JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Nordic Choice, Scandic, Thon Hotels:

Hotellkjedene droppar permitteringar: – Vi kunne ikkje fått ei betre nyheit no før jul, seier tilsette

Ingen blir permitterte i dei tre største hotellkjedene.
JUBLAR: Resepsjonist og hovudtillitsvald Ann Kristin Sletvold jublar for at Thon Hotels ikkje permitterer før jul.

JUBLAR: Resepsjonist og hovudtillitsvald Ann Kristin Sletvold jublar for at Thon Hotels ikkje permitterer før jul.

Håvard Sæbø

tormod@lomedia.no

Thon Hotels, Scandic og Nordic Choice – Norges største hotellkjeder – avblåser varsla masse-permitteringar på grunn av smitteverntiltaka frå regjeringa innført førre veke.

– Det kom nesten litt tårer. Vi kunne ikkje fått ei betre nyheit no før jul. No får mange sove godt, seier resepsjonist og hovudtillitsvald Ann Kristin Sletvold i Thon etter å ha fått meldinga.

– Det er heilt fantastisk. Eg får gåsehud på heile kroppen. Dette er årets julegåve, seier servitør og tillitsvald Anne Marie Andersen i Scandic rett etter eit møte med leiinga.

– Eg er kjempeglad for at vi slepp permitteringar. Det å gå inn i jula med permitteringar er noko av det verste som kunne skjedd, forklarer resepsjonist og konserntillitsvald Merethe Sutton i Choice.

Jan Markus er permittert for tredje gong: – Gjestar kjem bort og kondolerer

Fleire rundar med permitteringar

Dei tillitsvalde viser til at uvissa slit på dei hotell-tilsette som har gått gjennom fleire og lange rundar med permitteringar under pandemien. Hotell er allereie ein låglønnsbransje der dagpengar og reduserte inntekter rammar hardt.

– I bransjen vår er mange sambuarar og gifte, så ofte blir ein heil familie ramma. Folk klarer ikkje å halde fram sånn, meiner Andersen.

Dei tillitsvalde trur mange tilsette ikkje ville komme tilbake til bransjen dersom dei vart permitterte no, og at bransjen ville mista enda meir kompetanse.

– Bransjen vår slit framleis etter førre runde med permitteringar. Vi har så vidt fått det til å gå rundt med bemanninga vi har hatt frå sommaren og utover, og eg veit ikkje om vi ville hatt nok folk til å opne igjen med, seier Sletvold.

– Denne gongen hadde vi forsvinnande lite å gå på. Eg føler veldig med dei som ikkje har ei stor og sterk kjede i ryggen, seier Sutton.

Kalkulator: Korona-permittert eller arbeidslaus? Så mykje får du i dagpengar

Hotellkjedene snur

Choice og Thon var kritiske til lønnsstøtte-ordninga regjeringa la fram fredag etter krav frå blant andre LO og NHO, og hotellkjedene varsla at dei ikkje hadde anna val enn å permittere.

Scandic hadde allereie sendt permitteringsvarsel på grunn av dei strenge smitteverntiltaka frå myndigheitene.

Ap, Sp og SV på Stortinget vart måndag einige om å auke maksbeløpet i lønnsstøtte-ordninga frå 30.000 til 40.000 kroner i månaden per tilsett.

Det gjer at ordninga treffer betre, seier direktør Morten Thorvaldsen i Thon Hotel til NTB.

SV og regjeringen enige om lønnsstøtte: Øker maksbeløpet til 40.000 kroner

Scandic-sjef Asle Prestegard seier til NTB at dei trekker tilbake permitteringsvarsla for verne om kompetansen til dei tilsette, sånn at dei er klare til å ta i mot gjestar når etterspurnaden tar seg opp igjen.

Han er opptatt av at støtteordninga må vare så lenge smitteverntiltaka varar.

Choice-sjef Torgeir Silseth understrekar i ei pressemelding at hotellkjeda tar størstedelen av rekninga for å halde dei tilsette i jobb, og at han er skuffa over økonomiske tap som følge av smitteverntiltaka.

Han seier lønnsstøtta dekker rundt 35 prosent av lønnskostnadene, og at konsernet ikkje drar nytte av verken den generelle kompensasjonsordninga for bedrifter med fall i omsetnaden, eller den kommunale ordninga.

– Så eg vil ikkje gi regjeringa æra for at tilsette slepp å feire jul med klump i magen.

Gladmelding til 290 ansatte på Britannia hotell i Trondheim: Slipper å bli permittert rett før jul

Måtte vente lenge

Dei tillitsvalde er glade for lønnsstøtta, men er ikkje nøgd med kor lenge bransjen måtte vente før regjeringa la fram ordninga.

– Regjeringa har vore for seine. Dei burde stått klare med kompensasjonsordningane når dei stengde ned. Det verkar ikkje som dei har lært av forgjengarane sine, men går i same fella med seine og lite gjennomtenkte kompensasjonsordningar. Det skuffar meg, og skuffar ekstra når det er ei raudgrøn regjering som skal kjempe arbeidsfolk sin kamp, seier Merethe Sutton i Choice.

Fristen for å hente permitterte tilbake til jobb var først 21. desember, før den måndag vart utsette til 23. desember.

– Bedriftene har ikkje fått tid til å områ seg på. Spesielt i kjedene skal mykje reknast på, seier Ann Kristin Sletvold i Thon Hotels, og legg til at ho er einig i kravet om at bedriftene ikkje kan permittere nokon dersom dei skal få lønnsstøtte.

– Regjeringa har vore vinglete, og eg er totalt sett skuffa over måten dei har handtert nedstenginga på, seier Anne Marie Andersen i Scandic som gjerne skulle sett ei differensiering i skjenkestoppen sånn at restaurantane kunne berga delar av omsetnaden.

Warning
Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse