JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Dagpenge-kalkulator:

Kalkulator: Korona-permittert eller arbeidslaus? Så mykje får du i dagpengar

Her er det fellesskapet stiller opp med for permitterte og arbeidslause.

Hanna Skotheim / Colourbox / skjermdump

tormod@lomedia.no

Nok ein gong stenger bedrifter ned på grunna av strenge tiltak frå myndigheitene for å redusere korona-smitta.

Dermed blir mange tilsette permitterte og må leve på dagpengar frå Nav.

Men kor mykje får du i dagpengar? Det kan du finne ut gjennom å bruke dagpenge-kalkulatoren vår.

Les også: Får korona-permitterte mindre dagpengar no enn førre gong? Høgst sannsynleg ja

Så mykje får du i dagpengar

Dagpenge-kalkulatoren tar høgde for dei forbetra dagpenge-reglane som regjeringa har varsla at dei innfører igjen (sjå lengre ned i saka).

Og den viser kor mykje du skal ha i dagpengar frå Nav før skatt, også når du er delvis permittert eller arbeidslaus.

Finn ut kor mykje du skal ha i dagpengar her:

Dagpengekalkulator 3.0

* Arbeidsinntekta som dagpengane blir berekna ut frå, er lønna di dei siste 12 avslutta kalendermånadene, eller snittet dei siste 36 dersom det beløpet er større, ifølge folketrygdlova.

Dagpengar og fleire andre stønader frå Nav, blir også rekna med i arbeidsinntekta. Dagpengar blir derimot ikkje rekna som ein del av minsteinntekta du må ha hatt for å få dagpengar.

skatteetaten.no finn du oversikt over inntekta di.

** Vanleg arbeidstid er arbeidstida du hadde før du vart permittert eller arbeidslaus dersom arbeidstida har vært fast i minst seks månader, ifølge dagpengeforskrifta.

Dersom arbeidstida di har variert, er vanleg arbeidstid snittet av arbeidstida dei siste tolv månadene. Dersom du kan dokumentere arbeidstida, kan du også krevje at snittet av arbeidstimane dine dei siste 36 månadene skal gjelde.

Les også: Sju råd til deg som er arbeidsløs eller permittert

Dette er dagpenge-reglane

Det er mange forskjellige krav og reglar for dagpengar i folketrygdlova og dagpengeforskrifta.

Reglane som ligg til grunn for reknestykka i dagpenge-kalkulatoren, er mellombelse forbetringar i dagpenge-ordninga. Regjeringa har varsla at dei innfører igjen:

• Kravet til minsteinntekt på cirka 79.800 kroner (0,75 G) dei siste 12 avslutta kalendermånadene, eller omtrent 119.700 (2,25 G) i løpet av dei siste 36.

• Kravet til redusert arbeidstid på 40 prosent.

I tillegg blir denne regelen forlenga:

• 80 prosent dagpengar av delen inntekt opptil cirka 319.200 kroner (3 G), og 62,4 prosent av delen inntekt mellom denne summen og omtrent 638.400 kroner (6 G).

Desse dagpenge-reglane skal førebels gjelde ut februar 2022, opplyser regjeringa. Du kan lese meir om dei mange andre krava og reglane for dagpengar på nav.no.

Les også: Dette har permitterte og arbeidsløse krav på fra Nav nå

Warning
Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse