JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Dagpengar for permitterte:

Får korona-permitterte mindre dagpengar no enn førre gong? Høgst sannsynleg ja

Dei som har vore permitterte store delar av korona-pandemien, risikerer no 80 prosent av 80 prosent av tidlegare lønn i dagpengar.
Dagpengar vil vere ein stor del av dagpengegrunnlaget for dei som har vore korona-permitterte store delar av tida etter mars 2020.

Dagpengar vil vere ein stor del av dagpengegrunnlaget for dei som har vore korona-permitterte store delar av tida etter mars 2020.

Tormod Ytrehus

tormod@lomedia.no

Fleire bedrifter i hotell- og restaurantbransjen stenger no ned og permitterer tilsette. Grunnen er dei strenge smitteverntiltaka innført av myndigheitene førre veke.

Fleire har spurt: Vil dei som no blir korona-permitterte og har vore permitterte tidlegare, få mindre i dagpengar enn første gong dei vart permitterte?

Det er høgst sannsynleg, ifølge svaret frå fagavdelinga til Nav.

Dagpengar kan nemleg utgjere ein stor del av dagpengegrunnlaget for dei som har vore korona-permitterte store delar av tida etter mars 2020.

Les også: Sju råd til deg som er arbeidsløs eller permittert. Sjekk disse mulighetene

Søke dagpengar på nytt

Du må søke dagpengar på nytt – og få grunnlaget berekna på nytt – dersom den førre permitteringa di er avbroten. Det er i utgangspunktet opp til partane i arbeidslivet, svarer Nav.

Permitteringa er avbroten etter seks veker vanleg arbeid i jobben du vart permittert frå, ifølge Hovudavtala mellom LO og NHO.

Dagpengar av dagpengar

Dagpengane blir deretter berekna ut frå inntekt (lønn og dagpengar) anten dei siste 12 avslutta kalendermånadene, eller snittet dei siste 36 dersom det beløpet er større.

Kalkulator: Korona-permittert eller arbeidslaus? Så mykje får du i dagpengar

64 prosent av ei låg lønn

Under pandemien har dagpengane vore 80 prosent av delen inntekt under 319.200 kroner (3 G), og som normalt 62,4 prosent av delen inntekt opp til 638.400 kroner (6 G). Stortinget innførte den høgare satsen på den lågaste delen av inntekta i mars 2020, og regjeringa har forlenga den mellombelse regelen ut februar 2022.

Sette på spissen kan lågtlønt no risikere 64 prosent (80 prosent av 80 prosent) av lønna dei hadde før dei vart permitterte første gong i mars 2020.

Les også: Dette har permitterte og arbeidsløse krav på fra Nav nå

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse