JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Apply Leirvik på Stord

Døve Ruth (72) gjorde eit utradisjonelt yrkesval. Det har ho aldri angra på

Ruth Berntsen har trossa alle odds. Den døve 72-åringen er framleis i fullt arbeid som sveisar!
UREDD: Ruth Berntsen er 72 år og døv. Og i full jobb.

UREDD: Ruth Berntsen er 72 år og døv. Og i full jobb.

Håvard Sæbø

hanne@lomedia.no

Det er ei spretten sveiserinne som tek i mot oss på arbeidsplassen sin, Apply Leirvik si avdeling på Seglneset. Som ei småjente svinsar ho rundt og ser ikkje ut til å kjenne noko til alderen. Med unntak av ei vond skulder som sjukmelde ho eitt heilt år for 11 år sidan, så har ho vore frisk som ein fisk, og har stått på i arbeid og fritid.

Fagrørsla vart ikkje heilt i hundre då regjeringa utvida aldersgrensa til 72 år, men det var Ruth Berntsen. For då kunne ho halde fram i sveisarjobben ho likar så godt eit par år til.

Svenske rørleggere rundlurt av konkursrytter

Men no er det snart slutt. Ho reknar med å gå av med pensjon til sumaren, samtidig som mannen hennar går av. Han er òg født døv og er framleis i arbeid på lager etter eit langt arbeidsliv i byggebransen. Han er no 76 år gamal. Dei har planane klare, men det skal vi kome attende til.

På loffen i Amerika

Ruth vart altså født med berre 10 prosent høyrsel, men har stått på eit heilt arbeidsliv. Ho starta i hermetikkindustrien heime på Fitjar, men då den gjekk konkurs, fekk ho tilbod om sveisekurs – og takka ja. Ei tid var det sju kvinner som sveisa på Apply på Seglneset, mellom dei var óg dotter hennar, Anne Renate.

(Artikkelen fortsetter under bildet)

Mor Ruth og dotter Anne Renate Berntsen tok fagbrev samstundes på Leirvik Sveis i 1993. Opplæringskoordinator John Arild Gravdal var kry av dei. (Faksimile Haugesunds Avis)

Mor Ruth og dotter Anne Renate Berntsen tok fagbrev samstundes på Leirvik Sveis i 1993. Opplæringskoordinator John Arild Gravdal var kry av dei. (Faksimile Haugesunds Avis)

Håvard Sæbø

Dottera måtte gje seg som sveisar, og havna på kontor etter kvart, men Ruth Berntsen heldt ut i verkstadhallen.

– Det har vore fantastisk morosamt, sier ho.

Under intervjuet med Magasinet, er Anne Renate med for å sørgje for at vi ikkje misforstår kvarandre.

Ruth snakkar ganske tydeleg og med tonefall. Ho skjønar kva vi seier berre vi ser på kvarandre når vi snakkar og snakkar tydeleg.

Ho verkar ikkje vere redd for noko. Så uredde er ho og mannen at dei for nokre år sidan for av garde som ryggsekk-turistar rundt om i heile Sør-Amerika, heilt på eiga hand.

– Det var ikkje vanskeleg å greie seg der. Vi er gode på kroppsspråk, veit du, og bruker hendene når vi pratar, smiler ho.

Dette er snittlønna i over 300 yrker

(Artikkelen fortsetter under bildet)

ARBEIDSKAMERAT: Ruth Berntsen har eit godt forhold til arbeidskameratane sine. Her tok ho eit godt grep om Hoang Minh Le.

ARBEIDSKAMERAT: Ruth Berntsen har eit godt forhold til arbeidskameratane sine. Her tok ho eit godt grep om Hoang Minh Le.

Håvard Sæbø

Gler seg over nye ting

Ho fortel at det har vore et fint arbeidsliv i sveisehallen der ho har jobba sidan 1984. Ho har alltid gledd seg over nye oppgåver og nye verktøy. Det har vore ei utvikling heile tida.

– Det var til dømes lettare før då eg sveisa stål. Alumuniumen som vi driv på med no, er lunefull. Han vrir seg, seier ho og legg til at ho òg har hatt glede av reisejobbar og å bli kjent med nye folk.

Ho svinsar rundt i hallen i den raude kjeledressen og alle karane smiler og ler med. Og så syner ho oss modulen ho sveisar på nett no.

Klubbleiaren, Richard Storevik, er med denne dagen og fortel at han vart teken godt imot av Ruth då han kom til verksemda som ung lærling. Det gjekk ikkje ordentleg opp for han at ho var døv, før Ruth ba om å få ein døvetolk på klubbmøta.

Paradis på Finnskogen

Dottera fortel at korkje mora eller faren har ro i seg på fritida heller. Etter arbeid ber det heim til middag og eit kvarters middagskvil, før dei dreg til eitt av borna for å drive med bygging og hagearbeid.

For det er hagearbeid som er den store lidenskapen for dei båe. Og til sumaren skal dei gjere alvor av å flytte til det gamle huset dei har vøla og bygd på i lengre tid. Det ligg i Svullrya på Finnskogen, i nærleiken av staden der mannen hennar har sine røter.

Der har dei bygd opp ein flott hage med pergola med vindruer, rennande bekk og fine murar og ein blomsterprakt utan like. Dei har sjølvsagt drivhus, og dei har lagt stor vekt på å innreie med gjenbruksting. Dette paradiset skal ho ha glede av lenge, seier Ruth.

For mor hennar vart 99 år gamal, og det skal ho greie òg, lovar ho.

Sjølv etter eit langt og tungt arbeidsliv, er ho ved god helse.

– Nei, eg har ikkje vondt nokon plass. Berre om eg set meg ned. Då får eg ilt i ræva, seier 72-åringen og flirer så ho rister.

• Nesten ingen har tariffavtale på Youngstorget

• Måtte betale 170.000 for ubrukte hotellrom

Richard Storevik, klubbleiaren i Apply, skryt av korleis han vart motteken av Ruth då han kom som lærling til verksemda.

Richard Storevik, klubbleiaren i Apply, skryt av korleis han vart motteken av Ruth då han kom som lærling til verksemda.

Håvard Sæbø

PARADIS: I Svullrya på Finnskogen kjøpte Ruth Berntsen og mannen eit gamalt hus dei har bygd på og ut gjennom mange år. Og dei har lagd ein vakker hage på eigendomen som vert deira nye heim i løpet av sumaren.

PARADIS: I Svullrya på Finnskogen kjøpte Ruth Berntsen og mannen eit gamalt hus dei har bygd på og ut gjennom mange år. Og dei har lagd ein vakker hage på eigendomen som vert deira nye heim i løpet av sumaren.

privat

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse