JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Arbeiderpartiets landsmøte kan snu

– LO kan få Ap til å snu om olje i Lofoten

Seier LO nei til oljeleiting vil dette få stor betydning for Ap og kunne føre til at Støre set ned foten. Det trur professor i statsvitenskap, Asbjørn Røiseland ved Nord universitet i Bodø.
LO KAN STOPPE: Om LO går for å la olja utanfor Lofoten ligge, kan det føre til at Ap snur og at debatten vil dabbe av. Det trur statsvitar og professor Asbjørn Røiseland ved Nord Universitet i Bodø.

LO KAN STOPPE: Om LO går for å la olja utanfor Lofoten ligge, kan det føre til at Ap snur og at debatten vil dabbe av. Det trur statsvitar og professor Asbjørn Røiseland ved Nord Universitet i Bodø.

Håvard Sæbø

oystein.windstad@lomedia.no, ines.zander@lomedia.no, torgny.hasas@lomedia.no

Det ligg an til at LO kan kome til å seie nei til å utrede konsekvensane av utvinning av olje og gass i Lofoten, Vesterålen og Senja. Til no har fire LO-forbund sagt nei, og eit femte er på gli. Asbjørn Røiseland jobbar som forskar og professor ved Nord Universitet. Han trur dette vil påvirke Arbeidarpartiet:

– For Ap har dette mykje å seie. Om LO som organisasjon seier nei, vil det bli vanskeleg for Ap å seie ja. Det kan føre til at Ap nasjonalt snur i saka om konsekvensutredning, seier Røiseland. LO-kongressen startar 8. mai neste år og det vil bli avstemming om temaet.

• Fagforbundet går for vern

TRUR OLJA LIGG: Professor Asbjørn Røiseland trur at det ikkje vil bli opna for konsekvensutredning om den sittande regjeringa fortset. Han trur heller ikkje det vil bli opna for utredning med ei ny rødgrøn regjering neste år.

TRUR OLJA LIGG: Professor Asbjørn Røiseland trur at det ikkje vil bli opna for konsekvensutredning om den sittande regjeringa fortset. Han trur heller ikkje det vil bli opna for utredning med ei ny rødgrøn regjering neste år.

Nord universitet

Olje kan felle regjeringer

Så langt har Fagforbundet, NTL, EL og IT samt Handel og Kontor sagt at dei vil ha vern. FO, fagforbundet til sosionomar, vernepleiarar og barnevernspedagogar ligg også an til å gå for vern. Desse fem forbunda har tilsaman 147 av 315 delegatar på kongressen. Statsvitar Røiseland fortel at spørsmålet om oljeleiting i nord er eit av dei få stridsspørsmål som kan felle regjeringer:

– Eg tenkjer at det er ei veldig spanande og viktig utvikling det som skjer i LO. Det er virkeleg noko som kan få rikspolitiske konsekvensar. Olje og gass i Lofoten er eit av få tema som har potensial til å kunne sprenge regjeringssamarbeidet og bli sak nummer ein i valkampen.

– Den sittande regjeringa kan ikkje opne for konsekvensutredning grunna KrF og Venstre. Ei eventuell ny regjering, der må Ap ha med seg SV, MDG eller kanskje KrF. Kor stor sjanse er det for at det kan bli opna?

– Den er minimal med desse konstellasjonane. Det er lite truleg at regjeringa som sit neste år vil vere i stand til å stemme fram konsekvensutredning. Eg trur utviklinga i LO vil gjere dette enndå vanskelegare, seier forskaren.

• Professor meiner vern gjev fleire arbeidsplassar og meir verdiskapning

LO er delt

Både Industri Energi og Fellesforbundet ønskar å opne for konsekvensutredning. Tidligare har det vore heftig debatt i LO om det skal vernast eller ikkje. Også Forbundet for ledelse og teknikk, FLT, vil opne for konsekvensutredning:

– Vi er bekymra for det som skjer med at mange forbund i LO går mot konsekvensutredning. FLT meiner at vedtaket frå LO-kongressen i 2013 er eit godt og balansert vedtak og vi ser ikkje noko behov for å endre det. Nei til konsekvensutredning blir å nekte seg sjølv kunnskap, seier Ulf Madsen, 1. nestleiar av FLT.

Norsk tjenestemannslag, NTL, har i fleire år vore tydeleg mot olje i Lofoten. Leiar i NTL, John Leirvaag, trur ikkje spørsmålet om oljeutvinning vil rive opp LO:

– Det ville overraske meg stort om eit slikt vedtak på LO-kongressen neste år skulle skape splitting i LO. Det er ikkje snakk om å legge ned eksisterande industri, men å opne nye områder, sa Leirvåg til NTB torsdag føremiddag.

• Stor oljeinteresse for Lofoten

KAN SNU: Ap er i dag for å utrede konsekvensane av oljeboring i Lofoten, Vesterålen og Senja. Det kan bli vanskelegare for partileiar Jonas Gahr Støre å argumentere for olje i Lofoten, om LO seier nei. Professor og statsvitar Asbjørn Røiseland trur LO kan få Ap og Støre til å snu.

KAN SNU: Ap er i dag for å utrede konsekvensane av oljeboring i Lofoten, Vesterålen og Senja. Det kan bli vanskelegare for partileiar Jonas Gahr Støre å argumentere for olje i Lofoten, om LO seier nei. Professor og statsvitar Asbjørn Røiseland trur LO kan få Ap og Støre til å snu.

Tri Nguyen Dinh

Kan bli kompromiss

Det er heller ikkje sikkert at det blir fleirtal i LO for å la olje og gass ligge. Eksempelvis vil ikkje FO binde sine delegatar. Leiar av FO, Mimmi Kvisvik, seier dei ikkje formelt har teke stilling til spørsmålet enno, og at dei vil gjere det til LO-kongressen:

– Sjølv om ein aldri skal forskuttere ei organisatorisk behandling, basert på det som var haldningane i 2013, og ut fra FO sitt prinsipprogram, er det truleg at dei kjem til å seie nei til en konsekvensutredning, fortel Kvisvik.

Professor og statsvitar Røiseland trur at LO også kan gå inn for eit kompromiss:

– Det er mogleg å sjå føre seg eit kompromiss. Det er mange som ser på konsekvensutredning som første leddet i opning. Det er det eigentleg, formelt sett. Tidlegare har ein hatt kompromiss med formuleringar om kunnskapsinnhenting, som ikkje er konsekvensutredning, seier Røiseland, professor ved Nord Universitet.

Følg LO-Aktuelt på Facebook

Warning
Dette er en sak fra

Vi skriver om de ansatte i staten og virksomheter med statlig tilknytning.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse