JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Skatteetaten

Ni av ti «proffe» Uber-sjåførar snyt på skatten. Samtidig får mange av sjåførane pengar frå Nav

90 prosent av Uber-sjåførane som har omsett for over 50.000 kroner har ikke rapportert inntektene til Skatteetaten.
Uber-sjåførar mottek Nav-ytingar samtidig som dei køyrer drosje, i følge skattekrimsjef Jan-Egil Kristiansen

Uber-sjåførar mottek Nav-ytingar samtidig som dei køyrer drosje, i følge skattekrimsjef Jan-Egil Kristiansen

Ole Palmstrøm

oystein.windstad@lomedia.no

Nyleg arrangerte NTL og Fagforbundet konferansen Kampen mot svart økonomi. Der fortalte skattekrimsjef i Skatt Øst, Jan-Egil Kristiansen, om kva dei har funne under kontrollar av Uber-sjåførar:

– Det vi har sett no er at dei alle fleste har ikkje oppgjeve inntektene sine eller sendt mva-oppgåver. Rundt 90 prosent av dei som har omsett for over 50.000 kroner, som er grensa for å betale meirverdiavgift, har ikke rapporter inntektene. Dei har altså ikkje betalt moms eller oppgjeve inntekter som kan skattleggast.

– De har også funne at sjåførar får pengar frå Nav?

– Ja, mange av dei har fått Nav-ytingar samtidig. Det er for tidleg å seie om det er trygdesvindel. Men, dei mottek Nav-ytingar samtidig som dei kjører og oppgjev ikkje inntektene til myndigheitene, fortel skattekrimsjef Kristiansen.

• Taxinæringa anmelder 105 Uber-sjåførar

AVSLØRER SKATTESNUSK: Jan-Egil Kristiansen er skattekrimsjef i Skatt Øst og fortel at Uber-sjøførar gjennomgåande snyt på skatten og ikkje rapporterer inn kva dei tener på å kjøre passasjerar. Kristiansen deltok på NTL og Fagforbundet sin konferanse mot svart økonomi og sosial dumping.

AVSLØRER SKATTESNUSK: Jan-Egil Kristiansen er skattekrimsjef i Skatt Øst og fortel at Uber-sjøførar gjennomgåande snyt på skatten og ikkje rapporterer inn kva dei tener på å kjøre passasjerar. Kristiansen deltok på NTL og Fagforbundet sin konferanse mot svart økonomi og sosial dumping.

Øystein Windstad

200 nye tekne i kontroll

Etter kontrollar har Skatteetaten funne ut at 200 nye sjåførar som kjører hovudsakleg i Oslo, ikkje har rapportert inn kva dei tener:

– Vi sendte dei første 400 varsla om endring av inntekt og mva i desember og i starten av januar. Vi sendte 200 nye i forrige veke. Varsel betyr at vi har opplysningar om at dei har inntekter som dei ikkje har oppgjeve til skattemyndigheitene. Totalt har vi til no sendt ut 600 slike varsel, fortel Kristiansen.

Han legg til at det myndigheitene har funne i Norge, lignar på situasjonen ellers i Skandinavia:

– Det er det same vi har sett i Sverige og Danmark, at det er stort omfang av skatteunndraging av dei som driv med Uber-verksemd, fortel skattekrimsjefen.

Han legg til at politiet har 110 saker der sjåførar er straffa for det politiet meiner er pirattaxi-kjøring.

• Følg oss på Facebook

– Vi har frykta dette

Kirsti Bergstø, nestleiar i SV og innleiar på konferansa til NTL og Fagforbundet er opprørt over funna til skattemyndigheitene:

– Dette er fullstendig uakseptabelt og akkurat det vi frykta. Det er veldig bra at dette blir kontrollert og avdekka. Heile Uber-systemet er basert på eit uorganisert arbeidsliv på sida av det systemet og reglane vi har for taxi og transport. Taxisjåførane har meldt om dette i lang tid, fortel stortingsrepresentanten.

Ho fortel at SV går inn for fleire og styrka kontrollar for å få bukt med sjåførar som snyt på skatten. SV-politikaren meiner regjeringa har gjort for lite med problema og seier at ei eventuell ny rødgrøn regjering vil ha eit heilt anna fokus og fleire tiltak.

Pengar til Bermuda

Skattekrimsjef Kristiansen fortel at dei ser pengar Uber tener i Norge, finn vegen til skatteparadiset Bermuda:

– Sjåføren sit igjen med 75 eller 80 prosent av det kunden har betalt. Resten tek Uber i Nederland, for at dei stiller appen til disposisjon. Etter det vi forstår blir delar av beløpet sendt frå Nederland til Bermuda, der hovedselskapet held til. Dei brukar skatteparadis i denne verksemda. Uber-selskapet skattar ikkje til Norge, fortel Kristiansen.

Uber vil at sjåførane skal betale

Det internasjonale selskapet har ikkje noko lett tilgjengeleg kontaktinformasjon på sine heimesider. Dei har lagt ut dette på nettsidene sine om spørsmål rundt skatt:

«Uber overholder selvfølgelig alle gjeldende skatteregler og innrapporterer all inntekten vi skal. Når det gjelder partnersjåfører tilknyttet Uber-plattformen er de selvstendige aktører. De har sin egen bil, bestemmer selv når de vil kjøre, og bruker Uber-appen til å få markedsført seg til potensielle passasjerer. Det er dermed partnersjåførenes eget ansvar å innberette inntekten sin og betale skatt, inkludert merverdiavgift dersom de passerer momsgrensen. Dette er de samme reglene som for andre selvstendige, det være seg selvstendige frisører, leger, advokater eller rørleggere».

Uber ønskar lovendring

App-selskapet skriv vidare at dei ønskar nye skattereglar:

«Uber kan ikke betale skatt på vegne av partnersjåførene tilknyttet plattformen, men vi jobber for å gjøre det så enkelt som mulig, for eksempel ved å kunne innberette skatt på partnersjåførenes vegne. Skatt er et viktig område der vi ønsker mer regulering. Vi mener det ville vært hensiktsmessig for Norge at Uber som transportformidler ble pålagt å innrapportere inntektene til de partnersjåførene som bruker plattformen. Å få dette inn i lovverket blir viktig for å sikre like vilkår for transportdeling i Norge».

LES OGSÅ: Meiner for mange løyver er større problem enn Uber

LES OGSÅ: Transportarbeidarane meiner regjeringa legg til rette for Uber

Warning
Dette er en sak fra

Vi skriver om de ansatte i staten og virksomheter med statlig tilknytning.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse