JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Industri Energi: – Ny olje og gass sikrar velferdsstaten

Oljeproduksjonen har blitt halvert i Norge dei siste femten åra. Ny aktivitet i Nord-Norge vil gje mange nye arbeidsplassar og milliardar i inntekter til å oppretthalde velferdsstaten, seier leiar i Industri Energi, Frode Alfheim.
MARKERER SEG: Frode Alfheim tek over som ny leiar av fagforbundet Industri Energi. Han meiner at velferdsstaten treng inntektene frå utvinning av olje og gass i nord.

MARKERER SEG: Frode Alfheim tek over som ny leiar av fagforbundet Industri Energi. Han meiner at velferdsstaten treng inntektene frå utvinning av olje og gass i nord.

Øystein Windstad

oystein.windstad@lomedia.no

Om fleire områder i Nord-Norge skal opnast for utvinning av olje og gass blir ein heftig diskusjon i haustens stortingsvalgkamp og på LO-kongressen i mai. I dag jobbar rundt 8000 personar med olje og gass i nord. Inntektene frå dei eksisterande produksjonsfelta i regionen er enorme. I 2015 blei det produsert olje og gass for 44 milliardar kroner, og tilsaman 400 milliardar kroner sidan oppstarten i 1997. Frode Alfheim leiar Industri Energi som har 60.000 medlemmar og er det fjerde største forbundet i LO:

– Vi veit at rundt 80-90 prosent av avkastninga av olje og gass går direkte til statskassa. Eg trur dei fleste skjønar at det er snakk om årlege milliardinntekter til staten i året om det blir nye utbygginger i nord, fortel leiaren av Industri Energi. Han viser til at alle selskap som produserar olje eller gass i Norge må betale 78 prosent skatt:

– Dette er pengar som går direkte til fellesskapet, seier Alfheim.

NTL fryktar oljeboring 15 km frå verdas beste fiskefelt

Meiner olje ikkje går ut over fiske

Konkraft er eit samarbeidsorgan for interesseorganisasjonar i olje og gass-sektoren. I deira rapport "Nordover - norsk sokkel i endring" blir det blant anna framheva at i løpet av 50 år med olje og gassutvinning i Norge har det aldri vore akutte utslepp som har hatt betydeleg skade på miljøet. Alfheim kjem frå Nordland og har sjølv bakgrunn som fiskar.

– Fiskarar blant andre fryktar oljeverksemd i gyteområda rundt Lofoten vil gå ut over fisken?

– Alle deira bekymringer skal vere ein del av det arbeidet som skal gjerast under ei konsekvensutredning. Arbeidet i konsekvensutredningane må gjerast på ein slik måte at ein får slått fast at dette enten er tilrådeleg eller ikkje. Delar av feltet Nordland 6 har vore tidligare opna. Der ivaretok ein fiskeriinteressene med at ein ikkje skal bore heile året. Ein skal ikkje bore medan utvandring av egg og yngel følger golfstraumen oppover til Barentshavet, seier han.

Vil redusere seismikkskyting

For å finne olje og gass må ein drive med seismisk skyting, noko som skremmer vekk fisk blant anna. Alfheim seier slik leiting vil bli redusert om det blir opning rundt Lofoten:

– Ein vil kanskje stille andre krav som gjer at ein kjem fiskerinæringa i møte. Ein av dei viktigaste tinga eg kan svare på vegne av norsk olje og gass-næring, det er at seismikken skal minimerast om det blir kartlegging. Då skal ein kjøre ei seismikkrunde på vegne av heile bransja.

– Trur du det er mulig å få til olje og gassutvinning utan at det går ut over fiskeriinteressene, fisken og gyteområda?

-– Ja det trur eg. Om ei konsekvensutredning viser at det ikkje er mogleg, skal eg gje meg med ein gong.

