JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Ferie og fridagar

Raude dagar i 2023: I år kan du få fleire fridagar enn i fjor

Langhelgar, inneklemte dagar og moglegheiter for meir samanhengande fri: Dette er årets raude dagar.
I år hamnar to fleire rauddagar på andre dagar enn laurdag og søndag, samanlikna med i fjor.

I år hamnar to fleire rauddagar på andre dagar enn laurdag og søndag, samanlikna med i fjor.

Tormod Ytrehus

tormod@lomedia.no

I år hamnar to fleire rauddagar på andre dagar enn laurdagar og søndagar, samanlikna med i fjor. I Norge har vi nemleg fem raude dagar (heilag- og høgtidsdagar) som kan hamne på ulike vekedagar.

Det påverkar kor mange dagar fri vi får frå jobben: På raude dagar skal som utgangspunkt alle ha fri. Men laurdag er jo uansett fridag for mange, og søndag er fridag for dei fleste.

Plasseringa av dei raude dagane opnar også opp for langhelger, inneklemte dagar og moglegheiter for meir samanhengande fri ved bruk av ferie og avspasering.

FriFagbevegelse har sjekka kalenderen for 2023, sånn at du slepp:

Raude dagar i 2023

Første nyttårsdag, 1. januar, var riktig nok på ein søndag. Men framover ser alt mykje betre ut:

• 1. mai, arbeidaranes dag, er på ein måndag i år. Du kan altså gå i 1. mai-tog som avslutting på ei langhelg.

• 17. mai, grunnlovsdagen, er på ein onsdag. Den blir etterfølgd av Kristi himmelfartsdag, 18. mai, som alltid er på ein torsdag. Fredag 19. mai er dermed ein svært inneklemt dag for mange. Her er det nemleg moglegheiter for fem dagar samanhengande fri ved bruk av ein ferie- eller avspaseringsdag.

• Første juledag, 25. desember, er i år på ein måndag. Dermed vil mange kunne ta julefri allereie frå og med vesle julaftan, laurdag 23. desember. Det fører til fire dagar samanhengande fri:

• Andre juledag, 26. desember, er naturleg nok på tysdag. Det treng heller ikkje å gå med så mange ferie- eller avspaseringsdagar for å få fri heile romjula 2023. Her er det faktisk moglegheiter for ti dagar samanhengande fri ved bruk av tre ekstra fridagar. Da har vi også rekna med første nyttårsdag 2024 som er på ein måndag.

PS.: Neste år skal alle raude dagar falle på andre dagar enn laurdagar og søndagar. Det er berre å glede seg.

Usikker på reglene for ferie? Her er 10 spørsmål og svar

Andre raude dagar i 2023

Dei andre raude dagane er på faste vekedagar kvart år, men datoane varierer. Dei kan gi fem dagar samanhengande fri i april – og ein inneklemt dag og ei langhelg i mai:

• Skjærtorsdag: torsdag 6. april

• Langfredag: fredag 7. april

• Første påskedag: søndag 9. april

• Andre påskedag: måndag 10. april

• Kristi himmelfartsdag: torsdag 18. mai

• Første pinsedag: søndag 28. mai

• Andre pinsedag: måndag 29. mai

Sjuk i ferien? Dette krevjast for at du får ny ferie med lønn

Fri med lønn på raude dagar

Hugs at tariff lønner seg, også når du har fri på raude dagar!

Lova seier berre at du har rett på fri med lønn på 1. og 17. mai.

Men med tariffavtale på jobben blir det andre bollar: Da har du som regel rett på fri med lønn på alle rauddagane.

Er hovudet framleis i feriemodus? Slik finn du igjen gløden på jobb

Warning
Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse