NTL og LO Stat:
– Regjeringa har overkøyrt fagforeiningane om ny lov for statstilsette
Regjeringa har overkjørt fagforeiningane og gjev dei tilsette i staten dårlegare stillingsvern enn i det private og kommunane. Det meiner NTL og LO Stat om regjeringa si nye lov.
Både leiar av LO Stat, Egil Andre Aas og Kjersti Barsok, 1. nestleiar i NTL meiner regjeringa ikkje har hørt på fagforeiningane. Den nye Lov om statens ansatte fører til at det blir lettare å sparke folk som jobbar i staten, meinar dei to.
Anders Hauge-Eltvik / Ole Palmstrøm
oystein.windstad@lomeida.no
Den nye lov om statens ansatte gjeld for 160.000 arbeidstakarar og skal erstatte den gamle tjenestemannsloven.
Regjeringa får truleg igjennom den nye lova med støtte frå KrF og Venstre 1. juli.
Frå før har Ap, SV og Senterpartiet sagt at dei går i mot heile lova som dei er sterkt kritisk til og vil omgjere den om dei får fleirtal til hausten. Lova har nye reglar rundt blant anna oppsigelse for dei 160.000 som jobbar i staten:
– 160.000 tilsette i staten blir tekne frå ein viktig garanti for rettstryggleik, då lovforslaget betyr at dei tilsette ikkje kan få domstolprøve den arbeidsrettslege saklegheitsnorma i ei oppseiing. Det oppfattar eg som oppsiktsvekkande. Dei tilsette i staten skal og må ha ein rettstryggleik som er minst like god som alle andre i privat og kommunal sektor, seier Egil André Aas, leiar av LO Stat og tidlegare leiar av Norsk Offisersforbund.
• Ap går i mot regjeringa si nye lov for tilsette i staten
• Sp vil fjerne ny lov for tilsette i staten
– Ufint av regjeringa
Både NTL og LO Stat er einige i kritikken av arbeidet med lova.
Kjersti Barsok i NTL meiner regjeringa berre latar som dei har hørt på fagforeiningane:
– Vi har sett at regjeringa har tviholdt på at forslaget er i samsvar med Tjenestemannslovutvalget. Det er det ikkje, og eg meiner det er ufint å forsøke å halde oss til et kompromiss som regjeringa sjølv har gått vekk frå, seier Barsok som er 1. nestleiar i NTL.
Både Aas i LO Stat og Barsok i NTL seier dei har merka seg signala og støtta frå Ap, SV og Sp om at dei tre partia vil gå i mot lova og at dei ønskar å omgjere den om dei får fleirtal.
• Tilsette på treningssentre greier ikkje å leve av løna
Arbeidsgjevar får større makt
Arbeidstakarorganisasjonane får støtte av blant anna advokat Thomas Braut Svendsen i SBDL, som er spesialist på arbeidsrett og forfattar av boka «Arbeidslivets spilleregler».
I ein kronikk i Dagsavisen åtvarar han om at den nye lova vil vingeklippe domstolane og slår fast at tilsette i staten får dårlegare rettstryggleik og stillingsvern enn andre.
Barsok i NTL meiner det vil blir lettare å kvitte seg med kritiske røyster i staten:
– NTL har advart mot at desse svekkingane i stillingsvernet vil gjere det enklare å kvitte seg med kritiske stemmer og vil kunne svekke tjenestemenn sin faglege og politiske uavhengigheit. Det er oppsiktsvekkande om stortingsfleirtalet no går inn for å svekke rettstryggleiken for dei som jobbar i staten, seier Barsok.
Ei viktig setning
I forslaget til ny lov er det formuleringar om at ein oppsagt ikkje skal kunne gå til retten og prøve den arbeidsrettslige saklighetsnormen i oppsigelsen. Og kva betyr så det?
Barsok og NTL meiner konsekvensane er at arbeidsgjevarane får bestemme meir:
– At arbeidsgjevar einsidig skal kunne tolke kva som er ein sakleg grunn til oppseiing på grunn av verksemda sine forhold utan at det kan prøvast rettsleg, er både ei vingeklipping av domstolane og eit grovt angrep på dei statstilsettes rettstryggleik. For å sitere Finansdepartementet i sitt høyringssvar i fjor: «Den nye regelen baserer saklig grunn for oppsigelse på en avveining av virksomhetens behov opp mot de ulemper en oppsigelse påfører den statsansatte. Dette vil bli et skjønn, men slik reglen er utformet kan det tenkes en mulighet for at domstolen vil kunne gå langt i å overprøve skjønnet, og da falle ned på den oppsagtes side.» Samtidig frykter vi at dette vil føre til vanskelegare omstillingsprosessar og høgre konfliktnivå i framtidige omstillingar, seier Barsok i NTL.
Les mer
• Jusprofessor kallar regjeringa sitt arbeid med lova uvanleg
• Her er den nye lova for 160.000 i staten
Dette er en sak fra
Vi skriver om de ansatte i staten og virksomheter med statlig tilknytning.