50 skattekontor i distrikta skal vekk - sjå kvar
50 skattekontor som hovudsakleg ligg i distrika skal vekk. Det kom fram i regjeringa sitt forslag til statsbudsjett.
SLÅR SAMAN: Finansminister Siv Jensen (Frp) vil redusere talet på skattekontor frå 107 til 57. Det betyr lengre reiseveg for både tilsette og skattebetalrar i distrikta.
Ole Palmstrøm
oystein.windstad@lomedia.no
I dag er det 107 skattekontor i Norge. Får regjeringa vilja si, skal det bli 57 skattekontor. Det betyr lengre reiseveg for både tilsette og skattebetalarane:
– Vi skulle gjerne hatt nokre fleire skattekontor. Vi syns det blir for mange hull i kartet og for langt mellom skattekontora, seier Ingrid Sølberg, leiar av NTL Skatt. Det er ikkje foreslått kutt i tilsette som jobbar på kontora.
Fire kontor bevart
Opprinneleg var det foreslått at kontora i Sandefjord, Gjøvik, Askim og Otta skulle vekk. Desse fire kontora er no foreslått bevart i statsbudsjettet. Sølvberg seier ho er glad for at desse fire kontora får fortsette. Samtidig peikar ho på at tre av desse ligg nærme Oslo og at dei ønsker fleire kontor i resten av landet.
• Se alle våre saker om statsbudsjettet
Får nye oppgåver
Medan over halvparten av kontora blir slått saman, har Skatteetaten fått nye oppgåver:
– Vi har får ansvaret for alt som har med D-nummer å gjere. Dette er noko vi har jobba med lenge. Det er ei oppgåve vi er veldig klar for og som vi er veldig glad for å få, seier Sølvberg og legg til:
– Det er totale kutt på 80 millioner kroner til Skatteetaten. 38 av desse er regjeringens produktivitetskutt, resten er gevinstrealiseringer på tidligare investeringer i Skatteetaten, seier Sølvberg.
Må du reise lengre for å kome til skattekontoret? Sjå lista over kontor som forsvinn her.
#Statsbudsjettet2017
Dette er en sak fra
Vi skriver om de ansatte i staten og virksomheter med statlig tilknytning.