JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Ny lov om statens ansatte

Sp vil fjerne ny lov for tilsette i staten

Dei 160.000 tilsette i staten vil i ekspressfart få nye reglar for korleis dei kan tilsettast og sparkast. Senterpartiet meiner regjeringa si nye lov om statens ansatte er elendig og vil omgjere den om dei kjem i regjering til hausten.
REVERSERE: Senterpartiet og Heidi Greni er blant dei som stemmer i mot den nye lova for statstilsette i Stortinget. Ho vil endre lova dersom det blir nytt fleirtal eter valet.

REVERSERE: Senterpartiet og Heidi Greni er blant dei som stemmer i mot den nye lova for statstilsette i Stortinget. Ho vil endre lova dersom det blir nytt fleirtal eter valet.

Senterpartiet

oystein.windstad@lomedia.no

Regjeringa vedtek i ekspressfart ei ny lov som gjeld arbeidssituasjonen for alle dei 160.000 som jobbar i staten. Senterpartiet seier om dei får vilja si varer denne lova heilt dei kjem i fleirtalsregjering:

– Vi må ta tak i dette til hausten. Det har skjedd svekkingar av rettane til arbeidstakarane også i arbeidsmiljølova på grunn av regjeringa. Vi vil omgjere denne lova og all svekking av arbeidstakarinteresser som er gjennomført i denne perioda. Eg meiner vi også må omgjere forandringane i Arbeidsmiljølova om vi kjem i regjering, seier Heidi Greni, stortingsrepresentant for Sp. Ho meiner regjeringa si nye lov vil føre til fleire vikarar i staten og at dei tillitsvalde blir sett på sidelinja.

Her er den nye tjenestemannsloven

Ap går i mot regjeringa si nye lov for tilsette i staten

Rødgrøne samla mot lova

Senterpartiet står samla saman med Ap og SV og kjem til å stemme mot lov om statens ansattte. Høgre og Frp har med seg Krf og Venstre, som gjer at lova truleg vil bli vedteke. SV fryktar at regjeringa si lov vil føre til at dei tilsette i staten kan bli skifta ut i takt med kven som sit i regjering, noko det ikkje er tradisjon for i Norge.

Stortingsrepresentant Karin Andersen i SV er kritisk:

– Dei tilsette er heilt avhengige av at dei er trygge på at dei ikkje blir utsett for politisk vêr og vind. Dette er folk som skal forvalte lovverket til dagleg og som må vere trygge på at dei kan varsle i full tillit om det er noko som ikkje er slik som det skal. Det er ei av styrkene i det norske systemet. Dei som er embetsfolk i staten skal ikkje skiftas ut når det er regjeringsskifte, seier ho og held fram:

– Vi i SV meiner denne tryggleiken blir svekka med den nye tjenestemannslova, lov om statens ansatte. Vi vil ha eit styrka varslarvern og at det skal bli lettare og tryggare å seie ifrå om noko ikkje er som det skal, meiner Andersen.

– Svekker trepartssamarbeidet

Lova skal opp i Stortinget 12. juni. Tirsdag blei den diskutert i Kommunal- og forvaltningskomiteen som kom med instilling til lova. Karin Andersen i SV viser til at fleire organisasjonar i arbeidslivet er kritiske til lova:

– Eg opplever at lova må sjåast i lys av kritikken som har kome frå fleire store organisasjonar i tillegg til NTL og LO Stat. Kritikken har kome frå Forskarforbundet og Lederne – Norges ledelsesorganisasjon. New public management-leiing har innteke statsapparatet med denne regjeringa. Denne lova speilar at regjeringa gjev arbeidsgjevar meir styring. Dei legg mindre vekt på trepartssamarbeidet og arbeidstakarane sine stillinger. Dei ser ikkje verdien av det, like mykje som vi på venstresida, meiner Andersen i SV.

Les mer

Ti ting du bør vite om tjenestemannsloven
NTL: – Tar fra statsansatte grunnleggende rettigheter
Forskrifta til Lov om statens ansatte er sendt på høyring før sjølve lova er vedteke

Warning
Dette er en sak fra

Vi skriver om de ansatte i staten og virksomheter med statlig tilknytning.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse