Sosial dumping og svart økonomi
Ap, Sp og SV vil strupe bemanningsbransjen
Ap vil ha tøffare reguleringer. Sp vil at det offentlege skal slutte å bruke dei og SV vil ha full stopp. Bemanningsyråa vil merke ei ny rødgrøn regjering.
STRAMMAR GREPET: Dei rødgrøne varslar at om dei får fleirtal, vil det få konsekvensar for bemanningsbransjen. Bodskapet kom under NTL og Fagforbundet sin konferanse om svart økonomi og sosial dumping, 28. mars. Frå Venstre: Per Olaf Lundteigen (Sp), Kirsti Bergstø, (SV) og Jonas Bals (Ap).
Øystein Windstad
oystein.windstad@lomedia.no
NTL og Fagforbundet arrangerte konferansen Kampen mot svart økonomi. Der kom det fleire utspel som hintar til kva som ventar bemanningsbyråa om det blir eit nytt rødgrønt fleirtal.
Ap avslørte at dei kjem med ei ny tiltaksplan mot sosial dumping i april:
– Det er framleis enorme utfordringar i store delar av arbeidslivet og det er viktig for oss å signalisere før valet kva vi skal gjere. Det er fleire saker som har blitt veldig aktuelle. Blant anna den rolla bemanningsbransjen spelar spesielt i byggsektoren, den er fryktelig destruktiv. Desse kontraktene utan løn mellom oppdraga, er ein uting som vi må bli kvitt, fortel Marianne Marthinsen, finanspolitisk talsperson i Ap.
Nyleg vann seks polske arbeidarar i retten mot NHO, i deira kamp for å ha rett til løn mellom oppdrag.
Også Sp og SV krev at det blir slutt på slike kontrakter.
• Verneombod i Oslo trua på livet på byggeplassar
Slutt på offentleg bruk av bemanningsbyrå
Detaljane og alle dei konkrete punkta i Ap si nye handlingsplan mot sosial dumping vil bli kjent i løpet av april og vil bli lagt fram av partiet si stortingsgruppe.
Per Olaf Lundteigen og Senterpartiet har vore aktive på Stortinget i kampen mot sosial dumping.
Lundteigen varslar at Senterpartiet vil sette ned foten for at kommunar, staten og fylkeskommunane skal leige inn frå bemanningsbyrå:
– Det offentlege kan ikkje stå i bresjen for denne utviklinga. Det offentlege må gå føre som eit godt eksempel. Faste arbeidsoppgåver skal gjerast av faste tilsette, sa Lundteigen frå talarstolen på konferansen.
OFFENTLEG-STOPP: Per Olaf Lundteigen i Sp meiner at frisleppet av bemanningsbransjen har gått for langt og er ein del av årsakane til at det skjer sosial dumping.
Øystein Windstad
Vil erstatte EØS-avtalen
Han fortalte vidare at han er for utanlandsk arbeidsinnvandring, men at den må regulerast strengare:
– Ein vil løyse veldig mange av problema i dag om ein innfører nye føresetnader for å kunne reise inn og jobbe i Norge. Det eine er at arbeidarne må kunne dokumentere at dei har ein plass å bu, som husleigekontrakt eksempelvis. Det andre er at ein må ha ei arbeidskontrakt før ein kjem, der kontraktene sikrar at dei får norske løns- og arbeidsvilkår, meiner Lundteigen.
Både SV og Sp vil fjerne EØS-avtalen og erstatte den med ein ny avtale, i likheit med Sveits som ikkje er med i EØS, men har ein samarbeidsavtale.
SV vil sette ned foten heilt
Medan Ap og Sp vil ha vesentleg strengare regulering av bemanningsbransja, vil SV ha full stopp:
– Vi i SV er djupt uroa fordi vi ser at på fleire områder blir faste tilsette erstatta av innleide. Vi vil ha dei kommersielle bemanningsbyråa ut av arbeidslivet og ha reglane tilbake slik dei var før år 2000. Det skal berre vere tillatt å bruke bemanningsbyrå i visse særtilfeller. Det må politiske grep til, fordi systemet fungerar ikkje slik som det var meint, fortel Kirsti Bergstø, nestleiar i SV.
I eksempelvis Tyskland har bruk av bruk av bemanningsbyrå i byggebransjen vore ulovleg sidan 1982. Forbodet kom etter store problem med sosial dumping og grov utnytting av arbeidarar.
Både den sittande regjeringa og den forrige har kome med tiltaksplanar mot sosial dumping, men problema ser ut til å auke.Tillitsvalgte og verneombod opplever stadig at dei blir trua på livet når dei besøker byggeplassar.
Les meir:
Dette er en sak fra
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.