NJF støttar Folkehjelpa med kr 650.000
15.000 colombianarar får heimen sin minefri tilbake i februar
Måndag blei samarbeidsavtalen som sikrar at Norsk Jernbaneforbund (NJF) skal gje 650.000 kroner til Norsk Folkehjelp over fire år, signert.
MINERYDDING OG FRED: Måndag signerte Norsk Jernbaneforbund og Norsk Folkehjelp ein 4-årig samarbeidsavtale. Oppe til høgre i bildet held Jane B. Sæthre saman med Audun Sør-Reime avtalen. Til venstre i bildet viser Rune Kristian Dale-Andresen i Norsk Folkehjelp kva utstyr dei brukar i felt. Bildet nede til høgre er ei samling av miner som er rydda av Norsk Folkehjelp.
Øystein Windstad
oystein.windstad@lomedia.no
I februar får 15.000 folk i landsbyar levert sine områder tilbake minefrie, takka vere Norsk Folkehjelp sine prosjekt.
– Vi håpar at bidraget skal føre til at det kan bli i varig fred i Colombia og at ein kan få bygd opp eit land som er basert på demokratiske prosessar og samarbeid mellom gruppene. Og sjølvsagt at det skal bli rydda opp etter krigshandlingane, fortel Jane B. Sæthre, leiar av NJF.
Pengane vil gå til minerydding, fredsarbeid, demokrtatibygging og støtte til fagforeninger og urfolksorganisasjonar. Så langt har arbeidet gjeve konkrete resultat: I regi av Norsk Folkehjelp har tidligare erkefiendar i FARC-geriljaen og den colombianske hæren rydda miner saman, spela fotball i lag og sørga for at tidligare livsfarlege områder no har blitt livgjevande matjord igjen.
• NTL er med på å bekjempe familievold i Rwanda
• Norske Fagforeningskroner rydder miner i Colombia
MINERYDDAR: Pengane frå Norsk Jernbaneforbund vil gå til å utstyre og finansiere mineryddarlag som skal i aksjon i Colombia. Dei blåe vestane, kvite maskene og grøne metalldetektorane til Norsk Folkehjelp vil bli å sjå i den ulendte colombianske åssidene. Rune Kristian Dale-Andresen nestleiar i avdeling for humanitær nedrustning i Norsk Folkehjelp stilte opp og demonstrerte på bildet kva utstyr dei brukar.
Øystein Windstad
Rydda 40.000 kvadratmeter
Det som skjer i Colombia har fått mykje merksemd i Norge, spesielt etter president Juan Manuell Santos fekk Nobels Fredspris i desember. Norsk Folkehjelp er snart ferdig med sitt pilotprosjekt i Colombia, der dei har satt saman mineryddingslag frå dei ulike sidene i konfliktene og brukt hundar for å rydde over 40.000 kvadratmeter for miner.
I februar skal dei ha ein offisiell seremoni i områda Santa Helena og El Orejon, der dei 15.000 innbyggarane symbolsk skal få områda sine tilbake, minefrie og klare for jordbruk:
– At vi får ein fast avtale med forbund er veldig viktig for Norsk Folkehjelp. Det sikrar forutsigbar finansiering til prosjekta. Vi veit at det kjem eit ekstra bidrag over fleire år og det gjer at vi kan planlegge langsiktig og legge ein langsiktig strategi, seier generalsekretær i Norsk Folkehjelp, Henriette K. Westhrin.
AVTALE: Måndag signerte NJF og Norsk Folkehjelp avtalen som sikrar støtte til minerydding og demokratibygging i fire år. Frå venstre: Henriette K. Westhrin, generalsekretær i Norsk Folkehjelp, Audun Sør-Reime, opplysningssekretær i NJF og Jane B. Sæthre, leiar av NJF.