Arbeiderpartiet vedtok oljekompromisset

• Oljearbeidere: – Sørg for oljearbeidsplasser, så skal vi sørge for klingende mynt

To norske statsbudsjett

Om oljeprisen held seg på dagens nivå, regnar Oljedirektoretet med at det ligg uoppdaga olje og gass verdt 2000 milliardar kroner på nordnorsk sokkel. Det tilsvarar to norske statsbudsjett. Oljeproduksjonen i Norge har sunke årleg sidan 2001, og Oljedirektoratet regnar med at rundt halvparten av dei olje og gassressursane som finst i Norge er solgt og levert. Tillitsvalgte Richard Storevik jobbar med å bygge boliger til oljeinstallasjoner i Apply Leirvik på Stord, og er blant anna leiar av Fellesforbundet sitt ungdomsutval. Han peikar på dei enorme inntektene frå olje har stor betydning for det norske samfunnet:

– Kvar femte krone i statsbudsjettet kjem frå olje og utan oljepengane ville statsbudsjettet gått i minus. Korleis vil framtida sjå ut om vi ikkje fyller på den kontoen kontinuerleg. Detter er pengar som går til gratis skule og helsevesen, seier han og legg til:

– Eg likar gode debattar og har respekt for ulike meininger. Det er viktig at det er fakta som ligg til grunn. Vi må få alle fakta på bordet. Det er med å fordumme debatten når den andre sida seier at konsekvensutredning er det same som opning. Ei konsekvensutredning kan like fort kome i vår disfavør og det vil ikkje bli opna for olje i Lofoten, Vesterålen og Senja.

Rørledning frå Lofoten til Barentshavet

Det er gjort sju gonger større oljefunn i Barentshavet enn utanfor Lofoten. Likevel vil olja og gassen utanfor Lofoten spele ei viktig rolle for å få til ei eventuell utbygging i Barentshavet. Oljenæringa sjølv skriv i rapporten "Nordover - Norsk sokkel i endring" at eit alternativ er ei rørledning. Røret byggast ut stegvis nordover langs Lofoten og mot Troms, i takt med at ein opnar nye felt nordover. Målet er at denne ledninga tilslutt skal nå Barentshavet for å sikre lønnsom transport av dei store gassressursane som ligg der. Slik skal gassen fraktast frå Barentshavet og den europeiske marknaden. Opning rundt Lofoten er med andre ord strategisk viktig for å kunne utvinne olja og gassen i Barentshavet.

SV, Sp, Venstre og Krf avgjer

Uansett kva regjering ein får til hausten, er det støttepartia som avgjer om det blir konsekvensutredning og eventuell opning. Fortset Høgre og Frp i regjering må dei få med seg Venstre og Krf. Det kan fort bli vanskeleg, ettersom begge partia er i mot konsekvensutredning. Blir det ei ny regjering må Ap få med seg Sp, Krf eller SV. Det kan også fort bli vanskeleg fordi alle desse tre partia er negative til oljeboring rundt Lofoten. Alfheim meiner ansvaret for evntuelle oljeopning ligg på dei statsbærande partia Høgre og Ap:

– Om vi ikkje gjer funn av nye felt som kjem i produksjon innan 2025 vil vi ha eit fall i norsk produksjon. Det er ei skremmande utsikt for statsbærande parti som skal ta ansvar for at nasjonen går i balanse med inntekter og utgifter. Som skal sørge for at folk i Norge skal ha trua på ein framtidig velferdsstat. Då må vi ha inntekter. Den regjeringa som skal styre etter valet i 2017 veit at du må ha enno meir av utbyggingsplaner no, skal du forsvare produksjon av olje og gass frå 2025 og dermed forsvare inntekter til staten. Der må uansett kven som styrer ta tak i. Eg stiller strenge krav til både Ap og Høgre for at vi skal ha ein nasjon som går i balanse når det gjel drift, i åra som kjem seier Alfheim.

Medan oljeproduksjonen er halvert dei siste åra, har den totale produksjonen holdt seg stabil på grunn av utvinning av meir gass.

LO-lederen trygg på kompromisser under kongressen

LO taper terreng i arbeidslivet

Fakta om olje og gass i nord

• Det har blitt produsert olje og gass for 400 milliardar kroner i Nord-Norge sidan 1997
• I 2015 blei det produsert for 44 milliardar kroner
• Anna næringsliv produserte for 36 milliardar i 2015
• I dag er det rundt 8000 jobbar i olje- og gassindustrien i nord
• Om oljeprisen er på 500 kr fatet er den totale verdien av olja på nordnorsk sokkel 2000 milliardar kroner
• Oljedirektoratet regnar med det er dobbelt så mykje olje og gass i Barentshavet som utanfor Lofoten
• Oljenæringa ser for seg å legge ei rørledning frå Lofotent til Barentshavet

Øystein Windstad

Dette er en sak fra

Vi skriver om de ansatte i staten og virksomheter med statlig tilknytning.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse