas utanfor Oslo. Vi har heller ikkje hatt noko i mot at dette har skjedd ved fleire høve. Det å rive opp eksisterande fagmilø, har vi dårlege erfaringar med.
– Kva med at det er mange statlege arbeissplassar i Oslo og at det ikkje er nok med å opprette nye utanfor hovedstaden?
– Det er effektivitetshensyn som ein også må ta. I forrige runde blei ikkje Finanstilsynet flytta ut, trass planane. Det var fordi den funksjonen som Finanstilsynet har, med dei største aktørane i Oslo-regionen, som gjer at dei får utført sin jobb bedre med å ligge i Oslo. Det gjeld også for dei mange andre tilsyna, fortel Halvorsen.
• Større kommuner i Danmark ble ikke bedre og billigere
Venstre håpar dette berre er starten
I løpet av i vinter skal regjeringa kome med ei melding om planer for utflytting av statlege arbeidsplassar. Andrè Skjelstad sit i Kommunal- og forvaltningskomiteen for Venstre. Han fortel den varsla utflyttinga er starten på noko større:
– Vi meiner heile landet er tent med at fleire statlige arbeidsplassar vil vere å finne utanfor hovedstaden. I tillegg vil arbeidsplassane vere ei viktig vitamininnsprøytning til distrikts-Norge. I dag har hovedstaden 46.000 statlege arbeidsplassar, til sammenligning har mitt eige heimfylke Nord-Trøndelag berre 2 300. Den største tilveksten i hovedstaden skjedde under rødgrønn leiing og det er denne trenden vi no ønskar å endre.
– Kva håpar ein dette skal føre til?
– Venstre har alltid hatt ei grunnleggande tru på maktspredning. Landet vårt er langstrakt og mangfoldig, og då er det viktig at dei som jobbar i staten i aukande grad får sjansen til å oppleve kvardagen frå forskjellige sider av landet. I tillegg er utflytting bra for distrikta, fordi det vil bidra til å motverke den sentraliseringstrangen tidligare regjeringer ikkje har klart å motsette seg. Denne utflyttingsprosessen er startskuddet på ei større desentralisering av makt som Venstre vil fortsette å kjempe for.
FORDELING: Stortingspolitikar frå Venstre, Andre Skjelstad meinar utflytting av statlege arbeidsplassar handlar om fordelig og maktspredning. Han håpar at planane regjeringa skal legge fram i vinter berre er starten på ei treng med arbeidsplassar frå Oslo og til andre fylker.
Øystein Windstad
– Skal ta godt vare på dei tilsette
– NTL meiner å flytte eksisterande arbeidsplassar vil gje store menneskelege kostnader, som feks at det kan bli vanskeleg for partner å finne ny jobb og at det kan bli vanskeleg for barn å flytte til ny skule og nytt miljø. Kva tenkjer ein om dei menneskelege kostnadane rundt flytting?
– Omstilling i arbeidslivet er alltid krevende, både i det offentlege og i det private. Difor er både Venstre og regjeringa opptekne av at dette skal bli ein god prosess som i størst mulig grad tek vare på dei tilsette sine rettar. Tilsette og deira familiar som blir påvirka av utflyttinga må få best mulig støtte frå arbeidsgjevar. Dessverre har sentraliseringstrykket frå den tidligare rød-grønne regjeringa vore så stort at vi ikkje ser anna mulighet enn å bruke utflytting som eit verktøy for å skape ei reell endring i konsentrasjonen av statlege arbeidsplassar.
• Her er lønna til topplederne i Norges 100 største selskaper
– Handlar om maktspredning
– Leiar i NTL sentralforvaltningen, Bjørn Halvorsen, seier at å flytte ut statlege arbeidsplassar minner om å helse heim til fylka stortingsrepresentantar kjem frå i valgår, kva seier Venstre til det?
– Jeg har stor respekt for NTL sine medlemmer, men må jeg si at Halvorsen tek heilt feil i denne uttalelsen. Maktspredning har vore ei viktig målsetning for Venstre sidan vi blei grunnlagt i 1884, og vi går no gjennom ein grundig prosess der vi ser på fleire faktorar som vil bestemme kva som skal flyttas og kor. Venstre leverer politikken vi gjekk til valg på, seier Skjelstad.
Les meir
• Flytting av statlege arbeidsplassar for støtte til kommunereform
Statlege arbeidsplassar
• I dag er det 46.000 statlege arbeidsplassar i Oslo
• Til samanligning er det 13.000 i Hordaland, 13.500 i Sør-Trøndelag og 6.900 i Troms
• I 2003 jobba det 127.000 i staten, i dag er talet 160.000
• Tilsaman jobbar det rundt 750.000 i fylkeskommunar, kommunar og staten.
• Frp, Høgre og Venstre legg i vinter fram planer om å flytte fleire statlege arbeidsplassar ut av Oslo
Dette er en sak fra
Vi skriver om de ansatte i staten og virksomheter med statlig tilknytning.
Flere saker
Statlege arbeidsplassar
• I dag er det 46.000 statlege arbeidsplassar i Oslo
• Til samanligning er det 13.000 i Hordaland, 13.500 i Sør-Trøndelag og 6.900 i Troms
• I 2003 jobba det 127.000 i staten, i dag er talet 160.000
• Tilsaman jobbar det rundt 750.000 i fylkeskommunar, kommunar og staten.
• Frp, Høgre og Venstre legg i vinter fram planer om å flytte fleire statlege arbeidsplassar ut av Oslo