Øystein Windstad
• – Fred må kome med sosial rettferd
– Ein føresetnad for fred
Det går frammover i Colombia på mange områder, men det er framleis mykje som står igjen. Konfliktene handlar i hovedsak om fordeling av land og ressursar. Framleis blir tillitsvalgte i fagforeninger drept. Også leiarar av urfolksorganisasjonar blir forfulgt og drepne av i hovudsak paramilitære. Norsk Folkehjelp jobbar med å organisere grupper som har vore stengt ute av politikken.
– Kor viktig er det for varig fred å få dei marginaliserte gruppene inn i samfunnslivet?
– Å få dei marginaliserte gruppene inn i demokratiet er ein føresetnad for varig fred. Organisering er kjernen i Norsk Folkehjelp sitt arbeid. Det handlar om at folk skal få rettane sine. Det er ein av grunnane til at samarbeid med fagbevegelsen er så viktig for oss. Det er nettopp ein felles tankegang og verdigods vi deler her i Norge som eg er veldig glad for at vi kan dele i det internasjonale arbeidet, fortel Westhrin.
LANDMINE: Rune Kristian Dale-Andresen i Norsk Folkehjelp held ei landmine som dei har rydda. Dale-Andresen har sjølv rydda lignande miner og jobba i fleire land.
Øystein Windstad
• LO vann fram i avtale med Colombia
Trur bidraget engsasjerer
Jane B. Sæthre i NJF trur at dei støtter prosjekt i utlandet kan engasjere medlemmane:
– Norsk Jernbaneforbund har alltid støtta Norsk Folkehjelp. Vi har ikkje hatt noko konkrete prosjekt som vi har kunne dele med den lokale organisasjonen. Når vi no støttar konkrete prosjekt trur vi det vil engasjere fleire av våre medlemmar. Det kan vere at enkelte medlemmar ikkje er så interessert i tariffavtaler og forhandlingar, men kanskje bryr seg meir om internasjonalt arbeid og miljøbevegelse eksempelvis. Desse vil engasjere seg ved at vi har eit engasjement knytta til Norsk Folkehjelp sitt arbeid ute i verda, seier Sæthre. Pengane frå NJF vil gå til å blant anna støtte dei rundt 150 lokalt tilsette i Norsk Folkehjelp i Colombia som jobbar med kartlegging og minerydding.
MINER: På dette bordet ligg miner og klasebomber som har blitt rydda av Norsk Folkehjelp. Dei fleste landminene er laga og konstruert for å skade dei som trakkar på dei, og ikkje drepe dei. Poenget med å skade er at dei som blir utsette for minene må bruke mest mogleg tid, krefter og ressursar på å ta seg av dei skadde og invalide.
Øystein Windstad
Fredsprosessen i Colombia
• Norsk Jernbaneforbund gjev 650.000 kr til minerydding og demokratibygging i Colombia
• Mineryddinga og organisasjonsbygginga skjer i regi av Norsk Folkehjelp
• 40 prosent av landområda i Colombia er minelagt
• Folkehjelpa har vore aktive i Colombia dei siste ti åra
• Dei samarbeider med blant andre urfolk- og bondeorganisasjonar
• Det er inngått fredsavtale med den største opprørsgruppa, FARC
• Det er ingen avtale med den nest største gruppa, ELN, som blei starta av katolske prestar
Nettside: folkehjelp.no
Dette er en sak fra
Vi skriver om de ansatte i alle deler av jernbanen og busstransport.
Flere saker
Fredsprosessen i Colombia
• Norsk Jernbaneforbund gjev 650.000 kr til minerydding og demokratibygging i Colombia
• Mineryddinga og organisasjonsbygginga skjer i regi av Norsk Folkehjelp
• 40 prosent av landområda i Colombia er minelagt
• Folkehjelpa har vore aktive i Colombia dei siste ti åra
• Dei samarbeider med blant andre urfolk- og bondeorganisasjonar
• Det er inngått fredsavtale med den største opprørsgruppa, FARC
• Det er ingen avtale med den nest største gruppa, ELN, som blei starta av katolske prestar
Nettside: folkehjelp.no